Nyheter

Det får vere grenser

Ikkje alt som er lov av bioteknologi utanlands, skal bli lov her i landet, meiner Bioteknologirådet. Heldigvis.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie fekk alle innspela frå rådet denne veka. Heile bioteknologilova er evaluert av Kristin Halvorsen og dei andre medlemmane.

På nokre punkt vil eit fleirtal liberalisere, som å setje døra på gløtt for eggdonasjon og for å la legar i visse tilfelle gå bak pasientens rygg for å informere slekt om risiko for alvorleg sjukdom. I begge tilfelle kan ein dørsprekk bli større, så debatten bør vere prinsipiell.

Fleirtalet vil også ta i bruk ein blodprøve av mor for å sjekke sjukdomsanlegg hjå fosteret. Ein av grunnane er at testen må kombinerast med fostervassprøve for å gje sikkert svar og difor kan brukast på line med andre testar.

LES OM RÅDETS FORSLAG: Slik kan bioloven bli

Men kva bør skje den dagen denne tidlege blodtesten i seg sjølv gir sikkert svar? Då vil denne blodprøven svært tidleg i svangerskapet vere det einaste som skal til for til dømes å plukke ut foster med Downs syndrom. Skal testen så trekkast tilbake? Det er relevant å tenkje over før døra blir opna.

Verkebyll

Rådet vil la vilkåra for å få fosterdiagnostikk vere som i dag. Det inneber at dei ikkje gjev etter for presset for å fjerne eller ­redusere aldersgrensa på 38 år.

Men det inneber også at rådet ikkje vil til dømes­ definere klarare kva som ligg i omgrepet «alvorleg arveleg sjukdom». Dette er eit nøkkelomgrep i vilkåra for fosterdiagnostikk og abort av sjuke foster. Rådet er at fagleg skjønn skal halde fram utan å «stigmatisere» enkelte sjukdomsgrupper.

I praksis tyder dette at Downs syndrom framleis vil bli rekna som «alvorleg arveleg sjukdom» som gir rett til fosterdiagnostikk og abort.

LES OGSÅ: Bioteknologirådet vil regulere privat gentesting

Den som har høyrt tidlegare rådsleiar Lars Ødegård, sitjande i rullestol, men svært oppegåande i alt, forklare at også hans sjukdom fell innanfor kategorien «alvorleg arveleg sjukdom», forstår at dette er ein verkebyll.

Bioteknologirådet vågar seg underleg nok ikkje til å gå inn i dette. Heller ikkje teologiprofessor Gunnar Heiene har vilja røre ved dagens praksis ved å stramme definisjonen som i praksis inkluderer Downs syndrom. Eg skulle likt å høyre kvifor.

Straffbart

At rådet vil gjere avtalar om surrogati utanlands straffbart er vel det som grensar til ei overraskande innstramming, ikkje minst i lys av at ein tidlegare politidirektør ville blitt ramma av ein slik regel.

Følg oss på Facebook og Twitter!

At Kristin Halvorsen er ein del av eit fleirtal som vil halde assistert befruktning innanfor ekteskap og ekteskapslikande sambuarskap er også eit teikn på at ikkje alt liberalt press nyttar. Det er eit nei til einslege kvinner som i dag dreg til Danmark. Det skal altså framleis vere grenser for bioteknologi.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter