Kultur

Finstilt høgreretorikk

Kulturminister Thorhild Widveys budsjettframlegg er prega av færre raude klutar og større vilje til statleg finansiering enn i fjor. Likninga om den frie kunstnaren blir likevel framleis fortald med marknaden in mente.

Då regjeringa la fram statsbudsjettet i fjor, var det med ein forsiktig auke i totalramma. Widvey kan også i år stille med eit budsjett som verken er kutta til beinet eller har fått vesentleg mengder nytt kjøt. Overordna sett er det sett av midlar til mange gode formål: dryge 40 millionar kroner til korfeltet, 45 millionar kroner til utvida gåveforsterkingsordning som no skal gjelde ei rekke andre felt enn museum, 30 millionar kronar til talentutvikling i Talent Norge, 10 millionar kroner til eksport av norske dataspel.

Ei av dei større nysatsingane er 45 millionar kroner til insentivordning for film, som skal lokke internasjonale filmaktørar til å legge produksjonane sine til Norge. Spørsmålet er kor langt denne potten kan nå i å trekke filmregissørar som Martin Scorsese hit til landet. Ein internasjonal storfilm kostar fort mange hundre millionar kroner, så pengane kan forsvinne fort. Men vi kan jo håpe at insentivordninga gir den norske filmbransjen eit løft, ikkje eit skot for baugen.

LES OGSÅ: Sjømannskirken får litt mer penger

Nullmoms

Andre viktige saker er stadfestinga av nullmoms for digitale nyheitsmedier, som også er vesentleg for aviser som Vårt Land. 25 kroner i auka NRK-lisens er det først og fremst NRK sjølv som vil merke noko til – dei hadde ønskt seg tre gonger meir.

Den borgarlege regjeringa har tidlegare hissa på seg delar av kunstnarmiljøet både som følgje av pengekutt, til dømes i innkjøpsordninga for litteratur, og retorikk, der kunstnarane er blitt oppfordra til å utvikle seg som entreprenørar.

Noko av det eg merker meg ved kulturbudsjettet som Widvey la fram i går, er både dei 13 millionar kronene til ulike tiltak for å styrke kunstnarøkonomien og den finslipte ideologiske høgreretorikken.

Då eg skreiv kommentar om kulturbudsjettet i fjor, under tittelen «Hul retorikk», peika eg på den marknadsliberalismen på villspor som fekk ete seg inn i det ideologiske budsjettgrunnlaget. Det frekke poenget til regjeringa var kutt i pressestøtta ville gi «større redaksjonell uavhengighet». Liknande argumentasjon blei brukt om den offentlege støtta til kunstnarane.

LES ALT OM STATSBUDSJETTET HER

Færre raude klutar

I år har Widvey pakka inn bodskapen sin på ein litt anna måte. I tillegg til at ho unngår dei raudaste kuttklutane i budsjettet, er «forteljinga» om budsjettet finstilt på beste borgarlege vis. Den glade bodskapen om marknaden og dei private støttemidlane er så å seie den same, men no heiter det også at «offentlig støtte til smale og eksperimentelle kunstuttrykk representerer viktige investeringer i ny og annerledes tenkning som utvikler og beriker samfunnet».

Kort sagt legg den borgarlege regjeringa opp til ei sterk statleg finansiering av kulturlivet, så det kan bli prega av mangfald, fridom og integritet. Når kulturministeren poengterer at sivilsamfunnet og marknaden ikkje kan sørgje for dette åleine, er det effektiv «smooth talk» før hyllinga av marknadsmekanismane si innovasjonskraft.

Retorikken er med andre ord meir nyansert enn tidlegare, kanskje fordi regjeringa har innsett at den harde marknadsliberalistiske linja ikkje nødvendigvis gir dei største politiske gevinstane.

Ideologien er likevel stabil, i svak stigning. Omtrent som kulturbudsjettet, med andre ord.

LES OGSÅ: Gjør alt klart for endelig skilsmisse mellom stat og kirke

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur