Kultur

Ringar av mistru

Kristne må ikkje lytte til mulla Krekars ekstremisttale og skulde fredelege norske muslimar for ikkje å vere oppriktige. Då bidreg vi til den same polariseringa som terroristane kappar hovud for.

For ein muslim er det avgjerande viktig å vere oppriktig i all si ferd. Koranen understrekar dette, slik Bibelen også taler om eit ærleg hjarte. Både muslimar og kristne søker sanninga. Det er ikkje det same som at sanninga er relativ.

LES OGSÅ: Mulla Krekar er pågrepet

Norske muslimske ungdommar tok i helga eit kraftig oppgjer med krefter som ønskjer å knuse forståinga av islam som fredens hus. «Fredens ring» var eit håpefullt namn på eit håpefullt initiativ. Eg var sjølv til stades blant dei rundt 1300 personane utanfor synagogen i Oslo. Det er urettvist å møte arrangementet med mistru, sjølv om mange av dei 1300 høgst truleg ikkje var muslimar. Gjennom ei rekke appellar fekk dei muslimske ungdommane fram at dei tek klar og tydeleg avstand frå hat, fordommar og antisemittisme. Ved å delta i markeringa framfor synagogen ønskte dei å vise støtte til ein annan trua minoritet, jødane. Muslimar i Noreg er inga stor maktgruppe. I Sverige er moskear blitt angripne. Vi høyrer stadig at muslimar er redde kvar gong ei ny terrorbombe går av ein stad i Europa: Vil muslimane få skulda igjen?

Krekars bomber

Berre nokre dagar etter fredsinitiativet kjem mulla Krekar og fyrer av verbale bomber på NRK1. «Den som støter vår religion, må vite at vi vil møte ham med våre bomber. Det må ikke være noen form for overbærenhet, forståelse eller forhandling om denne saken. Vi lever ikke for vårt liv, vi lever ikke for våre mager. Vi lever kun for vår religion,» sa mannen som skal tvangsflyttast til Kyrksæterøra. Med utsegnene sine spenner Krekar bein på ungdommane som ønskjer å vise at islam er det stikk motsette av bombehemn. Krekars bomber blei raskt imøtegått av ein tydeleg Mohammad Usman Rana, som kalla utsegnene for direkte uislamske. «Mulla Krekar har ingen troverdighet når det gjelder islamsk teologi. Selv om han kler seg i turban og kjortler, gjør ikke det ham til en islamsk lærd,» sa Usman Rana til NRK. Rana meiner at media bør vere varsame med å gi ein ekstremist som Krekar ei så stor plattform som i intervjuet på Dagsrevyen onsdag. Ordførarkandidat for De Grønne, Shoaib Sultan, har kritisert NRK for å vere mikrofonstativ.

LES OGSÅ: «Hodeløst å la Krekar bare snakke»

Pyroman

Intervjuet med Krekar var eit intervju med ein liten, men farleg oppviglar. Krekar oppfører seg som ein islamistisk pyroman som vil sette islams hus i endå større brann. Han seier at han ikkje vil auke presset på muslimar i Noreg, men bidreg til det motsette. I denne situasjonen har vi alle eit ansvar for ikkje å la Krekars ekstreme synspunkt farge biletet vi har av den muslimske minoriteten i Noreg. Rundt oss smell det for tida på alle kantar: I København, i Paris, i Syria. Terroristane ønskjer polarisering. Terroristane vil at kvite, kristne nordmenn skal reise seg mot den muslimske minoriteten, noko som igjen kan danne grobotn for auka islamistisk radikalisering.

Er det naivt å meine som fleirtalet av muslimane sjølve, at terror og drap ikkje samsvarer med ei rotfesta muslimsk tru? Betyr sverdversa i Koranen at muslimar flest godtek krig og vald, og står med ein fot planta i Fredens hus og ein i Krigens hus? Også Jesus sa ein gong at han ikkje var komen med fred, men med sverd. Det tyder ikkje at kristendommen er ein sverdreligion, sjølv om korsfararane i mellomalderen mistolka han på den måten og Noreg ein gong vart kristna ved hjelp av sverd.

LES OGSÅ: Funderer på Krekars baktanker

Bygge bruer

Det er viktig å drive religionskritikk, også av islam. Men slik kritikk må tuftast på eit oppriktig ønske om å forstå den andre. Ikkje alle nordmenn er skolerte innan islam, og mange har nok heller ikkje lese Koranen. Men alle, både kristne og muslimar, kan bidra til eit betre samfunn ved å unngå hat, fordommar og mistru mot annleis truande. Om kristne lyttar til mulla Krekars ekstremisttale og skuldar fredelege norske muslimar for ikkje å vere oppriktige, bidreg vi til den same polariseringa som terroristane kappar hovud for. Her har også media eit ansvar. Framskundar vi polarisering og konflikt, eller søker vi sanning og forståing?

Følg oss på Facebook og Twitter!

Overrabbinar Michael Melchiors sterke tale på arrangementet «Fredens ring» i helga rørte meg. «Gud er alle stader, men mest av alt er han der det blir bygd bruer og danna ringar mellom menneske. Det er der han ønskjer å vere. Det er der mennesket si framtid blir sikra,» sa den gamle rabbinaren.

Den store testen for verdssamfunnet vårt framover er om vi evnar å møte kvarandre med oppriktige hjarte. Vi må danne ringar av fred, ikkje ringar av mistru.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur