Nyheter

Mitt årlege julebrev

Kjære tante /onkel/syskjenborn /venn/venninne og eigentleg alle andre! Stryk det som ikkje passar.

Laura Djupvik, forfattar og forlagsredaktør


Her hos oss er alt berre bra!

Det vil seie, eg er lei av å henge meg opp i detaljar og konkludere med alt som ikkje er heilt bra, så eg slår det berre fast, utan noko meir om og men: Vi har det bra, altså sånn midt på treet.

Apropos tre. Eg ventar akkurat no på at mannen skal komme med treet. Han har snakka lenge om dette, at i år skal vi ikkje vere seine, like fullt er han først no ute for å finne eit tre. Men han har til dags dato aldri svikta i alle fall ikkje når det gjeld juletre, han har alltid funne eitt, til slutt. Så det kjem nok.

Dette med stress i førjulstida ser ut til å vere eit stort problem for mange. Psykologar rykkar ut og åtvarar. Men uansett kvar eg no snur meg seier folk det same:

Eg har ikkje stressa

Ikkje stress, det blir jul uansett. Det finst viktigare ting enn nyvaska golv, reinsa pipe og pussa sølvtøy og den slags. Nemleg, humøret og sjelefreden. Dette er ei innsikt eg har tatt til meg, men det gjeld nok ikkje alle. For same kor ofte dette blir gjentatt, verker det som om folk har denne trongen til å stresse før jul.

Eg har ikkje stressa, eg er ikkje stressa, eg gler meg til å ete pinnekjøtt og sjå ungane lyse opp når dei opnar pakkar. Så er heller ikkje huset noko utstillingsvindauge for julemagasina. Ja, kva er vel viktigare enn å halde på humøret, spør eg då med eit kvast smil om munnen.

Dette med å ikkje stresse får nokre konsekvensar. Til dømes ser det ut som om barna har slutta å vekse. På julekortet er dei omlag like store i år som i fjor, ja, om de er ein av dei heldige som fekk kort då. Det var jo mange som ikkje fekk, av di eg som vanleg var for seint ute, så eg har julekort for år framover, i fantasien får de legge på ti cm på kvar unge.

Eg får av og til spørsmålet kvar vi skal i jula. Om vi skal finne på noko spanande? Vi skal ingen stader, seier eg då. I år skal vi, som vanleg, gjere som vanleg, vi skal ha pinnekjøtt. Vi blir her. Spaninga stig i det vi riv av alt gåvepapiret. Og ikkje minst om freden varer julekvelden ut. Livet blir enklare berre ved å la det vere som det. Det kan vere at det er reaksjonært å følgje tradisjonen, men det får heller vere.

Juleklokka ringer inn

Av nyttårsforsett kjenner de meg. Det er som i fjor og året før, heller ikkje det er noko nytt og revolusjonerande: Eg skal bli langt tydelegare og dristigare på veg inn i rundkøyringar.

Vi er veldig leie oss for at vi ikkje fekk besøkt deg /dine/dykk, men året gjekk så fort. Ja, eg veit eg skreiv det same i fjor, men så har også dette året gått minst like fort som det førre.

I det juleklokka no ringer inn, er det noko som ringer inne i meg også. Ei slags erkjenning. Av nye eigenskapar, trur eg nok eg har blitt sluare det siste året. Eg beklagar det ikkje.

No skal eg ikkje gå for langt inn i dette å vedkjenne synder, men stadig oftare får eg den følelsen av at det er syndene som reddar oss. Eg lurer på om ikkje synd og frelse heng tettare saman enn eg har trudd, ja, at dei rett og slett kan bytte plass ... Den må de gjerne grunne på utover i romjula. Vi kan snakke meir om dette neste år.

God jul!

Kva dette har å seie for mi åndelege utvikling kan ein undre seg over, eg vil trur det går bra. Det er uansett ei god tid for oss uperfekte, berre så rart at ikkje fleire ser det: Jula har blitt overkommeleg for den som gir litt f. Orsak.

No ventar eg berre på at treet skal komme inn døra her. Og mannen.

Ta vare på kvarandre! Eg kjem ikkje på noko viktigare å seie, eigentleg. Og god jul!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter