Nyheter

Drap 
i Guds 
namn

Børge Brende kom ikkje springande­ og erklærte at mordbrannen på ­Vestbreidda ikkje hadde noko med ­jødedommen å gjere.

Jødiske ekstremistar brente ned eit palestinsk hus, og eit lite barn og faren omkom. Eit menneske blei stukke ned og drepe under ein parade for homofile i Jerusalem. Ei gruppe jødar blei dessutan arrestert mistenkt for å ha sett fyr på fleire moskear og kyrkjer.

Jødisk, ekstremistisk vald ­utløyste heftig debatt i Israel og i den jødiske verda utanfor Israel. Her i avisa skreiv rabbinar Joav Melchior ein kraftfull kronikk mot den jødiske ekstremismen og dei valdelege angrepa:

«Denne lille 
gruppen kommer fra en ekstrem 
ytterkant av det jødiske folk, men det blir feil av oss å bruke det som en unnskyldning for å kunne få puste lettere. Jeg synes at en av de største feilene som ble gjort i måten noen muslimske samfunn har konfrontert sine ekstremister på, var nettopp å definere dem som ‘ikke ekte muslimer’, noe ekstremistene lett kunne motbevise.»

Følg oss på Facebook og Twitter!

Ransaking

Dette var ei djupt følt sjølvransaking: «Vi løser ikke noe ved å si at de ikke er en av oss. Det vil være ansvarsfraskrivelse. Når hat og radikalisme spres og får vokse ut fra et samfunn, da må vi gå i oss selv.»

Melchior fekk påfallande lite kreditt. Det var som om sjølvransakinga var heilt sjølvsagt. Reaksjonane, eller dei mangelfulle reaksjonane, var milevidt unna til dels underlege reaksjonar mot ein serie islamistiske terroraksjonar.

Det er nemleg ikkje berre somme­ muslimske samfunn som har erklært at islamistisk terror ikkje har noko med islam å gjere. Utanriksminister Børge Brende uttalte etter terroråtaket i Paris 8. januar til NRK at ...«dette har ­ingenting med islam å gjøre». Han sa det same i FN om IS-terroren i september i fjor.

Det er ikkje sikkert Brende er blitt spurt om sitt syn på den ­jødiske ekstremismen. I alle fall har ikkje eg funne han sitert på noko, heller ikkje på at ekstremistiske hatefulle åtak ikkje har noko med jødedommen å gjere. Men kvifor var det så viktig å hevde at islamistisk terror ikkje har noko med islam å gjere?

LES OGSÅ: – Det er blitt flere jødiske ekstremister

Feilslege

På same måten som det er ein feilslått strategi­ å hevde­ at islamistisk terror ikkje har noko med islam å gjere, ville­ det vore feilslege å hevde at ­dødeleg og hatefull jødisk vald ikkje har noko med jødedom å gjere. ­Poenget er ikkje å gjere ein religion valdeleg i sitt vesen. Poenget er å sjå at dei som misbrukar religion, gjer alt dei kan for å legitimere valden i gudstrua og i ei tolking av religionen. Dei drep i Guds eller Allahs namn, og då må ansvarlege, religiøse krefter gå laus på den gjødsla som gir næring til slikt misbruk av Guds namn.

All ære difor til rabbinar Joav Melchior. At han sette jødisk terror i same bås som ugjerningane til IS er samstundes eit stikk til dei mest lojale venene av Israel og det jødiske folket. «Har vi ikke vært tydelige nok på å formidle våre verdier?» spurde han.

Islamistisk terror trugar Israel. Men valdeleg jødisk ekstremisme er eit farleg åtak innanfrå både på stat og jødiske verdiar. Det er eit ansvar å erkjenne det og kjempe mot eit slikt åtak. Det nyttar ikkje å hevde at ­jødedommen nær sagt er immun mot ­ekstremismens ibuande djevelskap. Forskjellen må målast i evne til å ta oppgjer.

LES OGSÅ: Prest ber om Israel-boikott

Fordømde

Både statsminister Benjamin Netanyahu og andre statsrådar fordømde åtaka. Den kjende israelske forfattaren ­David Grossmann skreiv i avisa Haaretz at det er vanskeleg å forstå korleis statsministeren er i stand til å skilje mellom den brannen han har halde ved like i årevis, og dette valdelege utbrotet. «Det er vanskeleg å fatte at dei ikkje ser ­samanhengen mellom okkupasjonen som har vart i 48 år, og den mørke, fanatiske realiteten som har vokst frem i ytterkanten av den jødiske bevissthet».

Grossman åtvara: I fleire tiår har Israel snudd den mørke sida si mot palestinarane. «Men dette mørket har infiltrert Israels ­interne organ. Denne prosessen har akselerert etter den siste valsigeren til Netanyahu. Det har ikkje vore noko makt som har stått opp mot den omsynslause verksemda til høgresida.»

Det er ikkje tid for kappløp i ansvarsfråskriving. Det er tid for å ta ekstremimen ved rota – og kjempe for fred i Guds namn.

Diskuter på Verdidebatt.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter