Religion

Religion på litterært alvor

Religionen har fått fornya samfunnskraft og gir også ny sprengkraft til skjønnlitteraturen.

Snart er det berre hardnakka ignorantar som ikkje har fått det med seg: Religionen spelar ei viktig rolle i det norske samfunnet anno 2014. No sist var det den 19 år gamle muslimen Faten Madhi al-Hussaini som gjorde Noreg merksame på den gløden og det motet som kan følgje vanlege truande menneske. Når terrorgrupper kidnappar og trampar på religiøs tru i Guds namn, kan ein anten halde munn eller ta til motmæle. Eit breitt lag av norske truande, både kristne og muslimar, tok nyleg til motmæle, i ei markering som hadde historisk verdi.

Religionen har fått fornya samfunnskraft i Noreg på slutten av 1990-talet og utover i det nye tusenåret. Noko skuldast auka innvandring, med dei nye impulsane dette har ført med seg. Fleire og fleire har fått auga opp for at religion, samfunn og kultur ikkje er separate storleikar, men noko som grip inn i kvarandre på så mange vis. Samtidig med denne utviklinga ser vi ein auke av kunstnariske uttrykk som tek religionen på alvor, anten det skjer innan film, musikk, teater, bildekunst eller litteratur.

LES INTERVJUET MED SVEEN: Var klar for å gå på trynet

Uredd roman

Berre i haust kjem det ut ei rekke skjønnlitterære bøker som tek utgangspunkt i religiøst stoff. Lars Petter Sveen har allereie fått glitrande meldingar for romanen Guds barn, som byrjar i Betlehem då Jesus vart fødd og følgjer tida fram til etter Jesu død. «Det minste man kan gjøre for leseren, er å ha store ambisjoner på fortellingens vegne. Så får man heller tryne i forsøket,» sa Sveen til Vårt Land for ei veke sidan. Meldaren vår, Karen Frøsland Nystøyl, karakteriserte romanen som uredd og vakker, slik han utfordrar søndagsskulebiletet av Jesu liv.

Sveens bok er ikkje den einaste som tek utgangspunkt i religiøst stoff i haust, i alt frå underhaldande krim til hardcore poesi. Trude Teige fortel ei mørk historie i kriminalromanen Jenta som sluttet å snakke, som handlar om drap og overgrep i bedehusmiljø på Vestlandet. Det er heller ikkje lenge sidan Jo Nesbø gav ut Sønnen, som var spekka med bibelreferansar.

Tru og offer

Ser vi på poesien, tok poeten Dan Andersen nyleg utgangspunkt i bibelsk stoff i diktsamlinga Mirakelet. Ifølgje forlaget nærmar Andersen seg gamle spørsmål om frelse og håp, tru og offer på ein ny måte. Eit av spørsmåla han stiller i diktsamlinga, er som følgjer: Kvar sluttar mennesket og kvar byrjar himmelen? Og poeten Freddy Fjellheim gav nettopp ut diktsamlinga Vergeløs, der han undersøker det svakes tilstand og rører ved det som er grunnleggande når ein søker Gud. Vi har intervjua Fjellheim i dagens avis.

Ein annan forfattar som er aktuell med bok i haust, er Levi Henriksen. Han ligg tett innpå eit kristent miljø i romanen Harpesang. I boka møter vi plateprodusenten Jim Gystad, som får sitt livs løft av De Tre Syngende Søsken Thorsen. «Sterk sang fra bedehusland,» skreiv VGs meldar.

Dette er berre nokre døme på eit større bilete, at religion stadig dannar utgangspunkt for litterær handsaming. Rett nok speglar den norske skjønnlitteraturen først og fremst at Noreg i hovudsak er eit kristent land. Når kjem dei sterke skjønnlitterære bøkene om islamsk tru i Noreg? Uansett kan ein hevde at det religiøse innslaget i samtidslitteraturen er sterkt, slik det ikkje minst har vore også i mange bokhaustar tidlegare på 2000-talet.

Relevant tru

Trass iherdig insistering frå turbosekulære: Religion er framleis heilt uløyseleg knytt til det å vere menneske, og høgst relevant for utforsking av identitet. Dermed blir religiøse tematikkar også heilt nødvendige å handsame i kunsten og litteraturen. Dette har folk visst i fleire hundreår, ja, tusenår. Jesus formidla sjølv bodskapen sin i kunstnarleg form – likningane. Salmistane skreiv noko av den vakraste poesien i verdshistoria.

Religiøs tru er framleis til å ta på alvor. Forfattarane er blant dei som har fatta det. Religionen gir også skjønnlitteraturen sprengkraft.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion