Nyheter

Høies angst

Når ein helseminister får angst, er det grunn til uro. Politisk berøringsangst er ikkje sunt.

Tidlegare i år slo ­helse- og omsorgsminster Bent Høie fast at det er fritt fram etter abortlova å utføre selektiv fosterreduksjon også av friske foster: Altså å abortere ein eller fleire av fleirlingar dersom foreldra ønskjer det. Utan annan grunn.

Dette var konklusjonen til lovavdelinga i Justisdepartementet – og statsråd Høie gjorde det klart at dette var det endelege svaret. Tidlegare hadde departementet sagt at fosterreduksjon berre var lov ved stor fare for ­alvorleg sjukdom hos fosteret. Den nye lovtolkinga sa altså at det same gjeld for friske foster.

LES MER: Norske kvinner orker ikke tanken på å bli tvillingmødre

Kollisjonskurs

Høie kom på kollisjonskurs med sentrale fagmiljø siden det ikkje er påvist nokon medisinsk gevinst, men heller utløyser ein medisinsk risiko for spontanabort. Og han utløyste ein medisinsk-etisk debatt.

Men Høie har vore ubøyeleg. Han har avvist all kritikk, stått på tolkinga og gjort det klart at han ikkje vil føreslå å endre abortlova. Så har statsråden gått i hi og låst døra til hiet, ser det ut til.

Organisasjonen Menneskeverd har samla inn nær 20.000 ­underskrifter i protest mot lovtolkinga. Men helse- og omsorgsminister Bent Høie nektar å ta imot underskriftene, fortalde generalsekretær Liv Kjersti S. Thoresen i Menneskeverd i eit innlegg her i avisa onsdag.

LES MER: 2 av 5 dansker mener menn bør kunne kreve abort

Ikkje ville han ta imot ein delegasjon – han ville først ha underskriftene i posten. Men til slutt sende Høie den politiske
rådgjevaren sin, Fredrik W. Gjerløff, med mobiltelefonen: På SMS melde Gierløff at sidan kravet frå Menneskeverd ifølgje departementet inneber krav om lovendring, er Stortinget rett adressat. Høie vil ikkje ein gong sjå protestane.

KRISTIN CLEMET: Om instinktiv motvilje mot tvillingabort

Taus

Her i avisa sende vi både innlegget til Menneskeverd og eit tidlegare innlegg med skarp kritikk av lovtolkinga over til Helse- og omsorgsdepartementet. Det skjedde straks innlegga hadde
stått på trykk for at statsråd Bent Høie raskt skulle få høve til å svare.

Vi rekna for så vidt med at begge innlegga blei oppdaga av den store kommunikasjonsavdelinga i departementet, men like fullt. Vi har ikkje fått eit pip tilbake – verken på den første eller den andre oversendinga.

Når det er så musestille og døra er stengt for dei som vil protestere, må vi spekulere på årsaka. Den mest nærliggjande forklaringa er at helse- og omsorgsminister Bent Høie har fått eit anfall av kronisk angst – diagnosen må lyde: kronisk politisk berøringsangst.

Han fekk svimerke på fingrane av striden om reservasjonsretten for fastlegar. Høie stod i starten på for kravet om at fastlegar skulle få reservere seg mot å sende kvinner vidare til eit abortingrep. Men så vart protestane så voldsomme. Kritikarane fekk forslaget til å høyre ut som strikkepinnane vart henta fram på nytt og ein hær av fastlegar og kristne støttespelarar stod klare til å torpedere heile abortlova.

Løysinga vart å sende abortsøkjande kvinner utanom fastlegane – og å overlate til til dømes Sauherad kommune å sparke ein fastlege som nektar å setje inn spiral.

LES MER: Advarer kristne mot abort etter incest

Opphissa

Stemninga i reservasjonsstriden vart så opphissa at det vart klart for mange at abortlova er eit tema som det i praksis er uråd på diskutere. Ikkje eit komma, ein gong.

Lovtolkinga er på eitt vis heilt grei – vurdert strengt ut frå abortlovas indre logikk. Men dersom denne logikken faktisk seier at sjølv medisinsk risikofylte og etisk høgst omdiskuterte metodar som var utenkjeleg på 70-talet, automatisk er lov i dag, har vi gitt oss ut på ei ferd vi bør stoppe og drøfte.

Det vågar ikkje Høie vere med på. Dei politiske seinskadane etter den forrige debatten om reservasjon for fastlegar er tydelegvis så merkbare at han for alt i verda ikkje vil bli sett saman med Liv Kjersti S. Thoresen i Menneske-
verd i ei sak som handlar om abort.

Statsråden ber Menneskeverd leggje underskriftene på Løvebakken. Høie satsar vel på at Kjersti Toppe i Sp eller Olaug Bollestad i KrF tek imot, så slepp statsråden å nærme seg saka.

Det er leit for debatten at abort framleis er eit vepsebol sentrale politikarar ikkje vil røre. Samvitsdebatten i breidt perspektiv får vi håpe vi kan klare ein sakleg runde om når Samvits-
utvalet innan 1. september kjem med innstillinga si.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter