Kultur

Garderobepreik

Ein skitten straum flyt ut over landet. Norske menn må ta eit oppgjer 
med griseprat og kvinnefiendtlege haldningar.

I det siste er det blitt meir og meir tydeleg for meg at vi lever i eit barbarisk samfunn. Eg trudde vi var komne lengre, men det har vi ikkje. Store samfunnsgrupper i eit av verdas mest likestilte land kjenner behovet for å lire av seg grovisar og komme med nedsettande omtale av kvinner. Slik skal menn få vere menn. For dette er argumentasjonen: Menn likar skitpreik, og menn likar å gjere narr av feministar. Er det så farleg, då?

LES MER: Likestilling til tross – kvinner sliter med de små ydmykelsene i arbeidshverdagen

Porno

Ein del menn likar tydelegvis også å spreie nakenbilete av kjente norske bloggarar i forumet sitt. Talsmann for den etter kvart så famøse Facebook-gruppa «Mannegruppa Ottar», Kay Erikssen, signaliserte i eit intervju med Aftenposten at det var urettferdig at bloggar Sophie Elise Isachsen slo attende mot mennene som vidareformidla eit nakenbilete av henne. «Hun burde jo heller hengt ut de som faktisk har tatt bildene og spredt dem i utgangspunktet,» sa Erikssen. Resonnementet er særs svakt. Helaren er ikkje betre enn stelaren, heller ikkje når det kjem til hemnporno.

LARS LAIRD IVERSEN: «En kvinne blir ansatt. Sier du: 'Endelig får vi noe pent å se på'?»

Glatt flate

Det digitale samfunnet har mange fordelar og nokre openberre degenerasjonar. Skjermflata verkar å vere så glatt at ordet ikkje fangar. Det som blir skrive i eit forum på nettet, finst likesom ikkje, ikkje sånn på ordentleg. Der kan menn, for det er nesten alltid menn, oppføre seg som uhyrer. Først når dei blir konfronterte av politiet, eller av medier med stort nedslagsfelt, «forstår» dei at dei har gått for langt. Det var ikkje akkurat slik dei meinte det. Somme vel også å legge seg flate.

ANE BAMLE TJELLAUG: «Når barn ser heltene sine på Youtube, ser de også skjult reklame»

Botnnivå

Ein som ikkje legg seg flat, kan bli den neste presidenten i USA. Det er knapt ei sjel i Norge som ikkje har fått med seg Donald Trumps uttrykk for kvinnesynet sitt. Det verste er kanskje ikkje eingong det moralske botnnivået han openberrar ved å skryte av å forgripe seg seksuelt på uskuldige kvinner, men at han i etterkant avfeiar utsegnene som garderobepreik. Han uskuldiggjer altså å skryte på seg handlingar som han kunne blitt straffedømt for, samtidig som han stadig truar med å putte Hillary Clinton i fengsel for epostrotet sitt. Han angrar på det han sa på teipen frå 2005, såpass forstår han at han må gi, men det han eigentleg kommuniserer er at ekte mannfolk eigentleg er som han sjølv – og har dei same rotne samtalane berre dei kan få sitte i garderoben sin i fred.

ÅSTE DOKKA: «Uansett hvor mye man prøver å leve perfekt og få maksimalt ut av tida er det hele ganske latterlig»

Skadeleg

Når ein mann som aspirerer til å bli verdas mektigaste, utrykker slike haldningar, er det fare for at understraumen er stor. Det finst mange sinte, kvite og seksuelt frustrerte menn rundt omkring, og somme av dei utgjer ein god prosent av Donald Trumps potensielle veljarskare.

Andre sit heilt andre stader enn i USA, så som her i Norge, og får ei stadfesting av at det finst menn i alle samfunnslag som deler verdisettet deira: Skitsnakk og nedvurdering av kvinner er ikkje berre noko dei sjølve driv med, det verkar også å vere ein fristad for vellukka forretningsfolk og kommande statsmenn.

Donald Trumps «garderobepreik» er nesten like skadeleg for den norske samfunnsmoralen som russelåtane til Tix & The Pøssy Project.

ALF GJØSUND: «Den neste store krangelen i kirken vil handle om kjønn»

Mobilisering

Viss det då ikkje kan tene til mobilisering. Michelle Obamas tale før helga, som vi hadde leiarartikkel om i laurdagsavisa, sette skapet ettertrykkeleg på plass: Å avfeie Trumps utsegner som garderobesnakk, er ei fornærming mot skikkelege mannfolk. Barack Obama har på si side nyleg erklært at han er feminist. Den avtroppande presidenten og kona hans peiker på kva slags samfunn dei ønskjer seg framover. Der må respekten for kvinner stå i første rekke. Kvinner skal ha dei same rettane som menn, også retten til ikkje å bli behandla som horer.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Inga unnskyldning

Her i Norge treng vi definitivt også mobilisering. Ein skitten straum flyt ut over landet, og kvar enkelt må ta ansvar for å motverke han. Det er ikkje godt nok å søtsnakke om maskuline fristadar eller skulde på ein øl eller to med gutta. Norske menn må ta eit oppgjer med griseprat og kvinnefiendtlege haldningar. Det er inga unnskyldning om dette går føre seg i garderoben.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur