Nyheter

Vil du prøva nikaben min?

Den vennlege og omtenksame muslimske verten verkar ganske moderat. Kvifor vil han at kona skal skjula ansiktet?

Vil du prøva nikaben min, spør ho og ler sjenert. Me sit saman med henne og mannen i sofaen deira i ein liten palestinsk by. Ho ber alltid plagget ute – og heime når mannen har kameratar på besøk. Dei ertar han med å spørja korleis han kan kjenna henne igjen.

Eg ser bort på mannen. Denne vennlege og omtenksame muslimske verten verkar ganske moderat. Kvifor vil han at kona skal gå med nikab? Ute på gatene dekkjer berre eit lite mindretal ansiktet.

LES OGSÅ: I et forsøk på å forstå mennesket bak niqaben kjøpte jeg en hvit, brun og sort variant.

Definert av menn

Sjølvsagt vil eg prøva nikaben hennar, kjenna korleis det er å vera inni eit slikt plagg. Ho tar meg med inn på soverommet, opnar klesskapet og hjelper meg med mjuke og vennlege rørsler. Først får eg på hijaben, to trikot-halsar som dekkjer hovudet og halsen, og så ei lang kjolekåpe. Til sist bind ho nikaben rundt hovudet mitt: tre tynne, svarte chiffon-dukar hengjande frå ei snor.

Eg ser gjennom eit tynt slør i det ytterste laget, som skjuler auga heilt om ein vil. Ho slenger det bakover, og neste lag har ei lita glipe til auga. Eg er allereie glovarm då eg går inn i stova til dei andre. Me ler og fotograferer. Men nikab-kvinna eg får sjå på bilda er uendeleg framand. Ho ser ufri ut. Definert av menn. Eg tar raskt av plagga.

Mannen fortel at paret er invitert med på ein rundtur i Noreg til våren. Dei skal besøkja ein norsk venn, som har sagt tydeleg: Kom utan nikab. Ansiktssløret vil gi dei begge ei mykje dårlegare oppleving enn dei kunne fått utan. Me er enige.

– Vil politiet arrestera oss? Vil folk angripa oss på gata? spør dei.

– Nei, men nikaben kan gjera svært mange majoritetsnordmenn usikre og negativt innstilte, særleg på grunn av koplinga mellom nikab og ungdom som sympatiserer med ekstrem islamisme, seier eg.

LES OGSÅ: Enige om at nikab ikke skal brukes i skolen

Intifadaen

Me har lyst til at dei skal bli like godt tatt i mot i Noreg som me blir her. Samstundes kvernar tanken rundt inni meg: Kven er denne verten vår som har ei kone med nikab? Skjuler han ei fundamentalistisk side?

Under den første intifadaen (1987-1991), gjorde dei palestinske ungdommane to parallelle opprør, fortel han. Det eine var mot israelske makthavarar, det andre mot gamle palestinske tradisjonar, mellom anna tvangsekteskap og ansiktsslør. Saman med søskna sine greidde han å få mora til å kasta nikaben.

Arabiske kvinner har brukt ansiktsslør og masker i uminnelege tider. Sosialantropolog Unni Wikan fortel at maskene tradisjonelt var eit statussymbol for frie kvinner. Slavar fekk ikkje bruka dei. Mykje handlar om kva ein reknar som vakkert, og å beskytta huden mot sterk sol og aldring.

Verten vår seier nesten det same, «dette er ein gammal status-tradisjon og misforstått religion». Han fortel at nokre trur at ordet «khimar» i Koranen handlar å dekkja til ansiktet, men at det er heilt feil. Ordet kan berre bety å dekkja seg til nedover frå halsen, ikkje oppover, meiner han.

Kona hans begynte å bruka nikab då dei budde i ein annan landsby. Der var det religiøs mote. Mannen var overraska. – Ho er jo smart, seier han. Men eg ser at ho har ei blyg side, som nikaben sikkert appellerer til. Og ho har behalde ein uvanleg ung og vakker hud.

LES OGSÅ: Nå kan du skrive «nikab» på norsk

Får velja sjølv

Døtrene i huset sprudlar og snakkar livleg på engelsk med alle gjestene. Dei minste dansar for oss med stilige «moves». Dei eldste har på seg skaut, noko faren set pris på. Kva dei gjer når dei er på universitetet, bryr han seg ikkje om. Alle får velja studium og kven dei vil gifta seg med. Sjølv blei han og kona tvangsgifte som tenåringar.

Til våren går han kanskje langs eit norsk fortau saman med kona, om ikkje nikab-temaet blir så vanskeleg at dei held seg heime. – Eg er ikkje ein slik mann som bestemmer kva ho skal ha på seg, seier han.

Kanskje vil ein av dei ha på seg nikab, kanskje ikkje. Men ingen av dei er berre det ein ser.

Ann Kristin van Zijp Nilsen, kommunikasjonsleiar i Areopagos og redaktør for magasinet Tørst.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter