Nyheter

Grøn 
blodstein

Generalane i Myanmar lovar å gje frå seg politisk makt. Men dei snakkar ikkje om blodsteinane.

«Minst 90 gruvearbeidere omkom og mange er fortsatt savnet etter et stort skred ved en gull- og jadegruve nord i Myanmar», meldte NTB i går. Bak den korte teksten ligg ei historie om grøne steinar, grov utbytting og milliardinntekter. Medan dei borgarkrigsherja vestafrikanske landa Liberia og Sierra Leone blei kjende for sine bloddiamantar, har Myanmars generalar jade, grøne steinar, med blod på.

Då Myanmar gjennomførte det historiske parlamentsvalet 8. november, fekk ingen i Kachin delta i valet, for der rasar det ein intens borgarkrig mellom regjeringsstyrkar og etnisk milits, Kachins frigjeringshær (KIA). Dermed kom det heller ikkje valobservatørar til Kachin.

Kva er det Myanmars mektige løyner i Kachin?

I Hpakant, som ligg i delstaten Kachin, ligg dei store jadegruvene som er eigde eller kontrollerte av menn i uniform. Jade er ein grøn smykkestein, og nord i Myanmar ligg eit av verdas største jadefelt.

Men inntektene når ikkje fram til dei som treng det mest, landets befolkning. 70 prosent av dei lever tett på fattigdomsgrensa.

LES OGSÅ: Gratulerte Aung San Suu Kyi med seieren

Menneskerettsorganisasjonen Global Witness har spadd i jadelandskapet i Kachin. Deira rapport som kom i oktober fortel at den illegale handelen med dei grøne steinane kom i fjor opp i svimlande 260 milliardar kroner. For å setje storleiken i ein forståeleg samanheng, er 260 milliardar kroner halvparten av Myanmars offisielle bruttonasjonalprodukt.

Global Witness seier jadeutvinninga i Kachin er eit av dei aller største naturressursane i nyare tid. Rundt to tredelar av den beste jaden som blir bydd fram på verdsmarknaden, kjem frå Myanmar. Men generalanes jadehandel er ikkje open. Brorparten av jaden blir selt illegalt til nabolandet Kina.

Medan jadeinntektene til generalene veks, døyr det stadig fattige gruvearbeidarar i Hpakant. Og på flyplassen i Yangoon handlar turistar jadesmykke. Med raude flekkar på.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter