Nyheter

Skoten i kyrkja

Oscar Romero vart helgenkåra. Mannen som blei myrda av ein USA-støtta dødsskvadron, blei ikkje avkrevd mirakelprov.

El Salvador var i århundre landet som var eigd av 14 familiar, eit oligarkisk samfunn som støtta seg på militæret i utbyttinga av fattige landarbeidarar. Det ekstremt høgreorienterte regimet i hovudstaden San Salvador var ein marionett i USAs bakgard, så då den venstreorienterte geriljaen FMLN tok opp kampen for eit anna El Salvador, blei borgarkrigen eit ektefødd barn av den kalde krigen: USA mot Sovjetunionen, utspelt på salvadoransk jord.

LES STURLA STÅLSETTS KRONIKK: Frigjøringsteologiens helgen?

Farleg mann

FMNL og dei som tala dei fattiges sak blei stempla som marxistar, og dermed farlege for staten. Fremst i flokken av «farlege menn», stod erkebiskopen i El Salvador, Oscar Romero. Hans bodskap om rettvis fordeling, som gjorde han til Nobels fredspriskandidat i både 1978 og 1979, blei av regimet stempla som samfunnsnedbrytande.

24. mars 1980 blei Oscar Romero myrda i eit sjukehuskapell i San Salvador. Drapet på Romero var det første mordet på ein erkebiskop sidan erkebiskopen av Canterbury, Thomas Becket, blei hogd til døde i Canterbury-katedralen i 1170. Akkurat som Becket starta som kongens mann, var Romero dei mektiges utvalde. Men han blei dei fattiges erkebiskop.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Trygla Carter

Kort tid før han blei myrda skreiv Romero brev til dåverande president i USA og trygla om at Washington kutta dei militære forsyningane til El Salvador, forsyningar som blei delt ut til dødsskvadronane og paramilitære avdelingar som jakte sivile som stod opp mot regjeringa.

Jimmy Carter, som i dag helst vil vere kjent som fredsengel og fredsprisvinnar, vende det dauve øyra til Romeros bøn. Styresmaktene i El Salvador fekk det dei bad om, for marxistar trua stabiliteten. 12 år seinare var 75.000 sivile døde i ein av Mellom-Amerikas skitnaste krigar.

I 2015 er tida inne. Pave Frans, sjølv teolog frå Latin-Amerika, har parkert alle innvendingar frå konservative kardinalar som i ei årrekkje har hindra saligkåringa av Romero. Teologen som gav dei stemmelause ei stemme skal bli helgen.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter