Nyheter

Tid for 
reparasjon

Utdanningsministeren smakar på ideen; 
å leggje eksamen før russetida. Kan nokon
 syte for at han tek meir Møllers tran?

No står dei der, oljebarna. I hendene har dei provet som viser kva dei har utretta medan dei gjekk tre år på vidaregåande skule, i oljelandet som har lovfesta at alle tenåringar har rett på slik opplæring. Mange har eit vitnemål som sender dei vidare i livet. Til hausten syg dei kunnskap på lærestader som skal gjere dei endå klokare. Nokre må ta omvegar til målet. Andre tek steget ut i jobb.

Bak seg har dei russetida. Som endå ein gong har fylt lommene til kreative karar som har knadd og elta våryre tenåringar så godt at dei kan le heile vegen til banken. Verdas rikaste land har endå eit år tatt seg råd til å ha hordar av ungdom virrande rundt i veker, på jakt etter meininga med livet, uniformert i raudt og blått. «Vi må unne oss ein fest etter 13 år på skulen», lyder omkvedet.

LES MEIR: Religiøs russ kan ha rusdempende effekt

Våt draum

Stopp, stopp, seier kunnskapsministeren idet rektorane fyller ut vitnemål så blekket skvett. Eg set no ned eit utval som skal vurdere endringar i skuleåret, forklarar han, idet elevar og foreldre togar inn til avslutningsfestar. Statsråden er nøye på at han ikkje har akutte planar om å oppfylle russens våtaste draum: Flytte eksamensperioden til før russetida – altså siste eksamen før den heilage festdagen 17. mai.

Ein dag

Lat oss ta ein sving ut i Norden. I Finland er russe­tida lagt til éin dag i februar. Frå midtvinters til skule­slutt brukar finske ungdommar tida på å perfeksjonere seg til eksamen. I Sverige og Danmark blir festen lagt etter at eksamen er unnagjort; i slutten av mai og byrjinga av juni.

«Vi kan ikke flytte eksamen bare på grunn av en ­privat fest, som russetiden jo er», forkynner dann-ingas­ faneførar blant dei blåblå. For å få timeplanen til å gå opp kan både haustferie og vinterferie bli inndratt. For evig og alltid.

LES MEIR: Ikke stor forskjell på kristenruss og vanlig russ

Tener ekstra

Er der vilje til å gå andre vegen? Setje ein stoppar for feiringa før eksamen og fylle våren med førebuing? Tja, det vil utvalet vise. Eitt er sikkert; det er tid for reparasjon. Fleire som no står med vitnemålet i handa vil springe strake vegen til privatskular som skal rette opp feila frå i vår. Det er alltid nokon som tener ekstra på russetida.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter