Utemte kroppsdelar

Hippiane forakta det konforme og bundne kvinneidealet. Dei skulle visst kva som kom seinare.

Reportasje

Idealkvinna ved byrjinga av 1960-talet var pen og velstelt som ein engelsk park. Mjuke kroppsdelar blei haldne hardt på plass av ein uunnverleg hoftehaldar og spiss behå under kardiganen. Håret var glattfrisert eller pynteleg sett opp. Frå fangeholet i dei spisse pumpsane skreik tærne hennar lydlaust om nåde. Lite ante dei at fridommen var rett rundt hjørnet.

Blusar og sandalar

Allereie i 1965 begynte dei første hippiane å dukka­ opp i Slottsparken, og i løpet av få år hadde­ blomebarna endra det store motebildet: Nå var det langt, utslått hår, vide blusar og flate sandalar. Brysta var også på frifot, etter at behåen var brent på protestbål mot kvinneundertrykkjande tvangs-
trøyer. Estetikken i «flower power» var «tilbake til naturen» – til det utemde og ville, ikkje prydbuskar og parkar. Nå var ikkje idealkvinna attraktiv på trass av ein naturleg kropp i fri dressur, behagelege klede og skor, men på grunn av det.

KOMMENTAR: Viser seg ikke ­nakne i dusjen etter gymtimen - deler nakenbilder på nett

Sommerkroppen før

Det konforme og bundne kvinneidealet som hippiegenerasjonen forakta var nesten laussleppt samanlikna med det som rår nå. Berre ta ein kikk i gamle familiealbum og sjå kva sommarkroppar folk viste fram og blei fotograferte med, lenge før hippiane kom. Nå skjemmest me i fellesgarderobar og på stranda over alt som ikkje er hardt, glatt eller stramt.

Ettertida vil stussa over at me nordmenn i 2016 brukte så mange krefter på å vera misnøgde med korleis kroppane våre såg ut, i ein tidsalder der så mange av oss hadde friske nok kroppar, nok mat og fritid til å ha eit skikkeleg godt liv med desse kroppane.


Det er ikkje nok med hoftehaldarar og spisse behåar lenger.

Ann Kristin van Zijp Nilsen


Lite å tjene på de fornøyde

Men eigentleg er det ikkje så rart. Det er forferdeleg lite pengar å tena på menneske som lar kroppane sine vera naturlege. Så den store mote- og skjønnheits-maskinen har greidd å finna stadig nye vegar inn til djupt menneskelege ønskje om å vera attraktiv og vital, og til kjensler som skam og redsle for avvising. Dei siste tiåra har den kosmetiske industrien greidd å gjera det naturlege stadig meir unormalt. Saman med andre som vil gjera pengar, har dei skapt ein utsjånadskultur, der blikket på mennesket er meir estetiserande enn nokon gong.

KOMMENTAR: Å kle av seg for å bekjempe kroppspress er som å bli kvitt pollenallergi ved å plante flere bjørketrær.

Ifølgje naturen sin evige trendbibel, har kvinne-
kroppen delar som er mjuke, dissande og som blir påverka av tyngdekrafta. Han seier også at hud har ujamn farge, nokre eller mange humpar og blir påverka av bruk – for eksempel smiling og bekymring. Ikkje noko av dette har innverknad på funksjonaliteten. Men dei kommersielle trendane får stadig fleire norske kvinner til å gjera kosmetiske inngrep. Det er ikkje nok med hoftehaldarar og spisse behåar lenger, nå er det kroppen sjølv som skal strammast opp frå utsida eller fyllast ut frå innsida.

KOMMENTAR: Så syk er bloggkulturen

Fanget

Nyleg gjorde eg ei spørjeundersøkjing hjå eit mannleg individ tidleg i tjueåra, om kva som var mest attraktivt på eit aldrande kvinneansikt: Botox-­glatt og stramt med redusert mimikk eller rynkete med normal mimikk. Med tanke på hans eige glatte ansikt, var eg usikker på svaret. Så sa han: «Sjølvsagt ho som er rynkete. Ho med stramt ansikt ser fanga ut. Det ser så trangt ut der inne.»

Sjølv er eg er eit ekte barn av hippie-generasjonen, fødd i kvinneåret 1975. Men kan eg garantera­ at eg aldri vil la ei Botox-sprøyte komma i nærleiken av fjeset mitt? Viss absolutt alle kvinner på min alder ser ut som ei glinsande plomme i ansiktet, når me er gamle: Kven vil sjå ut som ei 
sviske då?

Les mer om mer disse temaene:

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje