Kultur

Knausgårds kamp mot kyklopane

Der amerikanarane hyllar Karl Ove Knausgårds ­romankunst, blir forfattaren stigmatisert i Sverige. 
Men det er uttrykk for ein nymoralsk kamp?

Knausgårds kamp tek stadig nye vendingar. Den norske debatten om forfattarskapet har ikkje hatt så høg temperatur dei seinaste par åra. Forfattaren sjølv har vore mest synleg i andre samanhengar, ikkje minst som forleggar og standhaftig forsvarar av Peter Handkes litteratur. Den norske Handke-debatten, der fleire meinte at Handkes ­politiske ytringar og standpunkt diskvalifiserte han for Ibsenprisen, kan nok reknast for den mest oppheita litterære debatten her til lands etter debatten om Knausgårds romanverk Min kamp. Eit klimaks var då Knausgård tvinga PEN-leiaren William Nygaard i moralsk og retorisk kneståande – han måtte innrømme å ikkje ha hatt godt nok grunnlag for utsegnene sine.

LES KOMMENTAR: Det store fallet

Sin eigen advokat

Nyleg rykka­ Knausgård ut på nytt, med visse parallellar til Handke­debatten, denne gongen for å forsvare seg sjølv. Bakgrunnen er ikkje minst ein kommentar den svenske litteraturvitaren Ebba Witt-Brattström skreiv i avisa­ Dagens Nyheter. Med stikk til den svenske forfattaren Stig Larsson (ikkje krimforfattaren) og Knausgårds Ute av verden og Min kamp 4 er ho kritisk til forfattarane si skildring av begjæret etter mindreårige jenter. Endå ein gong rammar Witt-Brattström den såkalla kulturmannen, hardt. Knausgård svarte med ein lang tekst om Sverige som eit land av kyklopar – desse dumme og einauga skapnadene frå gresk mytologi. Hos kyklopane står moralen og ideologien over litteraturen, meiner Knausgård, og litteraturen er bunden på hender og føter. Det er tydeleg at forfattaren er frustrert over dei som ikkje torer å seie noko anna enn det politisk korrekte.

Etterlyser støtte

Homers Odysseen fortel om korleis Odyssevs slapp unna kyklopen ­Polyfemes ved å kalle seg for «Ingen». Dermed kom det ikkje andre kyklopar støttande til når Polyfemes ropte at «Ingen» plaga­ han. Som romanforfattar og samfunnsdebattant har ikkje Karl Ove Knausgård kalla seg for «Ingen». Han har tvert om kalla­ seg for Karl Ove Knausgård, både i romanar og debattinnlegg. Det ligg ein ironi i at det er Knausgård som no ropar om støtte, og som kjenner seg utsett for nådelause personkarakteri­stikkar. Nettopp desse utgjer ein vesentleg del av dei etiske problemområda i Min kamp. «Dette er ingen fiksjon. Jeg som skriver dette, er et virkelig menneske, og mine barn er virkelige barn,» sluttar Knausgård sin forsvarstale, der han særleg reagerer på Witt-Brattströms bruk av o­mgrepet «litterær pedofili». Det er då også ein svært ugrei bås å bli plassert i.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Feminisme

Witt-Brattström, som torsdag deltok i Kritikerlagets debatt om kritikk og politikk på Litteraturfestivalen på Lillehammer, har tidlegare markert seg med feministiske fortolkingar av Knausgårds litteratur. Desse er blitt møtt med både jubel og skepsis i ulike leirar. Men Knausgård, som må kunne seiast­ å ­utforske ein del reaksjonære tankar og haldningar i litteraturen sin, må framfor alle tole å bli lesen og kritisert i eit feministisk perspektiv. Det må vere legitimt å komme med tøffe kritikkar både av Knausgårds litteratur, dei etiske vala han har tatt i bøkene sine og utsegner han har ytra i offentleg debatt. Ikkje minst fortener Knausgård motstand for synspunkt som at det første menn tenker på når dei møter ei kvinne, er korleis det er å ligge med ho. På seg sjølv kjenner ein andre, heiter det i ordtaket, men det er også farleg å gjere eigne skitne tankar til ei ålmenn lov.

LES KOMMENTAR: «Menn får seksuelle tanker i kontakt med kvinner»

Stigmatisert

Det kan samtidig ikkje vere det einaste perspektivet vi les Knausgårds ­forfattarskap med – det blir ­reduserande. Det er pussig å sjå korleis Knausgård blir stigmatisert og nærmast moralsk fordømt i Sverige samtidig som han blir hylla for bøkene sine i det puritanske USA. Har svenskane, som i alle år har delt ut Nobelprisen til framståande litteratur med «idealistisk retning», dratt Knausgård inn i ein nymoralsk kamp? Det er ikkje lett å svare eit eintydig ja eller nei. Etisk kritikk er både legitim og viktig, men både den etiske og den politiske­ kritikken kan vere betydeleg meir treffande enn Knausgård har opplevd i Sverige.

Her i Noreg har både Knausgård og Witt-Brattström skrive­ regelmessig i den venstre­orienterte avisa Klassekampen. I ­Sverige er Knausgård plassert langt ut på den politiske høgrekanten, slik til dømes Aftonbladets kulturredaktør Åsa Linderborg skriv at ho er blant dei få kvinnelege lesarane på venstresida som til dels likar bøkene­ hans. Ikkje rart Knausgård kjenner seg misforstått hjå svenskane.

Forfattaren skildrar Sverige som eit land fullt av hat og ­redsel. Han har budd der i 13 år. Kanskje er han begynt å lengte heim.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur