Kommentar

I informasjonskrigen døyr ikkje sanninga på slagmarka. Den druknar i digital støy

Her er grep me kan ta for å halde hovudet over vatnet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

«Säderström kjøper ei klokke», er tittelen på ei enkel historie om ei framtid utan tollgrenser i Europa. Ein svensk forretningsmann mister ei klokke på ei reise til Balkan. Han kjøper ny klokke og fleire lokale delikatesser på reisa, men jamrar seg over tollmurane han må passere før han er heime i Sverige. Han drøymer om ei framtid der tollmurar er borte, eit grenselaust Europa.

Historia kunne vore skriven av EF-tilhengjarar før tollunionen vart innført.

Men teksten fann eg i ei nyhendeblad frå 1943, som eg kjøpte frå ein gateseljar i Paris då eg var på ein interrail-tur i studietida. Nyhendebladet Signal kom ut annankvar veke og var ei nazistisk propagandaavis. Den var distribuert til 20 land, både okkuperte område og land der Tyskland hadde interesse av å spreie sin propaganda, som Sverige. Utgåva eg kjøpte var franskspråkleg.

Det første som slo meg var at bladet har fleire sider med fargetrykk, meg bekjent før nokon annan avis hadde dette. Det hadde også grafikk som forklarte den tyske versjonen av krigshandlingane i Middelhavet. Der var også ei portretthistorie om Albert Speer. Her var kvardagshistorier frå familielivet til offiserar i krig og ein reportasje frå ei fødestove i Berlin.

I motsetnad til i 1940 treng ikkje informasjonskrigen ein militær siger for å kunne starte påverknad

Glansbilete av Nazi-Tyskland

Signal var eit nazistisk propagandablad, men her var det lite oppmoding til jødehat eller strenge åtvaringar om konsekvensar for alle som ikkje følgde strenge påbod. Bladet malte eit glansbilete av det folkemorderske Nazi-Tyskland.

Det tyske propagandamaskineriet var avgjerande for at Adolf Hitler kunne ta makta. Propagandaminister Joseph Goebbels tok i bruk banebrytande teknologi for å spreie bodskapen på kinolerretet og i aviser. Det handla om å eige historia.

Denne teksten skal ikkje handle om nazipropaganda. Den skal handle om metodar for å spreie informasjon med ny digital teknologi og korleis me kan styrke motstandskrafta for å verne om sanninga.

I 1940 knuste Tyskland Noreg militært. Men okkupasjonsmakta makta aldri å nazifisere heile det norske folket.

Ja, det var frontkjemparar, landssvikarar og folk som valte feil side. Men det var også ei heroisk sivil motstandskraft som haldt i live håpet om eit fritt Noreg. Prestar over heile landet såg at den nazistiske propagandaen stod i uforeinleg konflikt med den kristne bodskapen. Lærarar nekta å følgje nazistiske læreplanar. I tyske konsentrasjonsleirar sat det prestar og lærarar. Mange måtte bøte med livet.

Informasjonskrigen er i gang

I dag aukar krigsfrykta i heile Europa, og det gjer det naudsynt å ruste opp militært. Eg trur vi unngår krigshandlingar på norsk jord. Men i motsetnad til i 1940 treng ikkje informasjonskrigen ein militær siger for å kunne starte påverknad.

Bladet Signal måtte trykkjast og ha eit fysisk distribusjonsapparat for å nå ut.

I dag spreier sosiale medium løgnaktige nyhendesaker lynkjapt. Med kunstig intelligens kan kven som helst produsere tekst på kva som helst språk på sekund.

Sjå for deg følgjande: Du er abonnent på Vårt Land eller ei anna norsk avis. Kvar kveld les du e-avisa og nyhendebrev for å halde deg oppdatert i nyhendebildet.

Ein kveld oppdagar du at det ligg ei sjokkerande hovudsak og ventar på deg i innboksen. Ein norsk biskop tek til orde for at Ukraina må leggje ned våpena og gå med på ein fredsavtale diktert av Vladimir Putin. «Nyhendet» står i ei «avis» som lignar på den du abonnerer på, og er «dokumentert» med ein video av intervjuet med biskopen.

Først etter ein nøyare sjekk oppdagar du at «avisa» er eit digitalt falskneri laga for å utnytta truverdet til den rettmessige avisa og biskopen. Men du oppdagar det seint.

KI spreier falske nyhende

Same sak ligg i ulike versjonar i feeden din på sosiale medium. Du oppdagar at dine vener kjem med sterke angrep mot biskopen. Kyrkja gjer alt den kan for å dementere løgna, men trykket er så enormt at du oppdagar at for fleire av dine vener har sanninga drukna. Motstandskrafta mot feilinformasjonen sviktar.

Ved hjelp av kunstig intelligens kan kven som helst lage digitale nettsider med langt fleire artiklar enn det journalistar makter. Ved å utnytte søkjemotorane kan dei også få stor trafikk. I USA har såkalla Pink Slime-medium dukka opp i område der fleire lokalaviser har gått konkurs. Dei spreier falske nyhende, gjerne om lokale politiske motstandarar.

KI-genererte «aviser» kan likne dei tradisjonelle og rette seg mot eit spesifikt publikum, til dømes norske kristne. Nettsidene kan samle det meste av større saker om kristenliv og trusspørsmål i aviser frå heile verda. Dei kan gi deg forklaringar på vanskelege spørsmål, eller gi deg tips til kyrkjelyden sin neste planlagde pilegrimstur.

Motivet vil nok ofte vere økonomi. Men det kan også vere utanlandsk påverknad, slik ein såg det før presidentvalet i USA i 2016, der trollfabrikkar spreidde falsk informasjon på nettet.

Den mest effektive propagandaen me blir utsett for i dag, er den me ikkje klarer å oppdage

Slik kan me byggje motstandskraft

Heldigvis står me ikkje hjelpelause i denne utviklinga. Men både presse og styresmakter har ein jobb å gjere.

KI-genererte «aviser» er ikkje våre konkurrentar, ganske enkelt fordi dei ikkje driv med journalistikk. Men dei kan lett stele våre klede og profittere på forvekslingsfaren.

Media må bli enda betre på å vise fram det som skil oss frå digitalt generert innhaldsstøy.

Det er langt viktigare enn å vise kor flinke me er til sjølv å ta i brukt ChatGPT og andre verktøy. Ein språkmodell, kall det gjerne ein robot, kan produsere tekst. Men den kan ikkje intervjue ein person og forstå personen som blir intervjua. Det treng du menneske til. Berre me kan ta jobben med å formidle ein politikar sine motiv for å gjennomføre ei endring som får store konsekvensar. Roboten kan heller ikkje forklare kvifor eit kyrkjesamfunn snur i samlivsspørsmålet. Du må snakke med folk.

Media vil også få ei stor oppgåve med å hjelpe folk til å skilje mellom falsk og ekte informasjon. Ryktespreiing og fordekt påverknad frå økonomiske aktørar har lenge vore ei politisk verksemd. Legg til KI og du får ei gigantisk utfordring. Ein viktig syretest blir det amerikanske presidentvalet og valet til EU-parlamentet i år. Dersom KI-genererte falske nyhende klarer å setje dagsorden i til dømes innvandrings- eller klimadebatten i ein valkamp, forvitrar demokratiet. Det er også viktig lokalt.

Skal du gjere ein ting for å ruste ditt lokalsamfunn er mitt tips dette: Abonnér på lokalavisa di. Og be dei sende ein journalist til kvart einaste formannskapsmøte der viktige avgjerder blir tatt.

Styresmaktene må regulere KI effektivt. Og dei må sørgje for at lærarane får kunnskapen til å lære barna kjeldekritikk. Neste generasjon må handtere kunstig intelligens betre enn min generasjon gjorde då sosiale medium kom.

Så lenge det har vore konfliktar, har det vore høgt prioritert å vinne kampen om historia. Nazi-bladet Signal hadde som oppdrag å skjønnmale det verste regimet verda har sett.

Den mest effektive propagandaen me blir utsett for i dag, er den me ikkje klarer å oppdage. Det krev at me går saman for å byggje opp motstandskraft før det er for seint.


Les mer om mer disse temaene:

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland har vært nyhetsredaktør i Vårt Land siden august 2022. Han har ansvar for nyhet- og publiseringsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar