Nyheter

Sjokk, glede og nærstudium

Livet med barn har lært meg at ord som frivillig og uavhengig ikkje lenger gir meining.

Må ein få barn for å bli lukkeleg, eller blir ein lukkelegare av å la vere? Det er godt at det blir større rom for å velje ulikt, også det å velje bort barn. Det blir òg ymta frampå om at vi som har fått barn angrar. Anger er ei allmennmenneskeleg kjensle som kven som helst kan kjenne på.

Det som er langt meir forvirrande er den flittige bruken av omgrepa frivillig og uavhengig. Her er nokre ord som for meg gir langt større meining:

Nærstudium

Frå den bundne barndomen stig ein ut og opp, ein er vaksen og fri. Ein sit på toppen av ei rekke uavhengige band og moglegheiter. Men tida, den sniken, høgg inn i alle ting. Og når ein får barn fell ein ned i ei grop full av det ein trur er heilt vanlege ting.

LES OGSÅ: Destinasjon: Tøyen

Men den finst ikkje vanlege ting. Det finst ein skulesekk, eitt penal, ein matboks, lommer her og der, samankrølla papir­lappar, frynsete draumar, og alt dette har eit unikt og særeigent innhald som snakkar på sitt eige vis om sin eigar og hans måte å vere til på.

Omsorg

Psykologar seier vi brukar mykje tid på å tenke på våre ulevde liv: korleis livet kunne ha blitt viss … Og at dette gapet mellom våre levde og ulevde liv gjer oss slitne og desperate. Det gode med å få barn er at ein knapt rekk å tenke så sterkt på alle desse ulevde liva, for ein må hente, handle, koke, hjelpe, stryke, trøyste, pusse, klemme og synge natta-songar.

Gleder og sorger

Barn kjem med gleder, men dei kjem også med bodskap om sorg. For heretter er du ganske martra og øydelagt på innsida når du har gått frå dei og dei ikkje har det bra. Og det kan jo vere at du får eit barn som ofte ikkje har det så godt. Då blir det endå verre.

LES KOMMENTAREN: Friskoler eller privatskoler?

Og du kikkar ut vindauget og vil skrike til alle som går forbi: «Eg får det ikkje til!» Du har blitt som eit barn sjølv: sårbar, liten og dårleg til å gjere vaksenting.

Offer

Å vere uavhengig og handle fritt er bra! Men det hender at ein blir ramma av ei djup og bindande forankring til eit anna menneske, stort eller lite. Og denne andre ber med seg løyndommar du ikkje anar kva er. Sakte stig dei til overflata, fine, spanande greier, snorer og gåter, men også irriterande, vanskelege og krevjande ting.

Difor er det sant når det blir sagt at i alle forpliktande forhold kjem ein til å døy mange gonger. Slik er det også i livet med barn. Eins eigne behov er lite verdt der du står bøygd over eit skrikande, trengande barn. Kanskje skrik du også tilbake, i avmakt og skam.

Kjærleik

Livet kan ikkje reduserast til ei rekke val. Same kor skreddarsydd ein ser det for seg. Heldigvis. Eg kjenner stadig bittesmå hender mot kinnet. Eg vil alltid hugse dei overraskande sterke klemmane frå dei tynne armane, dei usikre stega, blikket eg fekk den første skuledagen. Og med eitt er dei små hendene heilt annleis og blikket blir retta mot andre.

Sjokk

Barn er svært dårlege garantistar for ­lukke. Det er ikkje difor dei er her. Derimot kan livet med barn vere noko sjokkarta. Og barndommen som ein no møter på nytt: Frykta for det ukjende, alle blåkulane og nederlaga.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Men også det gode kjem tilbake; gleda, appetitten og nyfikna. Og eg har kyssa eit lite barn på magen til det har skratta av glede, då surfa sjelene våre saman i full fart, som om vi var på veg til sjølve himmelen.

Nåde

Det finst ei eiga ro i hus med barn som søv. Det visste eg ikkje.

Frykt

Eg høyrer barn som seier dei må bli betre. Vil dei nokon gong bli bra nok? Eg fryktar at berre dei som er sikre på å få det til, tør å få barn. For ingen får det til, men vi kan, og vi blir elska likevel. Akkurat det er stort og ikkje til å gripe.

Laura Djupvik er forlagsredaktør og forfattar

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter