Meninger

Som om Gud ikkje fanst

Bonhoeffer tenkte modernitet og kristendom saman. Då blir den sekulære stat ingen fiende.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I dei dagane som har gått sidan terroråtaket mot Charlie Hebdo i Paris har eg, som mange andre, tenkt på ytringsfridomen. Og dess meir eg tenker, dess mindre får eg sagt. Kva er det eigentleg verdt å skrive om? Kva er det verdt å seie?

Det einaste eg kan skrive om i dagar som desse, med vinteren vekslande mellom klarvêr og måne­skin den eine dagen og tjukk tåke med iskalde fortauskantar den andre, er korleis det ser ut herfrå:

Det er noko skamfullt over religionen for tida. Somme vil seie han har dårlege kår, andre vil seie at han har forbausande gode kår.

LES KOMMENTAREN: Kunsten å bli krenket med et smil

For meg handlar det no om den retninga innanfor ein av dei store verdsreligionane som eg sjølv høyrer til: protestantisk kristendom.

Men kva betyr det for meg å vere protestant akkurat no? Skulle eg ikkje helst ha vore ateist og brydd meg om det som til sjuande og sist betyr noko: retten til å ytre seg, tenke fritt, tru fritt, desse absolutte verdiane som Europa står for?

Ja, kanskje det! For det er mine verdiar. Men kan det også vere protestantiske verdiar?

Eg og mange andre vaks opp med ein kristendom som delvis kjempa mot det opne, frie, som valte isolasjon og sensur, og fort ropte blasfemi. Det var farleg å krenke dei kristne følelsane. Dei var mange, store og såre, dei hadde, og har mange stader, langt høgare status enn andre følelsar.

Følg oss på Facebook og Twitter!

For snart ti år sidan skreiv Trygve Wyller artikkelen Sekulære liv i en veldig religiøs tid i Morgenbladet, dette i den førre karikaturstriden. Artikkelen fekk meg til å sjå den protestantiske tradisjonen på ein heilt ny måte, samt lese fengselsbreva frå Dietrich Bonhoeffer i boka Motstand og hengivelse.

Historia om Dietrich Bonhoeffer er godt kjend for mange. Den tyske presten som protesterte mot Hitler, gjekk inn i motstandskampen. Han sat fengsla i lang tid og vart avretta eit par veker før kapitulasjonen. Det finst mange Bonhoeffer-ekspertar, mange bøker og avhandlingar ein kan dykke ned i.

Det vikigaste for meg vart dette berømte sitatet: «Vi må leve som om Gud ikkje fanst.» Det interessante er sjølvsagt at han seier det som kristen, ikkje som ateist. Og han skriv det til ein venn dagen etter at det er kjent at attentatet mot Hitler ikkje lukkast. Truleg har han ei aning om dei konsekvensane det ville få for han som var innblanda.

Bonhoeffer si erfaring med ei kyrkje som svikta, brutalitet og vondskap, motstandsarbeidet som han delte med menneske langt utanfor kyrkja, og dei mange dagane i fengselet – alt dette må ha forma teologen og brevskrivaren. Ifølgje Wyller fekk Bonhoeffers tankegods enorm betydning for forståinga av den protestantiske kristendommen.

LES OGSÅ: «Terrorister som dreper i Guds navn bedriver verst blasfemi»

I Bonhoeffers teologi vart modernitet og kristen tru tenkt saman, skriv Wyller. Det sekulære samfunn er ikkje det minste av ulike vonde, men ein føresetnad, noko protestantismen hegnar om. Ut i frå Bonhoeffers tankegang finst den kristne Gud berre i betydninga «for alle», ikkje for ein liten opplyst krok. Dermed blir det umogleg å snakke sant om Gud om ein hevdar han berre er for nokre få. Wyller minner oss om at det er alvorleg om vi gløymer kor radikal den protestantiske tradisjon er.

Gud er altså ikkje ein type autoritet som ein kan skulde på eller ty til som ei mental forklaring på alt som ikkje går opp, men snarare ei forplikting, eit vitne og ein bærar av det menneskelege. «Som om Gud ikkje fanst» byr på fridom, ansvar, mot og meining, ikkje minst for det grublande, slitne religiøse mennesket.

Det er denne verda med sitt mangfald av innvånarar Gud ville døy for, altså. Ingen innanfor eller utanfor. Eg blir usikker medan eg skriv, kan det stemme? Denne verda med sin brutalitet, dumskap, men òg mange vittige hovud?

Laura Djupvik, er forlagsredaktør, skribent og forfattar

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Meninger