Meninger

Den digitale gapestokken

Det verkar som fleire og fleire tek lova i eigne hender gjennom sosiale media. Kvifor er det sånn?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I mai kunne ein lese artikkelen «Folk forfølger utenlandsk varebil etter Facebook-aksjon» i regionavisa Sunnmørsposten.

Artikkelen fortalde om to blå varebilar, som folk i Sunnmørs-regionen hadde delt bilete av på Facebook. Det vart hevda at dei i bilane dreiv med kriminell verksemd, og folk åtvara om kvar bilane var, med oppfordringar til å følgje etter dei. På eit tidspunkt hadde den eine varebilen 30 bilar på slep, ifølgje artikkelen.

Men politiet hadde ingen bevis for at dei i varebilane hadde gjort noko kriminelt.

Trakassering

I mars i år skreiv avisa Gudbrandsdølen Dagningen om ei kvinne som delte bilete og informasjon om tre sexdømte menn på Facebook-sida si. Innlegget vart hyppig delt vidare, og i kommentarfeltet kom det grove trugslar mot mennene.

Innlegget er no fjerna frå Facebook, og kvinna er meldt til politiet for trakassering.

LES OGSÅ: Ny undersøkelse: Facebook kupper nyhetsbildet

Avtaler møter

Digitalt borgarvern, kallast det. Folk tek lova i eigne hender og utleverer andre på nett. Dei meiner det er nødvendig. Datatilsynet seier det skjer oftare og oftare.

Eitt av dei mest oppsiktsvekkande og aktuelle døma, er småbarnsfaren Stig Kalsnes' verksemd. I ein P3-dokumentar tidlegare i vår fortalde han om korleis han gir seg ut for å vere ei mindreårig jente på nett, for å lure og avsløre menn som vil avtale sexmøter.

Deretter konfronterer han dei, filmar alt og legg det ut på Facebook, med fullt namn.

Fekk bot

Det kokar i kommentarfelta under slike innlegg. «Ta svina!», er ein gjengangar på Facebook-sida til Kalsnes. «Bare å skyte sånne idioter», skriv éin. «Tortur er den rette straff», meiner ein annan.

Men han får også kritikk. Éin mann påpeikar at det er ein dommar som skal vurdere bevis, «ikke gud og hvermann».

LES OGSÅ: Slik styrer Facebook klikkene dine

For nokre veker sidan førte eitt av Kalsnes' møte til at ein mann vart tiltalt for barnelokking, som går ut på å gjere avtale med mindreårige for å begå seksuelle overgrep. Mannen chatta med Kalsnes, som utga seg for å vere ei 14 år gammal jente. 27. mai vart mannen frifunnen og dommen presiserte at det er politiet og ikkje privatpersonar som skal etterforske og avdekke straffbare handlingar i Noreg.

«Da har man fått første straff for å hjelpe til med samfunnet!», skreiv Kalsnes på Facebook-sida si, idet han la ut bilete av bota på 6.000 kroner. Følgjarane hans hjelpte han å betale nesten heile. Kalsnes vil halde fram med prosjektet, sjølv om det er ulovleg.

Han har også utvida verksemda. Nettsida Barnas trygghet opplyser at det no er ti personar som er med på «organiseringen av arbeidet», som dei skriv.

Svekka tillit?

Både politi og media har vore klare i sin reaksjon til alle tilfella nemnt ovanfor: Dette er uakseptabel oppførsel som bør opphøyre. Samtidig var P3-journalistane, som laga dokumentaren om Kalsnes, vitne til at politi «på bakken» var positive til engasjementet hans.

Kalsnes hevdar han må gjere det han gjer, fordi ingen andre gjer det. Tillit til politiet er grunnleggande i eit demokrati. Alle døma ovanfor kan tyde på at den tilliten er svekka. Men tala viser noko anna.

LES OGSÅ: – Grupper som Odins soldater er forbudt

Ifølgje politiets innbyggjarundersøking for 2015, har 80 prosent av oss svært eller ganske høg tillit til politiet. 93 prosent føler seg veldig eller ganske trygge i Noreg.

Likevel bør politiet ta digitalt borgarvern og folks frykt på alvor.

Meir frykt?

For eg trur somme er meir redde enn før, til trass for det undersøkinga viser. Eller kanskje fleire berre har eit inntrykk av at dei bør vere meir redde.

Det at utanlandske seljarar blir omtala som «tjuvpakk» og forfølgde – eller nærast jaga – utan grunn, viser at somme kjenner seg utrygge.

Det at ein utleverer menn på nettet, med bilete og video, kan tyde på at ein er meir engsteleg for borna sine, og at ein ynskjer å gå lenger for å beskytte dei enn før.

Og då er sosiale media eit verktøy som fungerer uhyre godt. Ein kan spreie ein bodskap fort og til mange. Men det betyr ikkje at ein bør gjere det.

Kritisk sans

Ein må kunne forvente at vaksne menneske, sjølv på Facebook, har ein viss kritisk sans. Alle er sjølv ansvarleg for det dei deler, sjølv om ein «berre» deler det vidare frå nokon andre.

Om eg kjem med eit flyttelass heim til Sunnmøre ein gong, så håper eg at eg slepp å bli forfølgd av sinte folk som har «sett noko på Facebook».

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Meninger