Nyheter

Kjøttfri jul

I andre enden av toglinja venter lukta av pinnekjøt, den sterke røyk-søte lukta av barndomsjul. Men eg har ikkje ete pinnekjøt på 12 år.

Bilde 1 av 2

Mailiss Solheim, teolog og veganar

I dag har dagen endeleg kome, den ­dagen eg set meg på toget frå Oslo til Bergen. Er på veg heim til kjærast, familie og vener. I andre enden av toglinja venter lukta av pinnekjøt, den sterke røyk-søte lukta av barndomsjul. Men eg har ikkje ete pinnekjøt på 12 år.

I tenåra valde eg å verta vegetarianar, og har sidan tatt steget vidare til ein livsstil heilt utan animalske produkt korkje i matvegen eller andre settingar. Eg er veganar, og gler meg storvegs til mamma sin heimelaga nøttesteik. Og eg gler meg til enno ein gong å feire jul utan dårleg samvit, for korkje dyra, miljøet eller helsa.

LES OGSÅ: Vårt kommersialiserte samfunn gjer enno ein gong dei fattigaste fattigast

Frie individ

Det er mange grunnar til at folk vel ein kjøtfri livsstil. For mange­ handlar det om dyrevern. For mange­ handlar det om miljø. Og for ein del handlar det om helse. Dei siste åra har det vorte «trendy» å velje bort kjøt og andre animalske produkt, men for få år sidan var det framleis vanskeleg å verte forstått e­ller få tak i alle dei «sære» produkta vi veganarar brukar. Eg har vore heldig, og har nesten heile vegen fått støtte og aksept frå familie og dei rundt meg, men eg veit at mange andre slit med å verte godteke for sine kjøtfrie val.

For meg byrja det med dyrevern. Eg har så lenge eg kan hugse sett på dyr som eigne, frie individ. Og dermed sett spørsmålsteikn ved vår rett til å utnytte­ desse frie individa. Etter nokre år i miljørørsl­a oppdaga eg også den store miljø- og ­klimagevinsten det er å kutte ned på, ­eller heilt eliminere, inntaket av animalia. 
Dyra vert fora med kraftfor som inneheld store delar regnskog-soya. Ein ­soya-produksjon som går utover regn-skog­bestanden.

Det trengs mykje energi og vassfor­syningar for å drive stort og kommer­sielt dyrehald. I alle ledd av produksjonen kjem det transport og dermed klimagass­utslepp. Kjøtt-, egg- og mjølkeproduksjon er med andre ord ein klimasversting! Eg har lagt frå meg utopien om ei verd der ingen brukar produkt som kjem frå dyr, men eg meiner samstundes at vi i Vesten har eit særdeles stort ansvar for å minske vårt overforbruk av mat som går utover verdas berekraft.

LES OGSÅ: Horror, gørr og klovnestrekar

Nøttesteik

Så, attende til jula og kjøtfrie alternativ. Kvart år drar foreldra mine til Voss for å kjøpe pinnekjøt. Dei har gjort det til ein triveleg førjulstradisjon dei set høgt. Og for å inkludere meg, sjølv om eg bur i ein annan by og aldri deltar på utflukta, kjøper mor mi dei heilt vanlege nøttene same plass.

I andre enden av dagens togtur, og eit par dagar fram i tid, står ein smaksfull, saftig nøttesteik i omnen og ventar på å verta servert. Eit kjapt googlesøk gir deg haugevis av oppskrifter å velje mellom, og det er lett å lage. Eg må innrømme at eg sjeldan har laga nøttesteik sjølv, for mor mi har monopol på kjøkkenet i jula, og eg kan sjå på Tre nøtter til Askepott, medan ho diskar opp med julemat for både kjøt­etarar og veganarar. Steiken serverast med tradisjonelt tilbehør, og mjølk, fløte og smør kan lett byttast ut med veganske alternativ.

LES OGSÅ: The homecoming

Godt samvit

Eg har tidlegare skrive om forbrukarsamfunnet og kjøpsjaget vi møter kvar dag, spesielt når jula står for døra. Her må eg innrømme at sjølv eg, antikapitalisten, kan verta oppslukt, og plutseleg ha kjøpt litt for mange, litt for dyre gåver, og bidratt til kjøpstrenden eg eigentleg er imot. Då er det behageleg å tenkje på, at livsstilen min generelt kan veie opp for små, mindre berekraftige «feilsteg». Eg kan sitje på det miljøvenlege toget, og vite at det meste av jula mi er miljø- og dyrevenleg.

Eg kan sitje og tenkje på verdas beste­ julemiddag, tilberedt med kjærleik og julekrydder, og eg veit eg kjem til å ete meg like mett som kvart år. Og samstundes ikkje bry meg altfor mykje om kjeldesorteringa vert litt halvvegs i det tradisjonelle post-julemidagskaoset. Så sjølv om pinnekjøt framleis gir meg barndomens julestemning, er kvar dag ein «kjøttfri måndag» for meg.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter