Nyheter

Kven tør du tru at du er?

Tru kan flytte fjell, seier somme. Om ein berre hugsar at det er ein metafor, er det sant.

Laura Djupvik,

Forlagsredaktør og forfattar

Det finst to heilt ulike måtar å tenke om seg sjølv på. Med den eine måten hevdar ein å akseptere alt slik det er og gjerne kalle dette for realitetar, for så å konkludere med at noko særleg endring ikkje er mogleg. Slik er livet, slik er eg. Når eg tenker slik, føler eg meg ofte ansvarleg, klok, litt vestnorsk og pietistisk. Ofte får pessimisten her litt rett også.

Den andre tenkemåten er annleis. Her er endring absolutt mogleg. Ein fornektar heller ikkje realitetane, men hevdar heller at ein ikkje helt veit kva realitetane er. Ein er varsam med å konkludere med eit «slik er det», tankemåten er utforskande. Å oppdage skilnaden mellom desse er som å reise mellom to ulike land. Gjett kva for eit som gir mest glede og utvikling?

Å finne ut korleis ein sjølv tenker, djupast sett, er lærerikt og viktig. Måten vi tenker om oss sjølve på, har enorm betyding for kven vi blir. Idear er mektig­ materiale. Tru kan flytte fjell, seier somme. Om ein berre hugsar at det er ein metafor, er det sant.

Då den amerikanske psykologen Carol Dweck undersøkte kor ulikt studentar opplevde feil og nederlag, forstod ho at det botnar i to ulike måtar å tenke på. Og ikkje minst: Kor store konsekvensar dette får for kvar enkelt. Meir presist: Ho undersøkte­ krafta i våre medvitne og umedvitne førestillingar.

LES OGSÅ: Flere voksesmerter i «Unge lovende»

Ei av dei sterkaste førestillingane vi har om oss sjølve, er knytt til personlegdom. Ein fiksert, fast tenkemåte (fixed mindset) går ut i frå at vår personlegdom, intelligens og eigenskapar er statiske, gitt ein gong for alle. Mens den andre måten er prega av vekst og utvikling (growth mindset) og vil søke utfordringar. Å arbeide med ting som ikkje let seg løyse, skapar ikkje nederlag, men utløyser eit enno ikkje. Ein feil blir ikkje då definerande for kven ein er, men ein del av ei utvikling.

Dweck, som har arbeidd både med vaksne og barn, forstod at ein med eit fiksert tenkesett heile­ tida vil søke ei stadfesting på personlegdom eller­ intelligens. Korleis blir eg oppfatta no? Vil eg lukkast­ eller misslukkast? Det andre perspektivet gir eit anna fokus: Det seier at alle har potensiale for vekst. Alltid. Det betyr jo ikkje, ifølgje Dweck, at alle kan bli Beethoven eller Einstein, men at det sanne potensial til kvar enkelt enno ikkje er kjent eller avdekka. Vi veit ikkje heilt kven vi er! Vekst-måten å tenke på skapar trong til å lære meir, heller ein eit stadig behov for å bli stadfesta.

Bodskapen frå Dweck har fått stor innverknad og mange disiplar gjennom åra. For mange er dette kjent stoff. Like fullt er mange av oss berarar av ein fiksert tenkemåte, gjerne umedvite. Det dramatiske er: Måten vi tenker på går i arv, pregar ein barndom og eit liv.

På eit foreldremøte bad rektor oss vere merksame på kor lett vi overfører negative sjølvbilete til barna. Det gjorde ho rett i. Ho viste ein illustrasjon som viste skilnadane mellom dei to tenkemåtane (fixed mindset og growth mindset).

Om ein til dømes seier: Eg var heller ikkje flink i matematikk, som ei slags tenkt trøyst for ungen som slit med matteleksa, stadfestar ein eit fixed tankesett. Som om det å lære matematikk er eit anten-eller.

I bølgja av bedehus-nostalgi og flørting med pietismen­ som dukkar opp innimellom, vil eg minne­ om at den same kulturen med sitt synde-fokus òg har formidla eit svært negativt menneskesyn. Eit sjølvgranskande og fiksert tankesett har vore vidareført, gjerne umedvite. Det blir ikkje borte sjælv om ein har slutta å arrangere basar. Det du ber inni deg, forsvinn ikkje sjølv om åra går. Det kan endrast medvite, om ein øver seg. Om ikkje anna så for å gi barna ein lettare arv.

LES OGSÅ: Gud som amerikaner

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter