Kommentar

Eit forsvar for Ap-Vestres bruk av helseforsikring

Reaksjonane på Jan Christian Vestre (Ap) si bruk av privat helseforsikring viser ei altfor pietistisk forståing av sosialdemokratiet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Sjølvsagt er det ei sak at Ap-kronprins Jan Christian Vestre har brukt privat helseforsikring.

Det var derfor heilt riktig av TV2-journalistane Lars Joakim Skarvøy og Une Solheim å undersøke om den nyslåtte helseministeren hadde helseforsikring den tida han arbeidde som dagleg leiar i familiebedrifta Vestre AS.

Vestre har framleis penbuksene på

Det er ei avsporing å gå til åtak på journalistikken, slik fleire i Twitter-skravleklassen gjorde då saka vart kjend måndag ettermiddag ved å omtale Vestres forsikring som ei «ikkje-sak». Saka er journalistisk interessant fordi den viser helseministerens private historikk på eit felt han no har ansvar for politisk. Like interessant som det ville vore å vite kor grøne fingre og mange sauer ein landbruksminister har, eller om samferdselsministeren køyrer dieselbil.

Det problematiske ligg heller i reaksjonane på Vestres forhold til private helseforsikringar. Høgresida «jubla» og venstresida reagerte. Begge stadfesta inntrykket av at TV2-saka hadde avslørt ein eller annan form for dobbeltmoral. Det etterlatne inntrykket var dermed av ein politikar som vart tatt med buksene nede. Alt veljarane fekk sjå var: «Håhå, vi tok deg».

Sosialdemokratiet har opp gjennom nyare norsk historie handla om å bygge dansegolv. Ikkje om å lære folk opp i ein bestemt måte å danse på.

Også på innsida av Ap var det fleire som reagerte på saka, og som dermed avslørte eit altfor smalt syn på kva sosialdemokratiet er for noko.

Vestre har nemleg framleis penbuksene sine på. Han har ikkje gjort noko gale. Ikkje ein gong som sosialdemokrat.

Openberre hol i helsevesenet

Tvert om viste saka at Vestre gjorde det fornuftige som bedriftsleiar, då han i 2018 var med på å innføre privat helseforsikring for dei tilsette i Vestre AS. Det skjedde etter forhandlingar, der dei tilsette ønskte ei slik forsikring. Vestre gav dei det. Sannsynlegvis også for å ikkje miste dyrebar kompetanse til konkurrentar som kunne tilby same opplegg. Det er blitt veldig vanleg at arbeidsgivarar tilbyr slik forsikring.

I Norge fyller helseforsikringane openberre hol i helsevesenet. Vestre har også erkjent det, og sagt at hans jobb som helseminister er å jobbe for betre offentlege ordningar. Kapasiteten i det offentlege er så pressa at mange ikkje gidd å vente eit år på den undersøkinga dei treng, om dei kan få den privat for nokre tusenlappar.

Den marknaden er det eventuelt opp til politikarane å få bort, gjennom reguleringar og insentiv. Men før det har skjedd, ville dei fleste gjort som Vestre.

Dansegolv, ikkje dansekurs

Og her er vi ved eit sentralt poeng: Sosialdemokratiet har opp gjennom nyare norsk historie handla om å bygge dansegolv. Ikkje om å lære folk opp i ein bestemt måte å danse på.

Medan parti med sterkare politisk moral – som KrF, MDG, SV og Raudt – har vore opptekne av å lære folk å danse etter ein spesiell rytme, har sosialdemokratane arbeidd for å endre system framfor moral.

I botn ligg eit djupt sosialdemokratisk menneskesyn, som seier at dei færraste menneske har så sterk moral at dei ikkje gir etter for det systemet tilbyr. Marknaden, behova og lovene avgjer kva handlingsrom innbyggarane har. Det er blandingsøkonomien.

Symptom på eit sjukt helsevesen

Dersom det offentlege systemet ikkje er godt nok og det same systemet gir høve til å skaffe seg privat helseforsikring, vil smarte individ skaffe seg slik forsikring. Klassekampen melde nyleg at 32 av 70 statseigde selskap hadde avtale om privat helseforsikring. Veksten er stor i det private næringslivet. Professor Jon Magnussen meiner veksten er eit symptom på eit problem som bør bekymre oss. Han var leiar for regjeringas sjukehusutval, som før påske la fram sin rapport.

Magnussen fryktar ei utvikling der så mange har privat helseforsikring at dei ikkje lenger ser behov for å bidra til dugnaden med å finansiere det offentlege helsevesenet. Men det farlegaste er kompetanseflukt frå det offentlege helsevesenet, dersom private helseforsikringar held fram med å ese ut.

Desse problema har Ap og Vestre for lengst forstått. Høgresida er mindre kritiske til utviklinga. Dei kallar det mangfald, og snakkar varmt om «samspel» mellom det offentlege og private helsevesenet.

Ap må aldri bli for ideologisk

Arbeidarpartiets problem er at dei har hatt ei for tøff tone mot den private delen av helsevesenet. Det skjedde mellom anna på fjorårets landsmøte, der partiet stramma grepet mot privatiseringa i helsepolitikken. Det skjedde etter press frå LO.

Den sosialdemokratiske pragmatismen måtte vike for ei knallhard ideologisk linje.

Eit sosialdemokrati av dydige menneske er eit sosialdemokrati dømd til å tape

Saka viser fram eit av dei største problema for Jonas Gahr Støre og resten av partistrategane på Youngstorget: Mange veljarar, synsarar og politikarar – både utanfor og inni partiet – har gløymt at det handler om systemet, ikkje personleg moral.

Dissonansen mellom Vestres syn på helseforsikringar som bedriftsleiar og Vestres syn på helseforsikringar som helseminister er så sosialdemokratisk som du kan få den. Han personifiserer blandingsøkonomien.

Sosialdemokratiet er systemendring, ikkje dydsetikk

På eit tidspunkt har dydsetikken snike seg inn også i Arbeidarpartiet. Slik har stien smalna og porten krympa. Den breie stien og den vide porten som førte til partiets suksess, er ikkje lenger det folk assosierer med det norske sosialdemokratiet.

Derfor forventar mange at Vestre, Støre og resten av Ap-laget er meir katolske enn paven i møte med samfunnet rundt. Slike forventingar er det sjølvsagt umogleg å leve opp til for Arbeidarpartiet.

Heile poenget med Arbeidarpartiet har vore at du ikkje treng å leve som du preikar. Preikinga skal lage eit samfunn som endrar måten du lever, ikkje motsett.

No seier helseminister Vestre at han heller vil bruke gulrot enn pisk mot dei private helseforsikringane. Det er ein del av den nye strategien som partiet vedtok på landsstyremøtet i slutten av mars.

Sannsynlegvis er det ei meir effektiv haldning som vil kunne bidra til å styrke det offentlege helsevesenet, enn den harde tona Ap har hatt til no. Det er steg på vegen tilbake mot eit sosialdemokrati som lagar dansegolv, og ikkje held dansekurs.

Eit sosialdemokrati av dydige menneske er eit sosialdemokrati dømd til å tape.




Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar