Nyheter

NRK i 
dødens spor

Det einaste sporet NRKs Brennpunkt-redaksjon følgde i programmet om lungesjuke Siv Tove Pedersen, var dødssporet.

NRK-dokumentaren ­o­m­ Siv Tove Pedersen si reise til Sveits for å få hjelp til sjølvmord, gav eit sterkt innsyn i ei svært spesiell, trist og smertefull historie. Det er overveldande – og naudsynt – å bli presentert for sterk sosial og medisinsk smerte. Men det treng ikkje innebere at vår medkjensle med den sjuke treng å ende med ei sjølvutløyst giftsprøyte.

NRK-redaktør Odd Isungset sa i Dagsnytt 18 tysdag kveld at han meiner programmet bør bli eit «referanseprogram» i framtidig diskusjon om aktiv dødshjelp. Det bør dokumentarprogrammet slett ikkje bli. Dette var ei svært spesiell og samansett historie – om eit menneske med sterke smerter, eit rusproblem og eit svært lite sosialt nettverk.

LES MER: – NRK oppfordrer mennesker til å ta sitt eget liv, mener Menneskeverd

Andre spor

NRK blei med henne til Sveits og gav henne på den måten ei merksemd og ei omsorg ho truleg sakna i ­livet. Kva andre spor kunne NRK følgd?

Overlege Stein Husebø kom inn i norsk debatt i 1992 ved å fortelje at han i eit «ekstremt unntak» hadde utført aktiv dødshjelp. Han er ein sterk motstandar av legalisering av aktiv dødshjelp – som hjelp til sjølvmord faktisk er. Etter å ha sett NRK-programmet, fortel han meg:

LES MER: TV påverkar kvarmanns dødshjelpsyn

– Med mi historie hender det at slike pasientar ringer meg. Dei spør om hjelp til å ta sitt eige liv og om korleis dei kan få hjelp. Det slår meg at omtrent utan unntak er det einsemd som er hovudproblemet. Då er ikkje aktiv dødshjelp det samfunnet skal tilby, seier Husebø.

Når telefonen frå alvorleg sjuke­ kjem, lyttar han. Og han prøver å skape bru mellom pasient og helseteneste, sjukeheim og heimeomsorg, tilbod som «utgjer skilnaden på himmel og helvete for slike pasientar den tida dei har hatt her på jorda».

LES MER: – Vår dokumentar balanserer på rett side av streken, meiner NRK-redaktør

Tomme hol

NRK presenterte­ ikkje etiske motførestellingar mot dødsreisa og mot aktiv dødshjelp generelt. Like interessant er at NRK heller ikkje gjekk inn i dei hola i historia som stod skrikande tomme i det timelange programmet.

Vi fekk ikkje vite kva samfunnet kunne tilby Siv Tove ­Pedersen. Det einaste vi fekk vite, var at ho som kols-pasient vart nekta lungetransplantasjon på grunn av rusproblemet.

Har helsevesenet ikkje hatt noko anna å tilby enn eit slikt nei? Så langt eg oppfatta det, var metadon det einaste medikamentet, og då for rusproblemet. Var metadon det einaste den lungesjuke fekk tilbod om? Vi fekk ikkje svaret – og ingen blei spurt om andre tilbod var gitt eller kunne blitt gitt. For igjen å gje ordet til Husebø:

– Pasientar som har kort tid igjen, kan døy på fredeleg vis i Noreg utan bruk av aktiv dødshjelp, med sosiale, psykiske, ­medisinske tilbod, med samtalar, dagleg tilsyn og med morfin – med lindrande behandling.

Husebø tar det for gitt at så sterkt lungesjuke pasientar har hatt lungebetennelse. Det heilt relevante spørsmålet å ta opp 
er då å drøfte med pasienten om ein skal droppe antibiotika og setje i gang lindrande behandling for ein fredeleg død. Det framskundar nok døden, men det er ikkje aktiv dødshjelp. NRK var ikkje interessert i det sporet heller.

LES MER: Selvmord-dokumentar ikke brudd på god presseskikk

Smilande lege

Vi møter i programmet ingen norsk lege eller nokon annan i det norske helsevesenet. I Sveits møter vi derimot ein lege som smiler, gjev Siv Tove Pedersen omsorg, held henne i hendene – før ho riggar til dødssprøyta som Siv Tove Pedersen sjølv løyser ut.

Vi vert overvelda av med­kjensle, og hjelp til sjølvmord vert ståande som det einaste rette. Assistert sjølvmord vert framstilt som meir høgverdig enn andre sjølvmord. Det er like fullt sjølvmord, sjølv om handlinga er blitt pakka inn i etisk vatt av ein omsorgsfull lege – og av Pressens Faglige Utvalg som let spørsmålet fare utan å ta debatten: Det er meir enn påfallande at TV 2 sin britiske dokumentar om same tema ikkje i det minste blei diskutert i Pressens Faglige Utvalg ut frå reglane i presseetikken om å vise varsemd i omtale av sjølvmord.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Vi får djup sympati for Siv Tove Pedersen. Så lenge ingen andre spor vert gått opp, får ho varmen med seg til dødshjelp-klinikken. NRK-programmet er eit godt ­referanseverk for dei som støttar dødsreiser til Sveits, men ikkje i den viktige debatten livshjelp kontra dødshjelp.

LES MER: Døden reduseres til en rettighet

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter