Nyheter

Kaos som opnar augo

Er den nye, israelske Netflix-serien Fauda eit argument mot kulturell boikott av Israel? Eg trur i alle fall han kan opna augo til både israels- og palestinavenner.

Ann Kristin van Zijp Nilsen, kommunikasjonsleiar i ­Areopagos og redaktør for ­magasinet Tørst

Ein avgått israelsk agent gir opp «pensjonist-tilveret» som vinbonde når han får beskjed om at terroristen Abu Ahmad framleis lever. Han går tilbake til etteretningsgruppa for å fullføra oppdraget han mislukkast med forrige gong: Å drepa Abu Ahmad. «Fauda» betyr kaos på arabisk og er kodeordet agentane brukar når dei blir avslørte og må avbryta ein operasjon.

På den eine sida er Netflix-serien ein klassisk spionthriller. På den andre sida eit drama som tvingar sjåaren til empati.

LES OGSÅ: Vil du prøva nikaben min?

Sjølvopplevd

«Me høyrde om konflikten i nyheitene, heile dagen, kvar dag. Men det fantes ­ingen dramaproduksjonar som viste den andre sida frå innsida,» sa journalist Avi Issacharoff nyleg til Jewish Journal. Han har vore radio- og avis-korrespondent i Gaza og på Vestbreidda i 15 år.

Nå skriv han TV-drama for å «fortelja israelarane si historie til palestinarane og palestinarane si historie til israelarane.» Då Fauda gjekk på TV-kanalen Yes i Israel i fjor, blei serien ein kjempehit.

Issacharoff har skrive­ manuset saman med skodespelaren Lior Raz. Sistnemnde har hovudrolla som agenten Doron og har sjølv ei fortid som ekte agent. I same periode blei kjærasten hans drepen med kniv utanfor huset sitt i Jerusalem av ein Hamas-terrorist.

Verda er sjeldan heilt svart eller kvit, kanskje er ho meir som eit vakkert palestinaskjerf.

Kritikarar og publikum i Israel er overtydde om at Raz si erfaring og Issacharoff sin kunnskap er grunnen til serien er så ­autentisk og fengande. Dei israelske agentane i serien får vera komplekse, sårbare menneske i staden for heltar. Abu Ahmad og dei andre palestinarane får vera det same, ikkje berre terroristar.

Sympati med palestinarane

Israelske og internasjonale nettaviser fortel at sjåarar i Israel, også palestinarar, nå ser at konflikten har fleire dimensjonar og at ikkje berre ein av partane har rett. «Eg visste ikkje kor like me var,» sa ein til journalisten Dalia Mortada.

Då ho viste fire episodar til ein ung mann i Ramallah (serien er ikkje særleg kjend på Vestbreidda), spurde han overvelda: «Vent, er serien israelsk? Er han ikkje palestinsk?» Han hadde aldri sett noko liknande på israelsk TV før: «Fauda får deg jo til å ha sympati med palestinarane.»

Men er det viktig nok for dei som vil at me alle skal boikotta israelsk kulturliv?

Les også: Lucifer, angsten og Vigdis

Underleg generalisering

Sympati med palestinarane si sak får stadig fleire til å krevja kulturell (og akademisk) boikott av Israel, ikkje berre boikott av produkt frå okkuperte område. Palestinakomiteen meiner at kulturelle institusjonar i Israel spelar ei nøkkelrolle i okkupasjonen, og at samarbeid med desse bidrar til å legitimera undertrykkinga.

Med tanke på at det er nettopp i desse sektorane ein finn mest motstand mot den israelske regjeringa sin politikk, kan ­generaliseringa verka noko underleg.

Men komiteen har unntak: Ein treng ikkje boikotta organisasjonar, kunstnarar og kulturarbeidarar i Israel som «arbeider­ mot okkupasjonen og krenkelsen av palestinernes menneskerettigheter». Det vitnar om eit uvanleg syn på kva kunst er.

Kan påverka

Fauda er eit åndsverk med store skodespelarprestasjonar og politiske kvalitetar som kan bety ­mykje for opinionen i Israel. Serien kan påverka korleis «folk flest» ser på naboane­ bak muren – og på politikarane dei skal stemma på. Samstundes er serien ein kommersiell suksess skapt av ein israelsk TV-kanal som garantert ikkje passar med unntaks-krava til Palestina­-­komiteen.

Verda er sjeldan heilt svart eller kvit, kanskje er ho meir som eit vakkert palestinaskjerf med innfløkte mønster av mørke og lyse trådar.

Netflix har allereie kjøpt førsteretten til neste sesong som blir spelt inn nå. Ved ein verdsomspennande boikott, ville ­ingen fått sjå han. Då kunne ein notera ein prinsipiell siger. Samstundes ville augo truleg ikkje bli opnare og meir nyfikne på den andre sida si innside.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter