Kultur

Fulle skap

Advent hadde vore dei viktigaste søndagane å halde stengt.

Nordmenn kjem i gjennomsnitt til å bruke nesten 11.000 kroner på julehandelen i år. Det viser anslaget frå hovudorganisasjonen Virke, som Aftenposten presenterte i går. Til saman kjem vi truleg til å handle for 55,5 milliardar kroner dei siste månadane av 2015.

For mange er det bra at handelen tek seg opp før jul. Både gullsmedar, leiketøysforhandlarar og bokhandlarar hadde klart seg dårleg utan julesalet. Dei fleste forfattarar, inkludert meg sjølv, håper at den nyaste boka ein har gitt ut, skal finne vegen til kvar ein juletrefot.

Gavehierarki

Likevel er det grunn til å stoppe opp ein augeblink. Over 6.000 kroner går kvart år med til julepynt, klede og julegåver. Kvinner brukar mest, sjølv om mennene kjem hakk i hæl. Aller mest brukar besteforeldre, som i snitt brukar nesten 9.000 kroner på julegåver til barnebarna.

Her er det viktig å ha to tankar i hovudet på same tid. Gåver er eit uttrykk for omtanke, og i seg sjølv ein positiv ting. I verste fall kan dei bli brukte for å markere hierarki og klasse, som når du får ei altfor dyr gåve frå ein fetter med god råd. I hovudsak er det likevel gode hensikter bak julegåvetradisjonen, og vi unner alle barna å ha pakkane under treet å gle seg til.

Samtidig er det sterke kommersielle interesser knytt til vår årlege godhug for kvarandre.

Er det rett at adventstida kvart einaste år endar med å bli ein gigantisk kjøpefest?

Fulle skåp

I år har vi snakka mykje om søndagshandel. Dei tre første søndagane i desember har i lang tid vore opne for julegåvebonanza. Eigentleg hadde dette vore dei tre viktigaste søndagane å halde permanent stengt.

For mange, ikkje minst for alle som bur trongt i byane, representerer også fysiske gåver eit plassproblem. Vi har skapa våre fulle allereie. Kvar skal vi få plass til endå ei ny iskremmaskin?

Tala frå Virke viser at fleire av oss handlar opplevingar til kvarandre, som reiser, velveretilbod og gåvekort til teater, opera og kino. Det er nok eit godt teikn. Og endå betre dersom julegåva uttrykker eit ønske om å bruke tid saman i 2016.

Tid er vårt største knappleiksgode. Den som gir tid til jul, har gitt det største av alt.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur