Kultur

Sørlandsrocken

Som sørlendingar flest, trur stiftarane av rockefestivalen Skral i Grimstad på eit liv etter døden. Til sommaren får festivalen nytt liv med Toffen Gunnufsen som sjef. Kor lenge kan det vare denne gongen?

Sørlandet har lang tradisjon for å arrangere rockefestivalar som lokkar til seg nordlendingar, vestlendingar og austlendingar. Quartfestivalen i Kristiansand var i mange år ein av dei beste rockefestivalane i landet, der det eine store bandet etter det andre spelte for eit festtemt ungdomspublikum. Då Quartfestivalen låg med broten rygg frå 2008, hadde Hovefestivalen på Tromøya allereie tatt over sørlandshegemoniet. Festivalen som blei arrangert første gongen i 2007, fekk raskt eit godt rykte. Det var hit ein måtte dra om ein skulle på festival utanfor Oslo og Øya­festivalen. I 2010 blei Hovefestivalen blant anna kåra til ein av dei ti beste festivalane (Daily Telegraph) og den fjerde beste sommarfestivalen (The Times) i Europa.

LES OGSÅ: Hovefestivalen sponser orgel

Klar på nytt

Toffen Gunnufsen er det sentrale namnet i begge desse festivalane. 53-åringen går tydelegvis aldri lei av å rocke­ Sørlandet. Omtrent samtidig som nyhenda kom om at Hovefestivalen ikkje blir arrangert neste år, blei det klart at Toffen er klar for nye oppgåver i Grimstad. Her er han tilsett som book­ingsjef og dagleg leiar for den gjenoppliva Skral Festival, som sist blei arrangert i 2008.

Det er synd for Arendal å miste Hovefestivalen, som no bukkar under på grunn av svake økonomiske resultat. Sjølv har Toffen skulda på politiet og lokalpolitikarane, som innførte 18 års aldersgrense på festivalcampen. Dette skal ifølgje Hove-gründeren ha medført ein dramatisk nedgang i salet av festivalpass. Når det i tillegg har festa seg eit inntrykk av at festivalen er mest for tenåringar, meiner Toffen at festivalen stod att med eit kundegrunnlag på to årskull.

LES OGSÅ: Hovefestivalen sponser orgel

Mange faktorar

Analysen har noko for seg, men han verkar likevel ikkje å vere ei fullstendig forklaring på Hove-kollapsen. Som alltid er det snakk om mange enkeltfaktorar, der både økonomistyring, vêr, auka konkurranse og «illojalt» ungdomspublikum har sitt å seie. Å legge skulda på politiet verkar iallfall som ei øving i ansvarsfråskriving. Politiet slo fast i ein evalueringsrapport at det var mange mindreårige som drakk seg fulle på festivalcampen, med anbefaling om 18 års aldersgrense. Det verkar ikkje som om festivalleiinga sjølv tok gode nok grep for å hindre fyll blant mindreårige i forkant av dette.

Toffen Gunnufsen har no vore med på å bygge opp og legge ned to store rockefestivalar. «Dette med festivaldøden på Sørlandet er overdrevet. Når en festival legger ned, kommer en annen i stedet», sa han nyleg til Fædrelandsvennen. Det blir spennande å sjå kva Toffen kan få til med Skral Festival, som står opp att frå dei døde etter sju år. Han burde ha gjorde seg nokre erfaringar, for å seie det slik. Så blir spørsmålet om hjula framleis går rundt når kronene byrjar å rulle. Kor lenge kan det vare denne gongen?

LES OGSÅ: Tryggere for festivalpublikum

Utfordringar

Det er vanskeleg å lage store rockefestivalar i Noreg. Vêret er ustabilt, dei store artistane tek skyhøge honorar og publikum har oftare gode festivaltilbod i nærleiken av der dei bur. Øyafestivalen i Oslo har til dømes fordelen av å ha store publikumsgrupper rett rundt hjørnet. Det er ikkje til å stikke under ein stol at mange er mindre motiverte for å dra på campingfestival etter fylte 30. Skral Festival siktar seg visstnok inn mot eit publikum i 20-åra, og håper altså at Toffens bookingteft kan trekke nye tusenar til sørlandscamping.

Festivalen er eigd av gründarane Mikal Vassbotn og Stian Tobiassen, saman med det oslobaserte selskapet Arjuna AS, der kristiansandaren Harald Christian Sagevik er medeigar. Til Agderposten seier Vassbotn at Skral skal bli både den beste og den «koseligste» festivalen i Noreg, ein festival som blir snakka om i heile landet. Det gjenstår å sjå om det blir resultatet. Men eg ønskjer dei gjerne lukke til.

LES OGSÅ: Skjærgårds drukner

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur