Nyheter

Til minne om ein død hamster

Julius ligg stille, på sida. Dei små labbane er lett krølla saman.

Seint ein kveld oppdagar vi at hamsteren Julius ligg på botnen av buret. Han er død. Vi blir ståande og kikke ned på dette vesle dyret som har vore hos oss i underkant av to år. Vi er forfjamsa og vonbrotne. Han var eit slags kompromiss mellom hund og undulat, men det visste han aldri. Julius var berre seg sjølv, vennleg og nyfiken, eit lite pelskledd dyr i bur som aldri gjorde så mykje ut av seg.

Dødens sjokk

Same kor skånsamt bodskapen blir formidla neste morgon, er døden alltid eit sjokk. Niåringen i huset er den rettmessige eigar av hamsteren. Ho kan ikkje tru at det eg seier er sant.

– Er han død? spør ho og forsvinn under dyna. Så sprett ho fram igjen, med tårevåte auge: – Er han verkeleg død? Men han levde jo i går?

– Ja, han levde i går men i dag er han altså død.

LES OGSÅ: Du kan ha arvet dine besteforeldres traumer

Eg prøver å trøyste, på fattig vis.

Vi står framfor buret og ser på Julius som ligg stille, på sida. Dei små labbane er lett krølla saman.

– Det ser ikkje ut som om det har vore nokon kamp, seier eg.

Kamp? spør storebror som no har kome til.

– Det eg meiner er at det var ingen fiendar! Eg tipper at han har følt seg dårleg, han har søkt ned på bakken for å grave seg ned og så har hjartet stoppa!

Han ser fredfull ut.

LES OGSÅ: Slik begynte vi å snakke med barna om døden

Gravferda i hagen

Døden opnar for mange spørsmål, ikkje minst kva vi gjer med den døde. Vi kan ordne det etter skuletid, vi grev han ned, nedst i hagen, føreslår eg.

– Men vi skal ha skikkeleg gravferd! Eg vil invitere bestemor og farfar, og vi skal ha songar og dikt, seier niåringen.

– Og ei pappeske!

– Vil han verkeleg like å ligge i jorda? spør storebror, sakte og borande.

Ja, kven kan svare på kva Julius vil eller er no. Er han berre borte eller er han ein stad bortanfor det borte? Finst det ein slags hamster-mytologi? Ein slags åndehimmel for dei evige dyr?

LES OGSÅ KOMMENTAREN: «Vi var rause om døden»

Her hviler Julius, en hyggelig fyr,

nå trasker han rundt blant de evige dyr.

Etter skuletid deltar barna i nabolaget i førebuingane. Døden blir diskutert på nytt. Vi lagar nye linjer til diktet:

Hvem kan svare på livets gåte?

Noen ganger må vi le, andre ganger bare gråte.

Døden er min fiende

Spørsmåla hopar seg opp gjennom dagen. Niåringen kan knapt gjere lekser, lamma av sorg.

Kva er eit dyr verdt? Kor mange tårer? Kor stor pappeske? Kor mange roser skal han få?

Eg har aldri orka for mykje dill rundt kjæledyr, og eg likar ikkje at vi latar som om vi er fortrulege med døden. Døden er min fiende, tenker eg, han er fienden til alle eg kjenner og er glade i. Men han gjeld oss alle, både hamster og folk!

Vi er alle litt små i det store,

om vi bor i byen eller langt ut på et jorde.

Nabojenta rekk ikkje gravferda, ho er på trening. Så det er vi, den nære familie, som legg Julius i jorda den kvelden. Her får han blomster og litt sagflis med på ferda.

– Vil han rotne? spør storebror.

Han må vente på svar, for niåringen er i gang med dikt og tale. Ho takkar Julius, ømt og direkte.

Et bur er tomt, et hjul står stille,

det var jo ikke dette vi ville!

LES OGSÅ: «Frykta for helvetes lidingar før eg hamna på ein kristen folkehøgskule»

I det vanlege overser vi kor unikt det er, alt som lever i og rundt oss, men døden skakar. Ein naudsynt fiende, er det det døden er, noko som fortener respekt og seremoniar?

Takk for alt du ga lille venn,

uten noe mer om og men.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter