Nyheter

Nisselue og nikab

Kunnskapsministeren vil ikkje ta i nikaben, men overlate striden til andre. Han bør ta ubehaget.

Tre norske høgskular har i haust nekta å undervise studentar som vil bruke nikab, altså heildekkjande hovudplagg der berre augo er synlege. Det er no forbod mot bruk av dette hovudplagget i Oslo, Østfold, Akershus og i to skular i Telemark.

Men kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vil ikkje røre saka. Seinast her i avisa denne veka gjorde han det klart at han ikkje har planar om å innføre eit nasjonalt forbod. Han ville overlate debatten til fylka som eig skulane sidan det handlar om undervisning og ikkje om religiøse symbol.

Det finst sjølvsagt politiske grunnar til å halde seg unna ubehaget det blir å lage nasjonalt forbod. Dei raudgrøne sleit som nokon hugsar, med hijaben.

LES OGSÅ: – Et forbud føles personlig

Ubehaget

Det er på den andre sida sakleg gode grunnar for at Røe Isaksen og regjeringa tek ubehaget. Røe Isaksen hevdar fylkesvise slag om temaet fungerer så godt at denne lina må halde fram. Så godt fungerer dette at hans partifelle, fylkesordføraren i Vest Agder, denne veka brukte dobbeltstemma si for å stoppe eit Vidar Kleppe-forslag om forbod i høgskulane.

Argumentet til fylkesordføraren var at nikab ikkje er meldt som problem. Det er tilsynelatande eit godt argument. Problemet er at den første rapporten om nikab i klasserommet kan komme grunna ein einaste student. Eit fylkeskommunalt forbod i ein slik situasjon vil med god grunn kjennast som retta mot den konkrete studenten.

Vedkomande student vil dessutan ha søkt på eit studium utan å vite om reglane. Opptakskriteria må vere kjende på førehand. Å endre spelereglane etter at nikaben har dukka opp i klasserommet, er uforsvarleg bruk av menneskelege og økonomiske ressursar.

LES OGSÅ: – Vi trenger ikke en nasjonal debatt

Forvirring

Det blir ikkje mindre ubehag dersom reglane skil seg frå høgskule til høgskule og frå fylke til fylke. Det kan då ikkje vere god politikk å fremje forvirring og skape utryggleik og uro?

Dette er dessutan elendig integrering. Somme argumenterer rett nok med at vi må la representantar for nye kulturar få følgje eigne skikkar. Det vert også argumentert med at det er kvalifikasjonane som tel, ikkje klesdrakta. Men det bryt med alt vi elles har kome til om meiningsfull kommunikasjon – i denne saka mellom lærar og elev: Kommunikasjon består også av mimikk og kroppsspråk. I vår kultur er det viktig å sjå andletet til den vi snakkar med.

Tidlegare lærarutdannar Jan Johnsen skriv i ein kronikk i Dagbladet at her skil den vestlege kulturen seg frå einvegskommunikasjonen i ein moské. Den skil seg også frå ein muslimsk kultur der nikab er utbreidd. Hos oss blir dette ein kulturkollisjon som hindrar kommunikasjon.

LES OGSÅ: Student sluttet etter nikab-nekt

Kompromiss

Og det er å dra nisselua – eller kva hovudplagg som passar – ned over augo i nikabdebatten å tru at problemet berre gjeld i eit klasserom. I Østfold, fekk vi forklart her i avisa denne veka, kan jentene nytte nikab i friminuttet. Men dei må ta hovudplagget av i undervisninga. Dei kan sitje fremst slik at dei andre elevane ikkje ser andletet.

Men dette er vel berre å lage eit kompromiss som berre lurer. Ein viktig grunn til å nekte nikab kan vere at ein student som insisterer på å bruke dette plagget, gjer seg ukvalifisert til å arbeide på skular og i andre yrke.

Korleis stiller høgskulane i Østfold seg til ein nikab-brukande lærar? Skal læraren som blir utdanna ved ein høgskule i fylket, ta av seg hijaben i klasserommet – i tråd med forbodskompromisset, men stå med ryggen mot elevane for å sleppe å vise andlet, framleis i tråd med kompromisset frå det første klasserommet?

Sjukeseng

Eller kva med ein sjukepleiar? Rådet for sykepleieetikk meiner også det er uheldig at ikkje styresmaktene lovbestemmer at nikab er forbode både i helsetenesta og på universitetet og høgskular. Kunnskapsministeren og helseministeren bør ta seg ein prat om korleis fylkeskommunale forbod eller ikkje-forbod eller kompromiss frå høgskulane skal praktiserast når utdanna sjukepleiarar møtest på avdelingar og sjukerom. Det må vere ein tråd i dette.

Det er på tide vi tek debatten. «Inntil nå har vi i redsel for å støte enkelte innvandrergrupper, ikke vært tydelige nok til å uttrykke hva som er vanlig atferd i Norge», skriv nemnde Jan Johnsen med bakgrunn frå Høyskolen i Oslo og Akershus.

Skal integreringa lukkast, må reglar vere tydelege – og vi må drøfte dei i open og ærleg dialog som hjelper oss til semje om rammene. Sverige har dårleg røynsle med å feie omstridde tema under teppet.

Diskuter på verdidebatt.no!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter