Nyheter

Dolkeskikk 
på nettet

Det er ikkje berre anonyme «troll» som dreg opp temperaturen i ­debatten på nettet.

Den politiske debatten er blitt hardare på grunn av internett og sosiale medier, seier folk som meiner å forstå seg på slikt. «Kommentarfeltet» får skulda. Slik peikar dei mot folkets mest hardtslåande.

Trond Giske har på eitt vis rett i det han sa i Dagsnytt 18 onsdag. I anonym tilstand vågar ein del ­representantar for «folk flest» seg til å seie ting som dei aldri ville sagt på eit foreldremøte.

Internett er blitt ei viktig ­demokratisering av debatten – fleire kjem til orde utan at det sit debattredaktørar som siler og sorterer og tildeler spalteplass. Det er rom for alle – det er berre å velje eit forum, eller å lage sin eigen blogg, om ein så berre skriv for seg sjølv.

I mange år stod debattredaktørar opp for den anonyme ­debatten – dette fekk fleire stemmer fram. Internettets eigenart blei altså dyrka som nærast eit anarki. Dette var ein defensiv tenkjemåte. Vårt Land valde alt i 2009 å seie at debatten på ­internettet skal vere under fullt namn, slik hovudregelen vår er i trykt utgåve også. Vi la til grunn at når folk må diskutere under fullt namn, blir tonen betre enn i anonym form.

Etter vel fem år med ansvar for å moderere nettdebatten på verdidebatt.no er eg viss på at tanken i seg sjølv er rett. Det finst rett nok synspunkt som ikkje kjem fram dersom ein ikkje opnar for anonyme stemmer. Men dersom dette skal gjere anonymitet til hovudregelen, har vi lete dei mørkare krokare definere korleis klimaet skal vere. Det er å overlate styringa til teknologien og aktørar vi ikkje kjenner.

LES OGSÅ: Kvinner som «fortjener mishandling og voldtekt»

Men fullt namn er ikkje nok. Å vere moderator er framleis å vere oppsedar, tidvis svært tydeleg grensesetjar. Og jobben kan vere hard nok. For når politikarar, forskarar, nav-brukarar og andre skal innta ein heilt ny arena, må det spelereglar til – og nokon som vaktar spelereglane.

Oppseding

Nokre er glade for å bli oppseda, andre kallar det sensur. Å byggje eit debattforum på nettet er heile vegen å prøve å ivareta både ytringsfridom og samtaleklima og gjere sitt til at ikkje dei som tøyer fridommens grenser, i praksis kjeppjagar andre frå arenaen.

Denne rollen har også gitt meg innsyn i det som framstår som eit faktum. Folkeskikken veks langt frå automatisk med akademisk skolering. I ein nettdebatt kan det tidvis vere akkurat som i sandkassen. Å ta igjen med same mynt eller vel så det kan vere ein like etablert og øydeleggjande debatt-teknikk blant akademisk skolerte som blant folk som lever på støtte frå Nav.

LES OGSÅ: «Lei av å bli lurt»

Det ligg fleire lærdommar i dette: At folk er folk, anten dei er velutdanna eller ikkje. Dessutan trur eg at nettforskarane er med meg i at krafta i skjellsorda er sterkt overvurdert. Det viktigaste som skjer når temperaturen stig, er at folk flokkar seg saman i ekkokammeret. Det einaste ein nettdebattant oppnår ved at han eller ho tek kraftuttrykk i bruk, er å få motstandarane til å flokke seg saman og sjå raudt.

Difor er det også her behov for gode rollemodellar – folk som let argument tale og viser andre at desse kan framførast i ro. Så får ein heller snu ryggen til ein del av tøvet, framfor å bite på og smelle. Men akademisk tittel er altså ikkje eit vitnemål i bestått eksamen i å vere ein god oppsedar. Diverre. Og sjølvsagt. Men prøv gjerne å vere rollemodell.

Fullt namn

Vi har på verdidebatt.no brukt krefter og teknologiske løysingar for å vakte at fullt namn faktisk blir praktisert. Hundre prosent garanti har vi ikkje, men vi sjekkar. Vi er glade for at andre mediehus har følgt oss og innført ein policy om nettdebatt under fullt namn. Men Aftenposten har til dømes ikkje lagt all verda av krefter og teknologi i å hindre at folk loggar seg inn med falske eller ufulltendige namn. Aftenposten let framleis aktørar som «Magne», «Tordendahl», «Jan N» og «surpomp» fritt fram logge seg inn i innvandringsdebattar gjennom diskusjonsverktøy der falske namn er lette å lage.

LES OGSÅ: Facebook, Google og den innovative mafiaen

Andre aviser har gitt opp kommentarfelta og overlatt alt til Facebook. Det er også ein måte å overlate kontrollen til krefter ein ikkje rår med. Eg har håp for nettdebatten. Men skal vi klare å lage eit ytringsklima, må vi bruke krefter på å innta nettet med både fridom og ansvar. Fridom til å ytre seg, men ansvar for å vere sannferdig. Og vi som styrer debattar, har ansvar for å lage rom og spelereglar for dei som ikkje satsar på skjellsord.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter