Film

Børre Knudsen-film nominert til europeisk pris

En prest og en plage kan bli kåra til den beste TV-dokumentaren i Europa.

«Nærmare Ibsens Brand har vi ikkje vore i nyare norsk historie,» skreiv eg då Fridtjov Kjærengs dokumentarfilm om Børre Knudsen hadde kinopremiere i fjor. I etterkant er filmen blitt vist fleire gongar på NRK, og no kan Kjæreng endå ein gong stikke av med prisen for beste europeiske TV-dokumentar. Prix Europa er ein årleg pris for europeiske allmennkringkastarar, og Kjæreng har som einaste nordmann vunne prisen to gonger tidlegare.

Etiske diskusjonar

En prest og en plage er blant dei 23 filmane, av 664 påmeldte, som skal konkurrere om europeisk heider og ære i perioden 18. – 23. oktober. Det er slett ikkje verst berre å vere nominert.

LES INNLEGG AV BØRRE KNUDSENS DATTER: «Jeg har aldri villet snakke om døden før»

«Kanskje er man nede i Europa opptatt av prinsipielle diskusjoner rundt etikk eller har sans en opprører», skriv Kjæreng i ei pressemelding.

Ja, kanskje det. Børre Knudsen må kunne kallast for ein opprørar, slik han tok alle middel i bruk for å kjempe kampen for det ufødde livet. Som hos Ibsens Brand var det «intet eller alt». Knudsen stilte seg midt i striden, og vart elska av mange, og hata av endå fleire.

Intenst portrett

Kjærengs film var nominert til Amanda for beste kinodokumentar i fjor, men fekk ikkje prisen. No har han sjansen til å få ein TV-pris i staden. Filmen er eit intenst portrett som kan sjåast av både meiningsfeller og meiningsmotstandarar av Knudsen med tilnærma like stort utbytte.

LES OGSÅ: Maler sitt fineste bilde etter å ha møtt Børre Knudsen

For regissøren er filmen også eit opprør mot det han omtaler som «feelgood-tyranniet» på TV. Han meiner at dei fleste tema blir handsama på ein koseleg og morosam måte, og at det er få som våger å ta risiko.

Motsett av Børre Knudsens personlegdom, med andre ord. Kanskje var det derfor filmskapar og filmemne stod så godt til kvarandre i En prest og en plage. No kan det altså ende med prisen for beste europeiske TV-dokumentar.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film