Nyheter

Den manipulerte historia

Er det sånn at vi må hugse fortida for å hindre at den gjentek seg, eller er det av og til best å gløyme?

OMG! It's terrible. Don't even get me started!

Slik byrja svaret eg fekk då eg spurde Paula, ei tidlegare studievenninne frå Polen, om den relativt nye regjeringa i heimlandet hennar. Vi studerte internasjonal politikk saman i tre år.

25. oktober i fjor kapra Lov- og rettferdspartiet (PiS) 38 prosent av stemmene og reint fleirtal i begge kammera i nasjonalforsamlinga i Polen, som Vårt Land har skrive om tidlegare. Frå før av hadde partiet vunne presidentembetet.

LES OGSÅ: Han er arkitekten bak Polens nye kurs

Den nye regjeringa har skifta ut leiinga i statskontrollerte selskap, militæret og byråkratiet. I tillegg har dei festa grepet om pressa. I desember meinte litt over halvparten av befolkninga at demokratiet var truga, ifølgje ei meiningsmåling gjort av den polske rikskringkastinga. Paula er ein av dei.

Avviser historiske faktum

Nyleg vart fjorårets Oscar-vinnande film Ida vist på polsk fjernsyn. Filmen viser blant anna at polakkar deltok i jødeutryddingar under andre verdskrigen. Men dette fell ikkje i god jord hjå alle.

Før filmen var vist på fjernsyn denne kvelden, vart regissøren i eit eige program skulda for sverting av Polen. TV-kanalen la inn tekstplakatar før filmen, der det vart hevda at polakkar ikkje deltok i jødeforfølgingar.

– Du kan berre tolke dette på éin måte: som eit forsøk på å ideologisk manipulere tolkinga av filmen, seier den polske filmskaparen Agnieszka Holland til filmmagasinet Rushprint.

Det er dokumentert at polakkar deltok i jødeutryddingar. Det meste kjende dømet er Jedwabne i 1941, då polakkar brente i hel over 300 jødar som var innelåst i ein låve.

LES OGSÅ: Polske nynazistar etablerer seg i Norge

Gazimestan-talen

Det er ikkje noko nytt at ekstreme parti og politikarar brukar ein regissert versjon av fortida i sin propaganda. I 1989 heldt Slobodan Milosevic ein tale i Kosovo. Anledninga var 600-årsjubileet sidan slaget ved Kosovo, då det ottomanske riket sigra over serbarane.

I talen vart historia brukt for å legitimere kampen mot andre folkegrupper i konflikten på Balkan på 1990-talet. Ifølgje analytikar David Rieff i britiske The Guardian var konflikten for tjue år sidan i stor grad drive framover på grunn av ei manglande evne til å gløyme fortida.

Vi ser tendensar også i dag. Medlemma til partiet Vårt Slovakia brukar uniformer som er kopiar frå då Slovakia var ein satelittstat av Nazi-Tyskland. Toppar i det høgreekstreme greske partiet Gyllent Daggry brukar «hitlerhelsinga».

LES OGSÅ: Slik er Europas høgrepopulisme

Bygger «nytt» Polen

I Polen set dei spørsmålsteikn ved hendingar i nyare historie. Som til dømes flyulukka i Smolensk i 2010. Det var 96 menneske om bord – blant dei den polske presidenten og landets hærsjef. Alle omkom. Flyhavarikommisjonens rapport konkluderte at hovudgrunnen til ulukka var dårleg ver i området.

Men Lov- og rettferdspartiet aksepterte aldri at det var ei ulukke. Paula meiner dei no ynskjer å skape det som skjedde om til ei legende, som eit ledd i prosessen for å «bygge eit nytt Polen».

«Dei som ikkje hugsar fortida er dømt til å gjenta den», sa den berømte filosofen George Santayana.

David Rieff i The Guardian er delvis ueinig i dette. Han meiner at eit kollektivt, historisk minne ikkje respekterer fortida. Regime og politikarar på begge sider manipulerer historia for å fremje si sak.

LES OGSÅ: Polen er eit land i klem

Eit døme frå høgresida er Jeanne D'arc. I dag blir ho hylla av Front National i Frankrike som eit symbol på kampen mot islam og andre innvandrar.

Frå venstresida trekk Rieff fram det skotske nasjonalpartiet, som brukar den historiske figuren William Wallace – ein skotsk adelsmann på 1100-talet – for å skape blest rundt sin ideologi.

LES OGSÅ: Er kristninga av Norge noko å feire?

Kritisk tenking

Rieff meiner at når det blir dvela ved historiske, ofte tragiske, hendingar, som ein del av ei befolknings kollektive minne, så kan det av og til vere betre å la det ligge og sjå framover. Det er eg delvis einig i. Det er aldri bra å sitje fast i fortida, utan å vere merksam på det som skjer akkurat no.

Men eg er, som Paula, litt bekymra.

Det er ikkje farleg å lære om kva som har skjedd tidlegare og hugse på det, så lenge ein får vite alle sidene ved det som har skjedd.

Det som er farleg, trur eg, er når historia blir brukt av mektige personar, for å vekke nasjonale kjensler. For å foreine eit folk i eit historisk bilete av storleik.

Då verkar det som det plutseleg ikkje er så nøye lenger om dei brukar den riktige versjonen av det som faktisk skjedde.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter