Musikk

God miks på Miniøya

Jubileumskonserten for Knutsen & Ludvigsen sendte ikkje grevlingen heilt i taket. Men Miniøya er framleis eit supert tilbod for barnefamiliar.

Musikk- og kulturfestivalen Miniøya har no halde det gåande i seks år. Den alkohol- og tobakksfrie festivalen er eit glimrande tilbod for barnefamiliar i Oslo. Også i år står det mange ulike musikk- og kulturopplevingar på programmet, frå konsertar, dans og teater til akrobatikk, lesetelt, rebusløyper og ansiktsmaling. Hordane av småbarn med kattemaling i ansiktet vil anten frike deg ut eller gjere deg mjuk om hjarterota. Eg tilhøyrer den siste kategorien, og hadde ei fin stund då eg besøkte Miniøya på laurdag. Det hadde også statsminister Erna Solberg, som blei vist rundt på området av festivalsjefane Paulina (9), Ånund (11) og Eskil (7).

Nytt av året er visstnok økologisk sukkerspinn – bærekraft kan gjerne smake søtt. Miniøya satsar i det store og heile på å vere ein grøn festival. Ved å lære barna gode miljøvanar, kan ein endre vanane til heile familien.

LES OGSÅ: Vil utfordre dei minste

Sosialt ansvar

Riktig og godt tenkt er også samarbeidsprosjekta med Røde Kors, SOS-barnebyer, Kompass & Co, læringssenteret Tveten gård, Gatekunstakademiet og Dragen Fritidsklubb. Alle desse aktørane er med på å fremje samhald og sosialt ansvar.

Miniøya er flinke til å legge til rette for barn, og samtidig gjere det attraktivt for vaksne å vere med. Konsertprogrammet er variert nok til å halde interessa hjå publikum oppe, gjennom både klassisk og hardrock til hovudkonsert til ære for Knutsen & Ludvigsen.

Hyllestkonsert

Gustav Lorenzen, betre kjent som Ludvigsen, døydde brått for fem år sidan. Eg gløymer aldri konserten han og Øystein Dolmen (Knutsen) spelte på den «store» Øyafestivalen i 2006 – ein av dei flottaste timane i Øyas historie. På Miniøya laurdag hadde eit stort knippe artistar gått saman om å feire Knutsen & Ludvigsens 45-årsjubileum, med bandet Ila Auto som drivande musikalsk kraft.

Øystein Dolmen var sjølv på scenen under eit par av låtane, i duett med Egil Hegerberg og Bertine Zetlitz. Andre involverte var blant andre Sondre Lerche, Erlend Ropstad, Marte Wulff, Rita Eriksen og Ravi.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Sprikande

Dessverre nådde ikkje denne jubileumskonserten dei same musikalske høgdene som Knutsen & Ludvigsen-konserten på Øya gjorde det i 2006 (sjølv om det er litt urettvist å samanlikne). Det var mange fine låtar og eit nokså sprikande uttrykk, omtrent som på ein nobelpriskonsert. Og banning på scenen, på ein barnefestival, kva er det for noko, Mariann Rosa?

Men barna song med på dei mest kjente Knutsen & Ludvigsen-låtane, og vi var alle glade og berre bittelitt kalde i det grå laurdagsveret. Sjølv om grevlingen ikkje gjekk fullstendig i taket, er Miniøya framleis den beste festivalen som er ferdig til klokka seks.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Musikk