Klima

Grøn misjon

Misjonsfolket er nøydde til å ta 
miljøspørsmålet på djupaste alvor.
 Det motsette er direkte ubibelsk.

Kan klimaengasjement svekke det kristne misjonskallet? Bibel­omsettar Norvald Yri er på ville vegar når han i ein kronikk i Vårt Land antyder dette­. I praksis skuldar han både ­generalsekretær Øyvind Åsland i Norsk Luthersk Misjonssamband og tidlegare generalsekretær i Normisjon, Rolf Kjøde, for klimasvermeri. «De grønne ‘vekkelsene’ som blåser, har lite ­eller ingenting med bibelsk ­misjon å gjøre, selv om de omtales i mange­ leire som topp-aktuelle for vår klode!» skriv Yri.

Dessverre er det Yri sjølv som er svermaren her.

LES OGSÅ: Misjonssambandet sa nei til å droppe Kina

Inga motsetning

Yri ser ikkje skogen for berre tre. Han heng fast i ei mekanisk forståing av misjon, der forkynning til frelse­ verkar separert frå diakonalt ­arbeid og omsorg for skaparverket. Det er ubegripeleg at Yri, som har brukt så mykje tid på å omsette Bibelen til norsk, ikkje ser at misjonsoppdraget er nøydt til å inkludere forvaltaransvar.

Det er inga motsetning mellom misjon og klimaengasjement. Miljøspørsmålet er ikkje eingong ein forstyrrande faktor. Derimot er omsorga for skaparverket ein integrert del av den kristne trua. Den sanne misjonæren er grøn.

LES OGSÅ: Leder milliardkonsern på misjonærlønn

Skiten flekk

Yris frykt er ikkje eineståande, sjølv om ho er på kraftig retur. Miljøspørsmålet har lenge vore ein skiten flekk i den lågkyrkjelege kristendomsforståinga. Der paven sender ut klimarundskriv og prestar og ­biskopar i Den norske kyrkja har vore på den grøne banen i lang tid, har bedehusfolket tradisjonelt sitte stille på sidelinja. Det har vore lite å høyre frå talar­stolane om miljø­medvit og klima­engasjement, og fleire har nok hamna i fella å tenke at spørs­målet ikkje er vesentleg nok.

For å sette det på spissen: Kva betyr det om verda går under, når dei truande uansett skal til himmelen?

Ein slik tanke er både sjølvgod, egoistisk og i strid med det Bibelen fortel om Guds skaparverk. Allereie i 1. Mosebok slår Gud fast at «Jorda skal bli grøn!» Jorda bar fram grøne vekstar av alle slag – og Gud såg at det var godt.

Det stoppar ikkje her. Den grøne tråden går gjennom heile Bibelen, via salmistens «grøne enger» og fram til Jesu frelsesbodskap.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Naturmetaforar

For det er ikkje bibelsk å forkynne evangeliet om Guds frelse med munnen og la hjartet vere steingrunn for klimaengasjement. Jesus brukte ei rekkje naturmetaforar når han formidla bodskapen sin: Guds rike kan liknast med eit sennepsfrø. Menneskesonen sår det gode kornet. Åkeren er verda.

Det er ikkje for ingenting at eitt av misjonsfolkets sterkaste motto er bibelsitatet: «Høsten er stor, men arbeiderne få.» Jesu bodskap om frelse er gjennomgåande skildra med utgangspunkt i eit klima som gir grøde. Jesu frelsesbodskap var grøn.

LES OGSÅ: Ber om norsk støtte også i fremtiden

Godt førebilete

Misjonsfolket kan heilt sikkert lære av Jesus. Det handlar ikkje om å slå vrak på det sentrale til fordel for rammevilkåra. Men om rammene ikkje er på plass, er det ikkje sikkert at den sentrale bodskapen vinn fram i tilstrekkeleg grad.

Heilt konkret: Om misjonfolket ønskjer å nå fram med evangeliet, er dei nøydde til å ta miljøspørsmålet på djupaste alvor.

LES OGSÅ: – Misjonsorganisasjoner må bli mer fleksible

Verdas håp

Det er dette misjonsleiinga har byrja å forstå. Når til dømes generalsekretær Øyvind Åsland i Norsk Luthersk Misjonssamband uttrykker at klimaengasjement er ein naturleg konsekvens av Jesu tale om å ta vare på den svake, bør haldninga få full støtte av dei som er samla på Misjonssambandets generalforsamling denne veka.

Å komme trekkande med mistru, bekymring og vage hint om liberal teologi, er rett og slett bak mål.

Dette er ikkje klimasvermeri. Det handlar om verdas håp.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Klima