Kultur

Engelen i Bodø

Årets «ålreite dame» fortener all den heider ho kan få. Shirley Bottolfsen (81) viser oss sann nestekjærleik i praksis.

I går blei den irsk-norske eldsjela Shirley Bottolfsen tildelt Harry Hole-stiftelsens «ålreite dame»-pris. Dette er prisen som kom i stand ved at forfattaren Jo Nesbø overførte alle rettar og inntekter frå romanen Hodejegerne til ei stifting som arbeider for å auke lese-og skriveferdigheiter hjå barn, særleg i utviklingsland. Kvart år går prisen til ein person som har markert seg med idealistisk arbeid, og prisvinnaren får vere med på å bestemme kor prispengane på 1 million kroner skal gå. I år er det Flyktninghjelpen som får pengane, til eit utdanningsprosjekt for somaliske flyktningar i verdas største flyktningleir i Kenya.

LES OGSÅ: Møt flyktningene bak tallene

Heider

Jo Nesbøs enorme kommersielle suksess bidrar på denne måten med noko ­positivt for samfunnet. Filantropisk verksemd på dette nivået er standard prosedyre for milliar­dærar verda rundt, men noko dei fleste norske forfattarar kan sjå langt etter. I dag er det ikkje dagen for å klage over einsrettinga i bokbransjen, vinnaren-tek-alt-logikken, dominansen til krimromanar generelt og Nesbøs krimbøker spesielt. Derimot er det på sin plass å heidre eit kvardagsmenneske som har gjort ein formidabel innsats i lokalmiljøet over mange år.

LES OGSÅ: – Kristne snakker seg bort fra folk

Engel

Shirley Bottolfsen er fødd inn i ein katolsk familie i Tipperary i Irland, men flytta til Noreg som 21-åring på midten av 1950-talet. Bodø i Nordland skulle bli den nye heimstamnen hennar. Og det er i denne byen ho har lagt ned den humanitære­ innsatsen som har gitt henne omtalar som både «engelen frå Bodø» og «julenissen frå Irland».

I over 30 år har Bottolfsen samla inn pengar, gåver og mat til einsame og trengande i Bodø. Blant anna har ho ofte stått med ei grøn innsamlingsbøsse i den overbygde gågata Glasshuset, gjerne iført ein fargerik joggedress med sponsormerker frå bedriftene i byen. Ho arrangerer­ også eit eige sommarlotteri. Til saman på desse åra har ho samla­ inn over sju millionar ­kroner, berre i reine pengar.

LES OGSÅ: – Kultur i kirken er mer enn kakepynt

Mat og bensin

81-åringen, som også jobbar for Frelses­armeen, har i mange år gitt julegåver til dei fattige i Bodø. Seks dagar i veka har ho køyrt ut mat. Det blei ei sak i lokalpressa då det viste seg at utgiftene hennar til bensin var på over tjue tusen kroner i året, pengar som ho ­betalte med sin eigen pensjon. Då blei det arrangert ein spontan innsamlingsaksjon for Bottolfsen, som sjølv har arrangert så mange innsamlingar for andre.

Årets «ålreite dame» er ein høgt skatta person i lokalsamfunnet. Om eg skal prøve å saman­fatta nokre av karakteri­stikkane ho er blitt til del: ei evigheitsmaskin med eit stort og varmt hjarte. Avtroppande biskop Tor B. Jørgensen har til dømes uttalt at han aldri før har møtt ein person med tilsvarande innsatsglød og iver etter å hjelpe menneske som treng støtte.

Kjærlighet

Då TV 2 intervjua Shirley Bottolfsen for nokre år sidan, spurte dei kva det var som dreiv henne. «Det er kjærlighet,» svarte Bottolfsen. «Jeg har et dypt behov for å hjelpe.» Og la til at ho håpte at ho kan halde på til ho blir 103 år: «Jeg er optimist, dette gir meg en enorm glede.»

I går var det ein stolt og glad 81-åring som tok imot Ei ålreit dame-diplomet på ein restaurant i Oslo sentrum. Prispengane vil ifølgje Jan Egeland i Flyktninghjelpen gi moglegheit til å lære 1.500 barn å lese og skrive.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Ære verdt

Shirley Bottolfsen fortener all den heider ho kan få. Ikkje for å ha mottatt ein ålreit-pris med ålmenn interesse. Ikkje for Kongens fortenestemedalje. Men for det som ligg til grunn for desse påskjønningane: Ho har stått på for andre kvar einaste dag i mange år.

Det er ære verdt. Shirley Bottolfsen viser oss sann nestekjærleik i praksis.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur