Meninger

Vi som hata storbyen

Trikset er å gjere seg komfortabel i ­mindretal. Då kan til og med Oslo bli fin.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg var til frisør for ei stund sidan. Medan ho klipte i krullane mine, spurde frisøren kvar eg kjem frå. «Volda», sa eg, og la fort til, av rein vane: «Ein liten stad på Sunnmøre». «Å. Så fint at du får sjå litt av storbyen, då», sa ho, la hovudet på skakke og smilte.

Eg skal ikkje seie at eg vart sur. Men det var ikkje langt ifrå. Då eg voks opp, i Volda, var ikkje Oslo ein stad vi såg på med blide auge. I Oslo budde­ sossete, arrogante menneske som ikkje forsto kva ordet låkt betyr, aldri tok ferjer og som hata nynorsk. Tenkte vi, og fnyste. Ikkje åt dei sveler heller. Der skulle vi iallfall aldri bu. Vi har kanskje blitt meir nyansert med alderen. Samtidig har eg har høyrt ein kollega fortelje at Ivar Aasens grav er den mest vandaliserte i hovudstaden. Det gjer jo sitt for å styrke «barnetrua».

Følg oss på Facebook og Twitter!

Som nynorskbrukar og bondedotter i ­hovudstaden kan eg fastslå at det er fint å vere ein del av mindretalet. Når eg tenker meg om, så er eg ofte det. På barneskulen var eg den einaste jenta i klassa som ikkje hadde rosa ransel. Då eg entra fjortistida, bestemte eg meg for å konfirmere meg borgarleg. Nokre år seinare valde eg musikklina, i lag med 13 andre. Dei sære musikkelevane, vart vi kalla. Og vi likte det.

Det går fint an å bli komfortabel i mindretal. Det betyr ikkje nødvendigvis at ein er ekskludert frå fleirtalet. Det handlar om at eg seier «låkt» i staden for «vondt» og at eg ikkje sluttar med det, sjølv om fleire ikkje forstår. Det handlar om at eg forklarar kvar Volda ligg, nær automatisk, fordi eg veit det er ein plass få har eit forhold til. Det handlar om identitet – om å ta del i det store biletet, utan å miste sitt eige.

LES OGSÅ: Knapt en faktabok på nynorsk

Då mine musikkvener stakk til folkehøgskule etter vidaregåande, reiste eg til Ecuador som ­utvekslingsstudent. I dag er eg ein spansktalande, sunnmørsk Oslo-buar. Ein ateist som jobbar i ei kristen dagsavis. Og det er ei fryd!

Men om Oslo blir for mykje for meg no og då, kan eg berre bli med Turistforeininga på tur. Eg har nemleg høyrt at dei har sveler.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Meninger