Film

Vil Hollywood ta bølgja?

Den første norske katastrofefilmen er Norges kandidat til Oscar for beste framandspråklege film.

Roar Uthaugs katastrofefilm Bølgen er vald til Norges Oscar-kandidat. Spørsmålet er om det var eit klokt val. Filmen er spennande og byr på ein del eksistensielle problemstillingar som løftar han nokre hakk frå katastrofefilmsjangeren. Samtidig er dette ein sjangerfilm som i stor grad liknar på Hollywoods eigne produksjonar. Til dømes er eit par av scenene nesten identiske med scener i San Andreas, katastrofefilmen om jordskjelv i California.

LES ANMELDELSEN AV BØLGEN: Skremmande katastrofefilm frå Sunnmøre

Ikkje original nok

Eg har blitt overraska før, og vil truleg bli det igjen. Sjølv synest eg ikkje Kon-Tiki var ein stor film, men jammen blei han ikkje nominert til den gjeve Oscar-statuetten. Personleg likar eg Bølgen betre, men trur ikkje han er original nok til gå til topps i Oscar-racet.

Eg håper sjølvsagt at eg tek feil. Kanskje amerikanarane er meir enn klare for å sjå katastrofen ramme fjorden der dei tenker seg på cruise ein av dei kommande somrane. Geiranger blir aldri det same etter denne filmen.

Stereotypisk helteepos

Då filmen hadde premiere i Haugesund, roste eg både skodespelet (Kristoffer Joner og Ane Dahl Torp) og dei tekniske kvalitetane. Eg likte også mange av vriane som manusforfattarane har lagt opp til, mellom anna korleis rasvarslinga blir effektivt sett ut av spel.

Følg oss på Facebook og Twitter!

På den andre sida kritiserte eg dreiinga mot eit stereotypisk helteepos der mannen skal redde familien sin, rett nok med ei vesentleg kvinnerolle som tek affære. Ein del scener i filmen er dessutan tøvete, som når dei som er att inne på hotellet i det den over 80 meter bølgja skyl over dei, spring gjennom hotellgangane med vatn i hælane.

Lite sunnmørsk

Kriseberedskapen på Sunnmøre synast elles å vere ualminneleg svak. Som sunnmøring misliker eg dessutan at det lokale perspektivet er nedtona så vi knapt høyrer sunnmørsdialekt.

Dette vil nok neppe Hollywood henge seg opp i. Spørsmålet er om dei vil premiere ein film som etterapar deira eigna produkt, eller om Oscar-statuetten går til eit meir originalt uttrykk.

Bølgen er ein spennande film, det er det ingen tvil om. Og kvalitetane er mange. Men det vil forundre meg om det er denne filmen som skal skaffe Norge den etterlengta forgylte statuetten. Kan Hollywood verkeleg vere så forelska i seg sjølv?

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film