Nyheter

Ansvar for brente barn

Vil dei som har aller mest å seie til brente barn, forklare kva dei har lært?

Diskusjonen går, og etter­tanken er tydeleg i fleire leirar etter serien «Frelst» på VGTV – om Jesus Revolution. Her i avisa har Bjørn Aslaksen sett ord på kor utilpass han kjenner seg i alle kristne samanhengar etter brotet med trusrørsla. Andreas Nordli, dagens nasjonale leiar i Ungdom i Oppdrag, har sjøvkritisk skrive om brente barn i sin organisasjon og kva lærdom dei har teke.

Nokre refleksjonar er det grunn til å gjere seg.

I kronikken UiO-leiar Andreas­ Nordli hadde her i avisa sist veke – «I brann for saken» – var han sjølvkritisk på vegne av både historia til Ungdom i Oppdrag og ting som har hendt i nyare tid. Teksten hans banar veg for å snakke om balansen mellom brannen for saka og omsynet til det enkelte menneske som brenn: Saka må ikkje bli viktigare enn mennesket, skreiv han. Her er det mykje å lære for leiarar­ i ein serie kristne arbeidslag – men også i andre idealist­iske arbeidslag. Brente barn og leiarar bør setje seg ned – ikkje for å sløkkje brann, men for å skape sunne miljø med tydeleg rettleiing og ansvar.

LES MER: Slik kan religiøs lidenskap bli farlig

Heilskinna

Tonje Haugeto Stangs artikkel på verdidebatt.no – «Livet etter begeistringen»­ – er openhjertig både om hennar eigne erfaringar i Ungdom i Oppdrag, som leiar for det svært ­utadretta Team 2000 som dreiv gateevangelisering frå bibel­skulen i Staffeldtsgate og ein av dei som etablerte Ten-Oase. Her er det nok å ta tak i.

Ho kom seg heilskinna gjennom Ungdom i Oppdrag, skriv, ho, kanskje fordi ho var 22 og ikkje kom rett frå vidaregåande. Men ho erkjenner at ho mange gonger kunne handla annleis enn ho gjorde. Men iblant bremsa ho folk med det ho kallar rytme. I møte med ein ung gut som var klar på kva han ville velje om det stod mellom eit bønemøte og ein tur på kino, svarte ho, så mange høyrde, at for han ville ho tilrå ein tur på kino.

Men etter gode Ungdom i Oppdrag-bidrag frå Nordli og Tonje Haugeto Stang: Eg skulle gjerne sett kva Nordli sine forgjengarar som nasjonale leiarar har å seie. Som debattredaktør utfordrar eg Eivind Frøen og Alv Magnus til å skrive om både godt og vondt i deira tid som leiarar. Eg veit det finst brente barn, nokon er jamvel forbrent. Andre har gode minne, men sunne refleksjonar: Det skal mot og ryggrad til å seie kontant «nei» i møte med sterke leiarar som seier: «Eg trur Gud vil at du skal ...»

LES MER: Disse tre har gode erfaringer fra tiden som Jesus-soldat

Dytta føre seg

Stephan Christi­ansen, som grunnla ­Jesus Revolution Army, let dagens­ leiar,­ Paul Hockley, svare for kritikken. Sjølv kom han på bana med ein lang kronikk først ­etter at ­serien var sendt. På verdidebatt.no har Tonje Haugeto Stang – med åtte års fartsitd med leiar­ansvar i Ungdom i Oppdrag – kalla dette «dårleg leiarskap». Christiansen har fått kritikk for at han gjer angrep til beste forsvar, at han ikkje tek eit oppgjer som held og at han som tidlegare­ leiar prøver å diskreditere Ruth Helen Gjævert. Så langt har Christiansen ikkje bedt om spalteplass hos oss for å svare på om han som grunnleggjar har mindre opne øyro for kritikk enn dagens leiar har.

Sjølv brann eg av ungdomstida mi på politikk og fekk eit slags åndeleg svimerke først i Oase, som vaksen. Oase hadde vore i Toronto. Etterpå skulle folk både riste og falle. I ei krevjande tid av livet gjekk eg til forbøn i Lovisenberg kirke der Oase hadde møta sine på denne tida. Inn i sirkelen rundt meg dukka det brått opp eit menneske som overtok heile forbøna, utan å spørje kva eg var der for, og som avslutta seansen med eit lite puff som skulle føre til at eg fall. Eg stod på beina og fekk ei orsaking då eg etterpå tok oppgjer andlet til andlet. Opp­levinga har gjort meg meir ­kritisk i alle samanhengar. Verre er det for dei som aldri fekk gjort opp på staden, men har teke såra med seg.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

Må ta ansvar

Utan tvil har arbeidet til dømes i Oase hatt eld frå Den heilage ande. Men som i alt her på jord har det vore innslag av menneske som i sin iver får det til å framstå som dei talar på vegne av Gud. Dette må det vere råd å setje ord på utan å diskreditere arbeidet, men for å lære.

Det er avgjerande at leiarar tek ansvar for å rettleie – og å vere opne om smertefulle erfaringar der menneske blei overkøyrt eller­ oversett.

Guds rike har alt å tene på ein open samtale – både internt og offentleg. Hos oss er det i alle fall spalteplass.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter