Nyheter

Black Friday

Vårt kommersialiserte samfunn gjer enno ein gong dei fattigaste fattigast.

Tendenser: Mailiss Solheim, Teolog og butikkmedarbeidar

Som born pla eg leike butikk. Eg ­elska å brette saman nykjøpte klede­ og late som eg skanna strek­koden på etiketten. Eg hadde rett og slett ein aldri så liten kremmar i meg, og lånte gladleg vekepengane mine til eine storesystera mi – med 100 prosent rente.

I haust er eg inne i mitt sjette år som butikktilsett, men har for lengst lege bak meg kapitalismens ideologi. Alle cellene i kroppen min ropar at forbrukarsamfunnet må stogge kjøpshastigheita, og rette blikket mot etiske handelsprinsipp. Likevel står eg plutseleg midt oppi ein stadig veksande trend her til lands, fredagen vi no kjenner som «Black Friday».

Black Friday er ein amerikansk tradisjon. Det er dagen etter Thanksgiving. I omlag 80 år har denne dagen blitt sett på som starten på julehandelen. Det finns ulike teoriar om kva som var opphavet til namnet på dagen. Den mest naturlege å peike på i dag, er ganske enkel: I rekneskapane tydar raude tal at bedrifta er i minus, medan svarte tal tydar pluss og overskot.

I Amerika på 80-talet gjekk butikkar­ mesteparten av året i minus, og fekk fyrst overskotet sitt gjennom julehandelen. Denne handelsperioden hadde altså fråspark dagen etter Thanksgiving. Derav Black Friday, fordi omsettjingstala gjekk frå å vere raude til svarte.

Slapp unna

Dei siste åra har trenden med storslåtte sal siste fredagen i november også kome til Noreg. For min del var det fyrst i fjor eg verkeleg oppdaga kor utbreidd den har vorte. Ein kan ikkje drive butikk utan å slenge seg på denne trenden. Eg skulle i fjor sjølv stå i butikk, og med eit smil peike på dei utruleg gode sala vi hadde. Høvet ville likevel ha det slik at eg var sjukemeld med hjerneristing, og slapp unna. I år derimot, har eg inga helsetilstand som gjer at eg slepp unna.

Sal i seg sjølv er ikkje negativt. Sjølv ein anti-kapitalist som meg forstår det. Men eg vil trekkje fram to spørsmål dagen før dagen. Det fyrste er kor sunt det er å hause opp til eit auka forbruk. Det andre er kor berekraftig slike store sal er. Butikk og leverandør skal tene pengar på kvart produkt. Mellom dei kjem det transport. Før leverandøren har produkt på lager, skal produktet produserast og sendast leverandør.

I denne handelskjeda er det mange ledd som skal tene pengar på det eine produktet du kjøper til knallpris. Alle har ­husleige, tilsette, straumrekningar og ­andre utgifter som skal dekkast. Kor mykje av pengane kjem då arbeidarane som lagar sjølve produktet i hende? Kven tapar på at vi handlar produkt til minus 70 prosent? Jo, dei som får minst i utgangspunktet! For eksempel: for ei vanleg t-skjorte får tekstilarbeidaren berre 0.9 kroner, medan sjølve utsalsbutikken får 57 kroner (tal frå Framtiden i våre hender).

Dei fattigaste

Det har vore auka ­fokus på etisk handel dei siste åra, spesielt innan­ klesindustrien, og mange har følgd med på TV-serien «Sweatshop». Men kor med­viten er vi eigentleg i kvardagen, når vi heile tida vert eksponert for enorme mengder reklame, og det store talet på konkurrerande bedrifter stadig prøvar å presse prisene ned?

Det er nok mange sesongprodukt som skal seljast ut til spottpris på Black Friday, men det er også mange varer som vert kjøpt inn utelukkande for å seljast billig denne dagen. Vårt kommersialiserte samfunn gjer enno ein gong dei fattigaste fattigast, og utnyttar kjøpekrafta vår på verst mogeleg vis. Når skal vi klare å gjere tradisjonane våre berekraftige?

Denne type sal er sal med bitter ­ettersmak for alle som ynskjer å føre ein meir eller mindre etisk livsstil. For ikkje å snakke om miljø- og klimapåkjenninga­ auka forbruk gir, men det får vi ta ein ­annan gong. Fram til det, vil eg stå i kassa på jobben og gruble på kvifor eg drøymde om å arbeide i butikk som born.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter