Kommentar

Amerikansk mareritt på det store lerretet

Om ein er bekymra for borgarkrig i USA, er no sjølve marerittet til framsyning i norske kinosalar. Eg har sove dårleg sidan eg såg det.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eitt av spørsmåla eg har svart flest gonger på dei siste fire-fem åra, handlar om polariseringa i det amerikanske samfunnet. Ofte blir problemstillinga sett på spissen ut i eit spørsmål om sjansen for at den stadig aukande avstanden mellom landet sine politiske fløyene kan ende i borgarkrig.

Eg har alltid vore kontant avvisande. «Institusjonane er langt sterkare enn dei var i forkant av borgarkrigen på midten av 1800-talet», seier eg. «USA har vore gjennom mange intense rivningar sidan den gong utan at ein har delt seg bror mot bror i krigshandlingar.»

Den overtydinga held eg framleis fast på, men den har fått seg ein liten knekk etter mitt siste kinobesøk.

Ingen pølsefabrikk

Førre veke såg eg nemleg filmen som er blitt ein av vårens store snakkisar.

Eg gjekk eigentleg ut frå visninga av Alex Garlands Civil War litt irritert over at filmen ikkje var det eg hadde ønska meg på førehand.

Skulle eg bestemt, hadde ein film om ein hypotetisk amerikansk borgarkrig i våre dagar vore eit tett kammerspel. Alvorlege menn og kvinner skulle sitje i møterom og krangla om etikken i å bryte ut av unionen og gå til krig mot eigne borgarar for å avsetje ein despotisk president. Samvitsfulle generalar skulle halde monologar om kor langt utanfor folkeretten ein er, når ein bomber amerikanske byar. Intense aktivistar skulle skjelle ut veike moderate politikarar for at dei ikkje hadde teke grep tidlegare for å stoppe fascistane sin veg til makta.

Han som veit korleis lovar og pølser blir laga, får aldri meir ei roleg natts søvn, skal den tyske kanslaren Otto von Bismarck har sagt. For meg er denne biten den mest interessante også i møte med denne filmen: Eg vil vite korleis pølsa vart til.

Eg vil vite korleis pølsa vart til, men Garland opnar ikkje portane til pølsefabrikken

Den meiningslause krigen

Men Alex Garland opnar ikkje portane til pølsefabrikken. Han inviterer i staden til å observere dei seine timane av ein grillfest som har gått aldeles over styr, og tilbyr ingen førelesingar i statsvitskap eller filosofi.

I staden for timane med politikk som ligg bak, får vi berre den brutale, til tider reint banalt vondskapsfulle, krigen. Det er ikkje ein type film eg i utgangspunktet finn spesielt sjåverdig for eigen del.

Likevel har eg ikkje heilt greidd å slutte å tenkje på Civil War sidan.

Det er mest fordi eg fekk sjå tenkte krigshandlingar – i alle sine vonde fasettar – i eit miljø som er så kjent og nært. På det store lerretet breier den destruktive og fullstendig øydeleggjande samfunnskollapsen seg ut. Den enorme øydelegginga, både fysisk og mellommenneskeleg, får meg til å spørje meg sjølv kva amerikanarane i dette scenarioet skal ha att å leve av og for – og korleis dei skal kunne gjere det saman – når krigshandlingane omsider er over. Det er, på mange måtar, marerittet.

Vårt Land sin meldar Einar Aarvig spør om Civil War er for underhaldande for sitt eige beste?

Lite og mykje realisme

I den verkelege verda er det er lite sannsynleg at delstatar vil trekke seg ut av unionen, slik altså minst to delstatar, California og Texas, har gjort i Civil War. USA er ei for sterk eining og under sterkare nasjonal styring enn landet var i 1860 då sørstatane trekte seg ut og sette i gang den ekte borgarkrigen. Det er også lite truleg at den polariseringa vi ser i USA i dag vil kunne gje veg til faktisk krigføring. Om ikkje anna vil truleg ordensmakta og, i ytste konsekvens, det militære, stoppe valdelege opprør.

Men ser vi bort frå den innbilte politikken som ligg bakom dette konkrete scenariet er det ting med Civil War som kan gje grunn til angst, også i vår eiga verd.

Måten ein del amerikanarar snakkar om og til kvarandre, ikkje berre i sosiale medium, men også frå nokre av dei største talarstolane i landet, er ikkje så ulik den tonen vi høyrer fleire stader gjennom filmens fiktive Amerika. Tendensen til å sjå på politiske motstandarar og andre ein ikkje likar, som noko mindre enn heile og ekte menneske, har levd lenge i amerikansk offentlegheit.

Det er ting med Civil War som kan gje grunn til angst, også i vår eiga verd

Meisteren i faget er Donald Trump, som slenger ut av seg alle slags karakteristikkar av enkeltpersonar og folkegrupper. Han har nesten på eiga hand sørga for at ein tredel av amerikanarar ikkje trur på at Joe Biden er rett valt president.

Han er derimot langt frå den einaste, ei heller den første i den amerikanske allmenta som har nytta løgn og ukvemsord for å oppnå sine mål. Amerikanarar har gjennom fleire år mista trua på kvarandre, og frå dit til å miste trua på det felles prosjektet som Amerika er, kan ein frykte at vegen er urovekkande kort.

Om ein ikkje kan sjå korleis det amerikanske folket i filmen kan komme saman att, er det heller ikkje alltid like lett å svare på korleis det ekte Amerika og amerikanarane skal kunne komme tilbake frå den splittinga, mistrua og mangelen på tillit dei lever med.

Kven er dei slemme?

Fordi vi veit så lite om bakgrunnen for den store konflikten i filmen, og så sjeldan veit kva side soldatane vi ser faktisk er på, tvinger ikkje filmen oss heller til å ta side.

Båe sider utfører krigsbrot, ved så vel bombeangrep mot eigne borgarar som avretting av krigsfangar. Det betyr også at vi må ta inn over oss vondskapen, utan å kunne avskrive den som noko berre «dei slemme» gjer: Vi veit ikkje kven som er dei slemme.

I den grad filmen ber oss felle ein dom, er det kanskje over hovudpersonane: Dei nøytrale krigsjournalistane, som trass i at dei alle er amerikanarar, i forstyrrande liten grad samtalar mellom seg om bakgrunnen for krigen. Som oppsøkjer kamphandlingar med ein intensitet og dyster entusiasme som, i alle fall innimellom, må kunne seiast å gå lenger enn eit reint ønske om å gjere jobben sin godt.

Skal vi ta filmen heilt bokstaveleg, er den slik ei åtvaring mot likesæle i møte med dei politiske strøymingane i samtida vår.

«Det er ikkje vår jobb å ta stilling», seier hovudpersonen, den kyniske krigsfotografen Lee, til den unge fotografspira ho motvillig har gått med på å ta med i bilen mot hovudstaden. «Vi skal dokumentere slik at andre kan sjå.»

Spørsmålet til sjåaren blir: Kva gjer vi med det vi ser?

Les mer om mer disse temaene:

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar