Meninger

Mennesket bak tiggaren

Det gjer vondt når mytar brest. Nordmenn flest er nøydde til å rydde på våre eigne bakrom.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Den nye forskingsrapporten om rumenske tiggarar i Skandinavia rammar meg hardt i mellomgolvet. Eg vil tru at eg ikkje er den einaste. Den tydelege konklusjonen frå Anne Britt Djuve og dei andre forskarane bak Fafo-rapporten knuser ­myter som eg sjølv har brukt til å døyve mitt eige dårlege samvit og erstatte det med eit godt.

Ifølgje rapporten finst det ingen teikn til bakmenn som ­organiserer rumensk tigging på gatene i Oslo, Stockholm og ­København. Det finst ingen ­tydeleg samanheng mellom ­tigging og kriminalitet. Tiggarane lever faktisk i ekstrem fattig­dom. Og ni av ti ville heller hatt ein vanleg jobb enn å sitte med koppen på gata.

LES MER: Oslo-folk behandler tiggerne verst

Nettverk

Sjølv går eg som ­regel forbi rumenske tiggarar på gata utan å gi dei noko. Kvifor ikkje gi ei lita almisse, ein ­liten slant? Jo, fordi eg har tenkt at pengane ikkje kjem dit dei trengst mest.

Når eg har passert rumenske tiggarar i Oslo sentrum, har det vore vanskeleg å sjå mennesket bak tiggaren. Tanken om at ­tigginga er organisert, at menneska på gata er ikkje dei mest trengande, men del av eit større nettverk, har ligge der. Eg har tenkt at støtta mi går til andre trengande, gjennom velprøvde og seriøse organisasjonar og ordningar.

Mistanken har vore at dei ­fattige på gata ikkje er dei verke­leg fattige. I verste fall endar ­pengane hos kriminelle bakmenn.

LES MER: – Sammenhengen mellom organisering og tigging er ­veldokumentert, mener Høyre

Kamp

Dette argumentet har vore trumfen i ein kamp som har gått føre seg både på den politiske­ arenaen og i våre eigne­ sinnelag. Som så mange andre ønskjer eg ikkje å vere ein velfødd nordmann utan omtanke for dei svakaste.

Då har det vore komfortabelt å utelukke dei rumenske tiggarane frå denne gruppa.

LES MER: KrF og Venstre vil ha omkamp om tiggerforbud

Fortrenging

Denne rustninga av prinsipiell tenking var ikkje bygd av solid material. For det er god grunn til å lytte til undersøkinga, der 1269 personar er intervjua på gata. Konklusjonen samsvarer også med funna i NOVA-forskar Ada I. Engebrigtsen si rapport frå 2012. Likevel peiker ulike politiske røyster på tidlegare dokumenterte samanhengar mellom menneskehandel og tigging.

Michael Tetzschner (H) vil ikkje kommentere sjølve rapporten, mens stortingspolitikar Jan Arild Ellingsen (Frp) seier det på denne måten: «At rapporten ikke har avdekket bakmenn, ­betyr ikke nødvendigvis at de ikke finnes.»

Ellingsen kan ha rett i dette, men utsegna minner meir om fortrenging av fakta til fordel for eit allereie gitt standpunkt.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Fordommar

Her sprenger Fafos forskingsrapport seg inn i våre kvardagsliv. No må vi endre haldningar. Det er opp til kvar enkelt av oss å halde på fordommar. Dessverre er det stor fare for mange vil gjere nettopp det. Kvifor blei ikkje mytane knuste­ allereie i 2012? Er det fordi vi nektar å ta realitetane innover oss? Mange ser ikkje minst romfolk som uønskte element i eit hyggeleg bybilete. Er det for tøft å sjå eit vanleg fattig menneske i auga?

Det vekte internasjonal oppsikt då norske politikarar ønskte å innføre eit tiggarforbod. Men mistanken mot og irritasjonen over utanlandske tiggarar har vekst seg større enn den bibelske bodskapen om å ta seg av dei fattige.

LES MER: Møt nordmennene som ba tiggerne inn

Vekkar

For min eigen del er Fafo-rapporten ein vekkar. Det burde han vere for fleire. Som forskningsleiar Djuve kommenterer: «Det er veldig mange som har ment sterke ting om denne gruppa uten å ha noe kunnskap om den. Nå kan de slutte å diskutere romfolk basert på rykte og usanningar.»

Debatten om tigging får no eit heilt anna faktagrunnlag. Men like viktig er haldningane våre, som vi alle no blir tvinga til å jobbe med. Når det viser seg at tiggarane faktisk er fattige likevel, og at dei ikkje er styrte av bakmenn, har det implikasjonar for korleis vi møter dei. Kanskje har vi ikkje så lyst til å ta det inn over oss. Men det er mange som blir nøydde til å rydde på eigne bakrom.

Mennesket er meir enn det du ser. Vi kan seie det på ein annan måte: Tiggaren er meir enn det du trudde du såg.

LES MER: Fattige europeere bor i norsk slum

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Meninger