Meninger

Noreg for bindestreksnordmenn

Tida inne for å kasta ord som «norsk-pakistanar» ut av Det norske huset.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Me kallar oss nordmenn, me, sa legen Wasim­ Zahid og politikaren Abid Q. Raja, då Aftenposten intervjua dei saman­ i 2006. Det har ikkje hindra­ media og storsamfunnet å halda fram med å kalla­ dei norsk-pakistanarar i ti år til. Det er ikkje nok at begge er fødde i Oslo, snakkar norsk med barna sine og at liva deira liknar meir på livet til majoritets­naboen deira i Bærum enn det mitt gjer. Det skal meir til.

I USA blir du rekna som amerikanar i det du får statsborgarskap. Det tar mellom eit halvt og tre år for innvandrarar. Viss du har komme dit frå Pakistan, er du «Pakistani American». Ein bindestreks-amerikanar, men først og fremst amerikanar.

Viss du emigrerer til Noreg som pakistanar, er sjansen stor for at du blir sett på som pakistanar også etter at du har fått norsk pass. Barnet du får, blir ein norsk-pakistanar. Aldri pakistansk-nordmann. Aldri først og fremst nordmann.

LES MIN TRO MED WASIM ZAHID: I ukjent farvann

Vilje til å bli norsk

«Jeg pleier å si at for å bli akseptert som nordmann, må det aller første steget være at man selv føler seg norsk og betrakter Norge som sitt hjemland,» uttalte skribenten Usman Rana like før 17. mai i fjor. Han meiner at minoritetsgrupper må utforska tradisjonell norsk kultur og identifisera seg med norske symbol, som det norske flagget og 17. mai.

Dei fleste majoritetsnordmenn vil nikka anerkjennande til Rana sine tankar. Viljen til å bli norsk må liggja til grunn for norskheit. Det er berre det at den viljen slepp majoritetsnordmenn å ha. Eg kan utforska alle mulege identitetar, men den nasjonale­ vil vera klistra til meg uansett.

LES OGSÅ: Usman Rana kjemper for å være norsk muslim

For sterkt krydra

Rett nok har eg eit etternamn frå ein nederlandsk bestefar, men det blir berre sett på som litt interessant krydder – kanelen på grauten. Min trans- nasjonale bakgrunn er ikkje til hinder for norskheit. Men det blir altså den transnasjonale identiteten til folk som Zahid, Raja og Rana. Den er for sterkt krydra. Dei har namn som ikkje er innarbeidde her og ein ikkje-nordisk utsjånad. Wasim Zahid er ikkje-truande, og har altså eit typisk norsk livssyn. Men det hjelper han ikkje ut av den norsk-pakistanske båsen. Det er altså ikkje nok å vilja vera norsk eller sjå på seg sjølv som nordmann. Kanskje særleg når ein er muslim.

Hadde eg konvertert til islam og tatt på skaut, kunne norskheita mi bli sett på spel i mange samanhengar­. Mange ser på det å vera muslim som noko grunnleggjande unorsk. Men når dei pustar djupt, slepp ned skuldrene og tenkjer over at Noreg er eit demokrati med religionsfridom, ser dei at dette er irrasjonelt tøv. Dei forstår at dette handlar om følelsar.

Me kan føla at norsk identitet er noko smått og utryddingstrua, som blir trua av eit større mangfald. Eller me kan, som amerikanarane, føla at vår nasjonale identitet har ekspansiv kraft og blir større og sterkare av å famna over meir.

Språk kan hindra integrering

Følelsar kan endrast av språk. Språk skapar røynd, og me kan skapa språk. I mange tilfelle må me innføra meir komplisert språkbruk, for å unngå diskriminering. Det er kjappare å seia «neger» enn «afro-amerikanar», men det enkle er ikkje alltid det beste.

Språk kan hindra integrering og det kan bidra til det. Orda våre kan byggja opp under fellesskap – eller utanforskap. Mange språkmedvitne grep er gjort både i offentlege og private samanhengar, i media og organisasjonar dei siste ti åra. Nå er tida inne for å kasta ord som «norsk-pakistanar» ut av Det norske huset. Me kan jo begynna med å bruka «pakistansk-nordmann», til det blir for slitsamt å kalla nye generasjonar nordmenn for slikt.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Meninger