Nyheter

Farleg opning

Julebodskapen frå Kristin Halvorsen var å opne for genmanipulering av ­spirande liv i laboratoriet.

Måndag skreiv lege Morten Horn her i avisa at abortlova har ført oss ut på eit skråplan. Han lista opp ei serie fosteretiske saker som han meiner dokumenterer glideskalaen. Dagen etter melde NRK at Bioteknologirådet tre dagar før jul opna for å genmanipulere embryo – spirande liv – som del av forsking.

LES OGSÅ: Ny studie: Fleire vel vekk foster med hjartefeil

Vil opne ei dør

Sidan 2007 har det vore lov å bruke embryo som er blitt til overs etter prøverøyrsbehandling til forsking i 14 dagar etter samansmeltinga. Biolova forbyr å prøve å lage barn med embryo som er gentukla: Ein skal ikkje la irreversible, laboratorieskapte endringar gå i arv til nye slekter. Dette forbodet har også så langt hatt følgjer slik at det i forsking ikkje har vore opna for å tukle med arvestoffet til spirande liv i laboratoriet.

Men no vil fleirtalet i Bioteknologirådet altså opne ei dør. Julebodskapen frå rådsleiar Kristin Halvorsen var at å endre arvestoffet i kjønnsceller og i spirande liv som likevel skal øydeleggjast, kan vere viktig for å skaffe ny kunnskap for å forstå både biologi og alvorleg sjukdom. At vi i mindretalet på tre finn teologen Gunnar Heiene er ikkje overraskande. At den røynde genetikaren Benedicte Paus også røysta mot å opne døra, påkallar endå større interesse.

LES OGSÅ: «Nesten alle politikere vil ha lavere aborttall, få vil begrunne det»

Teoretisk

Lenge har det å endre på arvestoffet i kjønnsceller og embryo (befrukta egg som har delt seg) vore ei teoretisk problemstilling. Det har ikkje funnest god nok teknologi. Men sidan 2012 har forskarar og ­industri teke i bruk ein ny teknologi som gjer målretta endringar av DNA mykje lettare: Dei klipper og limer i det samla arvestoffet (DNA).

Spørsmålet er om det skal setjast skilje mellom forsking og bruk av slik teknologi i behandling av sjukdom. 40 land har lover som forbyr å la genetiske endringar gå i arv, sidan vi ikkje anar følgjene av slike irreversible endringar. Men mange land tillet forsking, sidan embryoane med nye genar og eigenskapar ikkje blir sette inn i noka livmor.

LES OGSÅ: «Verda ramla saman da vi fekk meldinga»

Utvanna

Skiljet mellom forsking og bruk kan bli utviska. På starten av fjoråret gjekk leiande forskarar ut med ei åtvaring ­etter at kinesiske forskarar hadde publisert ein studie om bruk av klipp- og lim-metoden for å hindre utvikling av ein blodsjukdom. Samstundes er det forskarar som gjerne vil bruke den nye klipp- og limteknikken i arvestoffet til rein grunnforsking.

Og både i Sverige og Storbritannia finst dei som ikkje vil leggje bort tanken på at inngrep i arvestoffet på kjønnsceller ein dag i framtida kan brukast i genterapi for å hindre alvorlege sjukdommar. Eit internasjonalt møte i desember konkluderte med at det ikkje skal opnast for genterapi på kjønnsceller og spirande liv før uklare spørsmål om tryggleiken ved slike irreversible endringar er avklart. Men forsking kan skje, så sant dei genmanipulerte embryoa ikkje blir brukte til å lage barn.

Fleirtalet i Bioteknolgirådet kan altså ha opna ein etisk viktig – og farleg – dørsprekk. Det er ingen grunn til å ta lett på skråplansargumentet – altså at eitt steg fører til eit nytt og meir kontroversielt steg og at det ikkje finst noka varig grense. Rett nok er det ikkje blitt klona menneske sjølv om sauen Dolly blei klona. Men det kan jo også ha med å gjere at Dolly vart så raskt sjuk og døydde at risikoen blei for tydeleg.

Spørsmålet er om det er vilje nok til å seie at vi uansett ikkje skal endre arvestoffet til framtidige generasjonar, dersom teknologien ein dag blir trygg nok og kan stogge ulike sjukdommar. Det vil vere etterkomarane som tek byrda av dei vala vi gjer, og metoden kan sanneleg bli brukt til sortering etter arveeigen-skapar.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Tek ikkje sjansen

Fleirtalet i Bioteknologirådet let til å tru at det vil vere vilje nok til å låse døra når spørsmålet blir å ta metoden i bruk til varige genetiske endringar. Mindretalet tek ikkje sjansen på å opne døra. Med god grunn. Og dessutan: Vi er alt på eit etisk skråplan. Vi har opna for prøverøyrsbehandling med spirande liv til overs. Sidan dei likevel er til overs, er det opna for forsking. Og sidan vi likevel er i gang, kan vi tukle med genane til det spirande livet i laboratoriet. Er det ikkje grenser for kva vi kan gjere ? Kan vi ikkje seie at det spirande livet har eit verd?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter