Nyheter

Opn skapet og analyser!

Mitt forsvunne «eg», og alle dei andre tinga eg ikkje kan finne.

Eg las ein gong ei bok med tittelen Ditt ryddige jeg. Sidan fann eg ho aldri igjen. Gav eg ho bort midt i lesinga? Lånte eg ho bort? Eller … rota eg ho bort? Mest truleg det siste.

Trass i dei mange åra som har gått (og alt rotet eg har kjempa med) sidan eg las i boka, hugsar eg dette: Forfattaren hadde sjølv vore ein rotekopp, ho lærte først orden då ho fann ut kva prinsipp som gjaldt og bodskapen var optimistisk: Alle kan!

LES OGSÅ: – Vi kastet ut badevekten, sier Signe Lippestad

Fast plass

Prinsippet som hadde gjort det mogleg for henne å lære å rydde, skrive bok om det, er den enkle greia om at alt må ha ein fast plass. Og før du får til noko av dette, i din eigen heim, på din eigen arbeidsplass, i din eigen sekk, må du analysere korleis situasjonen er no. Det er vel i denne analysen om korleis ting er akkurat no, eg stadig driv rundt.

Mitt ryddige eg har ikkje blitt nokon integrert del av min personlegdom. Ikkje enno! Livet har så mange interessante sider, det meste er meir spanande enn å finne ein plass til alle moglege små ting som heile tida dukkar opp. Men eg må innrømme: Mykje tid har gått med til å leite etter småting. Eg leiter til og med i søvne. Eg kan vakne om morgonen med ei nær «eg fann igjen»-oppleving. Og han eg er gift med, som elskar orden, er heller ingen ivrig ryddar. Men sjuåringen i huset viser seg å vere skrudd i hop på ein annan måte. Når ein fridag ventar, spør sjuåringen håpefullt: «Kan vi rydde, ver så snill?

LES OGSÅ: «Slik får vendingen «klokkene ringer for deg» helt ny valør», skriver Håvard Nyhus

Gira

Sjuåringen, som må ha lest interiørblad i smug, vil ha reine flater. Så vi ryddar. «I dag tar vi kjøleskapet» seier eg. «Hurra.» Vi vert gira begge to. «Utruleg kva rydd og vask kan bety», seier eg. Sjuåringen nikkar, straks klar for neste prosjekt. Og når eg er tilbake på kjøkkenet heng det gule lappar på skuffar og kjøkkenskap som ikkje er ordentleg lukka med påskrifta: «Bot». Som i parkeringsbot.

Etter leggetid kan eg slappe av, «rote» og jobbe med mine ting. Men neste morgon er det krise og sinte rop frå stova. Bøkene mine, notatar, pc og blyantar ligg utover bordet. Skamfull raskar eg alt saman og tar det med på «rommet mitt», her flyt det frå før. Det er derfor eg ikkje klarer å jobbe her og gjerne vil sitje midt i stova. Det er bra for kreativiteten å flytte litt på seg, mumlar eg.

Men dommen frå sjuåringen er hard: «Dette er bare helt krise!»

LES OGSÅ: «Skal vi si ja til miniskjørt i 20 minus?» spør Rebekka Joswig

Følg oss på Facebook og Twitter!

Analysen

Vi ryddar og ryddar, men rotet flyttar på seg. Det er no eg hugsar på Ditt ryddige jeg.

«Vi må analysere», seier eg, «vi må finne ut kva som funkar og kva som ikkje funkar.»

For det er alltid noko som er bra, same kor håplaus situasjonen er, det hugsar eg frå boka.

Opn skapdørene og analysér! Kva finn du? Kanskje skuffen med undertøy er ok i eit elles dysfunksjonelt skap? Erkjenn at du har lukkast med skjortene! Kanskje er det det dumme skapet det er noko gale med? For det må vere ein grunn til at du ikkje legg ting på plass! (Du er ikkje lat, det er ikkje noko gale med deg!) Men når vi har for mykje, eig for mang ting? Kva då?

Det heile skriv seg ned til vanskane med å handtere ei aukande mengde av jordisk gods. Og dette skaffar vi oss, sjølv om vi mest druknar i ting. No finst det haugar av bloggar og bøker som gjerne vil hjelpe oss i vår veksande mengde av ting!

LES OGSÅ: «Det var nok en upersonlig hotellfrokost», skriver Tomas Sjödin

Ikke nok plass

Forfattaren av boka om rot, Julie Morgenstern, har òg skrive om tid. Det heng saman, seier ho. Ein må tenke om tid som om plass. Tenk på døgnet som eit klesskap. Det blir ikkje meir tid fordi om eg puttar fleire ting inn i døgnet. Alt du skal gjere må uansett ha plass nok. Ofte undervurderer vi kor lang tid ting tar, seier forfattaren.

Ei stråle av innsikt. Der er ikkje skapplass nok til alt eg skal gjere. Eg innbiller meg alltid at det er mogleg å putte meir inn i det skapet enn det er timar i eit døgn. Og dermed blir det ikkje tid til å rydde!

LES FLERE GJESTER

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter