Nyheter

Jødehat som suvenirar

På marknaden i Krakow kan turistane kjøpe 
jødekarikaturar som suvenirar. Det er framleis grunn 
til å ta antisemittismen i Europa på djupaste alvor.

Neste helg blir den euro­peiske jødiske kulturdagen markert over heile Europa. Situasjonen for europeiske jødar er langt ifrå trygg og avklart. Tvert om har forskarar påpeikt at jøde­hatet veks i økonomiske nedgangstider. Aukande arbeidsløyse og fallande børsar kan gi grobotn for antisemittisme.

På marknaden i den polske byen Krakow, ikkje langt frå konsentrasjonsleiren Auschwitz, finst det i dag døme på stigmatisering av jødar som kan minne om det jødane blei utsette for gjennom den nazistiske propagandaen på 1930-talet. Der kan turistane nemleg kjøpe karikerte jødefigurar i tre, gjerne framstilt som pengepugarar.

Seigliva myte

Ei av dei mest seigliva mytane om jøden er at han er grisk. Med eit overdrive 
stort snyteskaft og ei delvis 
krøpla kroppshaldning vekker ikkje trefigurane gode kjensler.

Men jødesuvenirane er fritt til sals. Det er marknaden som rår, som det heiter. Vil turistane ha jødekarikaturar, så skal dei 
jammen få jødekarikaturar, 
synest å vere den underliggande tanken.

Trefigurane frå Krakow står sentralt i ei utstilling som opnar i Trondheim neste helg. «Folkemord som suvenir?» heiter utstillinga i Trondhjems Kunstforening, som ein del av femårsjubilanten Jødisk kulturfestival Trondheim.

LES OGSÅ: Slik ble « jøde- nesen» til

Millionar døde

Jødane i 
Polen vart hardt ramma under Holocaust, der storparten av dei over tre millionane i landet vart utrydda. I dag bur det berre 
nokre få tusen der, og nesten 
ingen i Krakow, der ein kan kjøpe 
jødefigurar på marknaden 
som ein kjøper modellar av Eiffel­tårnet i Paris. Og det er fare på ferde når Davidsstjerna blir brukt til å trakassere motstandaren sitt fotballag.

Ifølgje kuratoren for utstil­linga i Trondheim, Henriette Kahn, er situasjonen i Polen slik i dag. Kahn er sjølv jøde og har opplevd å bli kalla for «jødesvin» i oppveksten. Med utstillinga ønskjer ho å få oss til å reflektere over kvifor slike jødekarikaturar kan florere på den polske marknaden så nært i avstand frå konsentrasjonsleiren Auschwitz.

Nazistisk avis

I tillegg til 
trefigurane viser utstillinga oss mellom anna utklipp frå den 
nazistiske avisa Der Stürmer, som kom ut i Tyskland i 1930-åra, teikningar frå det jødiske 
livet i Polen før nazismen og kvardagsfotografi av jødar i Trondheim på 1930-talet.

Det er god grunn for oss nordmenn å ta innover oss den 
aukande antisemittismen ute i Europa. Sjølv om situasjonen ikkje er like ille i Noreg, veit vi at «jøde» framleis er eit mykje brukt skjellsord i skulen. Det nasjonale samvitet vårt er slett ikkje plettfritt, med jødeparagrafen i Grunnlova og sviket mot norske jødar under andre verdskrigen som to mørke døme.

LES OGSÅ: – Det er blitt flere jødiske ekstremister

Gode tiltak

I den seinare tida har vi sett positive initiativ, som Fredens ring, her til lands, der unge muslimar slo ring rundt synagogen i Oslo. Tilsvarande er det positivt med dei mange jødiske kulturfestivalane som blir arrangerte rundt omkring i Europa, somme av ikkje-jødar.

På Jødisk Kulturfestival Trondheim står det ei rekke konsertar, debattar og andre kulturarrange­ment på programmet, i tillegg til utstillinga. Aftenposten-
redaktør Harald Stanghelle, 
forfattar Marte Michelet og forskar Øivind Kopperud deltek i panel­samtalen «Hva er det med 
Norge og jødene?» Ståle Kleiberg har komponert eit protestverk mot Auschwitz, basert på diktet 
«Todesfuge» av den jødiske diktaren Paul Celan, mens det tyske bandet Daniel Kahn & The Painted bird spelar i skjerings­punktet mellom klezmer, radi­kale jiddish-songar, politisk 
kabaret og punk-folk.

LES OGSÅ: – Vi jøder må gå i oss selv

Relevant

Jødisk Museum i Oslo er ein annan institusjon som er verdt å følgje med på. I sommar viste dei ei utstilling om kvinner i jiddish kultur. Press forlag ga ut Eva Scheers leseverdige bok Jødiske fortellinger. Fra shetl til Grünerløkka.

Neste laurdag spelar Det jødiske teater i Bucuresti i førestellinga «Der Jiddisher King Lear» på museet. Søndag blir det føredrag av direktøren Maia Morgenstern, også kjent som Jesu mor i Mel Gibsons The Passion of the Christ.

Den europeiske jødiske kultur­dagen vedkjem oss alle. Fordommane har vekstvilkår der vi 
ikkje aktivt søker kunnskap og forståing.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter