Leder

For mykje makt på få hender

Det er djupt problematisk at Arbeidarpartiet og Høgre vil flytte mykje makt frå Stortinget til regjeringskontora om korleis Norge skal handtere pandemiar og smittevern.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Det er ikkje noko nytt at Høgre og Arbeidarpartiet finn saman i større saker. Denne veka er det likevel spektakulært at dei to partia, til sterke protestar frå resten av Stortinget, ser ut til å trumfe gjennom endringar i smittevernlova. Sist gong heimlane knytt til smittevern var oppe i Stortinget, var Arbeidarpartiet langt meir kritisk til at Stortinget skulle gje frå seg makt. Forskrifta som no vert innført handlar om isolering, smittekarantene og andre avgrensingar i rørslefridomen.

Dei mellombelse heimlane frå koronalova blir no permanente. Dermed mister Stortinget høve til å ha slik parlamentarisk kontroll som ein hadde under pandemien. Det er her dei prinsipielle og viktige spørsmåla melder seg, og som gjer at denne saka handlar meir om demokratisyn og maktbalanse enn om pandemihandtering.

Trugsel mot demokratiet

Professor Hans Petter Graver har tidlegare åtvara om at seinvirkningane av koronahandteringa også inneber ein seinka terskel for å rokke ved grunnprinsippa i demokratiet og rettsstaten. Graver meiner det dei to største partia i norsk politikk gjorde denne veka, underbygger denne trugselen. «Vi ser allerede at dette har laget et spor for hvordan man vil styre i smittevernsituasjoner», sa Graver til Klassekampen.

Demokratitenking er for uvêrsdagane, ikkje godvêrsdagane.

Ap og Høgre argumenterer for at styresmaktene treng heimelen av omsyn til beredskapen. Helseminister Ingvild Kjerkol frå Ap har også varsla at det kjem ein større gjennomgang av lovverk knytta til smittevern og helseberedskap «noe fram i tid». Den grundige gjennomgangen vil kanskje fikse noko av problemet, men det er ikkje forsvarleg å innføre endringane i heimlane først – slik Ap og Høgre no legg opp til.

Demokratitenking for uvêrsdagane

Det er til dømes behov for å flytte makt frå byråkratiet til politikarane, viser erfaringane etter førre pandemi. For mykje makt var samla på få hender i Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.

Graver og dei andre partia på Stortinget har uansett rett i at saka er alvorleg. Mest fordi våre to største parti ikkje har større omsyn for kva bolverk vi treng mot ei autoritær utvikling. Sjølv om vi i dag har eit demokratisk og godt styresett i Norge, er det inga garanti for at det vil halde seg slik i framtida. Derfor treng vi alltid å tenke prinsipielt, og fordele makta.

Demokratitenking er for uvêrsdagane, ikkje godvêrsdagane.

Oppdatering 15.44, 12. desember: Stortinget har utsett voteringa til seinare i veka, etter Frp kravde at alle stortingsrepresentantane må møte i salen for å ta stilling til saka. Leiarartikkelen er oppdatert etter dette vart kjend.






Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder