Kultur

Kort i klemma

Ein dags julebrevskriving byr på mange dilemma.

Julebrev har aldri vore ei kjelde til frustrasjon for meg. Rett og slett fordi eg ikkje har skrive dei. Kanskje har det med å gjere at eg skriv så mykje til dagleg. Femti ekstra brev på tampen av året freistar lite.

I år blei eg pappa for første gong og dermed stiller saka seg i eit anna lys. Klart vi må sende ut julehelsingar! Om ikkje eit langt brev, så iallfall eit julekort med bilete av det vesle vedunderet.

LES MER: Årets sosiale selvangivelse

Eit barn er født

Eg gjekk oppdraget i møte med glede: Eit barn er oss født! God jul! Det gjekk likevel ikkje lang tid før dei første utfordringane dukka opp. Når eg sender julekort til eit søskenbarn, bør eg då sende til alle søskenbarn? Kan eg skrive det same på alle korta, eller er det uttrykk for fantasiløyse? Dersom eg skriv ulike ting til personar i same familie, risikerer eg at dei samanliknar det eg har skrive til dei?

Følg oss på Facebook og Twitter!

Aldri meir

Eg må straks smile over den sprø tanken. Så viktig er ikkje mi vesle helsing, det er biletet som er hovudsaka. Eg skriv vidare, i mange timar, og undrar på om julekort skaper presedens? Har eg no skaffa meg endå strammare tidsklemme for framtidige desembermånader?

Letta legg eg bunken av julekort på benken. Aldri meir! Men koseleg er det, òg.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur