Nyheter

NRK på dødsveg til Sveits

Dagsnytts oppslag om at fleire og fleire ber om aktiv dødshjelp, hadde eit svært smalt kjeldegrunnlag.

NRK Dagsnytt melde mandag morgon – med så store bokstavar som ei radiorøyst kan gje oss – at fleire og fleire ber om hjelp til å døy. Dei vil ha hjelp til å komme til Sveits der også utlendingar kan få hjelp til å avslutte livet.

LES OGSÅ: 11 nordmenn kjøper dødshjelp i Sveits

Kjeldegrunnlaget var ein telefon til – eller frå – organisasjonen Retten til en verdig død. Organisasjonen som kjempar for aktiv dødshjelp i Noreg, opplyste litt upresist at 10-12 har ringt så langt i år og at dette er ein jamn auke.

LES MER: Savner liv i norsk dødshjelp-debatt

Overraskande

Med alt det engasjementet Retten til en verdig død har i denne saka og kor mykje det er blitt skrive om dødstrafikken til Sveits, er det litt overraskande at det ikkje er fleire som spør seg føre om korleis dei skal gå fram. Og kor vidt ein vekst frå til dømes 8-10 til 10-12 er verd eit topp-oppslag i morgonsendinga, er eg litt usikker på.

LES MER: Vil tillate dødshjelp til barn i Belgia

NRK hadde også intervjua ein slagpasient på ein sjukeheim i Oslo. Vi forstår godt at det er umåteleg tungt å liggje i to år nesten utan evne til å røre seg. At nokre få i ein slik situasjon tenkjer tanken på å reise til Sveits i mangel av opning for dødshjelp her i landet, er til å forstå.

LES MER: Døden reduseres til en rettighet

Det vi ikkje får vite i slike kort følelsesmetta radioinnslag er kva dei djupast sett ber om dei som ringer. Ville dei sagt noko anna dersom dei hadde eit betre tilbod om livshjelp i den siste fasen?

LES MER: Regjeringen har ingen planer om å tillate aktiv dødshjelp

Menneskesyn

Organisasjonssekretæren i Retten til en verdig død forklarte at dei som vil ha hjelp til å avslutte livet, vil at dei næraste skal sleppe å sjå dei sjuke familiemedlemmene visne bort. Han fekk ikkje noko motspørsmål på kva slags menneskesyn vi kan oppmuntre dersom vi seier at det skal vere ein menneskerett å sleppe å sjå eit kjært medmenneske visne bort. Utfordringa for samfunn og pårørande er å gje livet meining sjølv når kroppen visnar, framfor å tilby ein giftig overdose.

Det Retten til en verdig død i første omgang vil ha, er ei opning for at alvorleg sjuke pasientar kan få legehjelp til sjølvmord, slik dei mellom anna har i Oregon i USA og slik ein klinikk i Sveits tilbyr også somme utlendingar.

LES MER: Sju av ti dansker er for aktiv dødshjelp

Levi Fragell, som fram til nyleg sto i spissen for Retten til en verdig død, var raskt på twitter med meldinga: «'Skråplanet' for dødshjelp fører ikke nedover, men oppover. Sakte, men sikkert. Barmhjertigheten seirer.» Vi går ut frå at det var NRK-innslaget som oppmuntra Fragell til å ytre seg.

Debatten går internasjonalt både om legehjelp til sjølvmord og om aktiv dødshjelp.

Siste meldinga frå Belgia som har innført aktiv dødshjelp, var at ein livstidsdømt drapsmann ha fått ja til aktiv dødshjelp. Det moderne samfunnet kan altså tilby dødshjelp der det er forbod med dødsstraff. Er det dette som er skråplanet oppover?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter