For nokre år sidan samanlikna forfattaren Jon Fosse sin eigen skriveprosess med det å vere i bøn. Katolikken Fosse er ikkje den einaste som inkluderer det metafysiske i sine litterære metodar og tematikkar. Her i avisa har eg tidlegare skrive mykje om Guds etter kvart svært så store nærvær i den norske samtidslitteraturen. Det seinaste vesle skotet på denne stammen er dei fire forfattarane som har skrive tidebøner til framføring i Molde domkyrkje under Bjørnsonfestivalen denne veka.
Bønepuls
Bøn og bibel er ikkje lenger noko som er reservert for kyrkjerommet, bedehuset og andre kristne forsamlingslokale, eller for stille krokar i heimen. Bibelen er ein drivar i skjønnlitterære utgivingar frå Karl Ove Knausgård (En tid for alt) og Hanne Ørstavik (til dømes Presten) til Lars Petter Sveen (Guds barn) og Inger Elisabeth Hansen (Å resirkulere lengselen, avrenning foregår). Bøna gjer mellom anna nedslag hjå ein forfattar som Nils-Øivind Haagensen. Han var nominert til Nordisk råds litteraturpris for God morgen og god natt, ei diktsamling der bøna til Gud stod sentralt.
Bøna, som med si direkte vending til Gud både er ei kristen trushandling og ein særeigen litterær sjanger, inneheld stor potensiell kraft. Det er interessant at stadig fleire norske forfattarar ser ut til å oppdage dette. Den litterære vendinga mot Gud ser ikkje ut til å minke med det første.