Kommentar

Vi må ikkje le av Kaur, men ta ho på alvor

Haldningane til den nye leiaren i Raud Ungdom er farlege og mange ler av henne. Latter er ein dårleg strategi i møte med ytterleggåande og ekstreme haldningar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dei siste døgna har Amrit Kaur, den nye leiaren i Raud Ungdom, tatt mykje av oksygenet i det politiske rommet i Norge. Ho har mellom anna gjesta Politisk Kvarter og Dagsnytt 18 på NRK med utsegner, haldningar og politiske standpunkt som har vekkja oppsikt: Hamas er ingen terrororganisasjon, Lenin er gode greier, Ukraina må ikkje få våpen mot Russland og døra står på gløtt for væpna revolusjon i Norge.

Mange i den politiske klassen har reagert ved å le av den ferske ungdomspolitikaren, fordi det ho står for er så outrert og ytterleggåande. Latter er ein dårleg strategi i møte med ytterleggåande og ekstreme haldningar. Det viser mi eiga historie og erfaring med ytterleggåande haldningar. Det viser også forsking på ekstremisme.

Langt unna Raudt sin suksessoppskrift

I årevis har Bjørnar Moxnes, Mímir Kristjánsson, Marie Sneve Martiniussen, Sofie Marhaug og ei rekke andre Raudt-profilar prøvd å byggje folkeparti. Nissen på lasset har heile vegen vore den belasta ideologiske historia til norske kommunistar. Resultata viser at dei i stor grad har klart å kvitte seg med dei gamle spøkelsa: Ei imponerande stortingsgruppe som klarar å vere ei definerande kraft for den politiske dagsorden i Norge. I sak etter sak har dei flytta tyngdepunktet i norsk politikk mot venstre – akkurat slik Frp tidlegare gjorde det mot høgre.

Yngre veljarar i Norge har større tendens til å kunne stemme på politikarar med anti-demokratiske haldningar. Forskingsfunna er urovekkande.

Lite visste dei at heile prosjektet skulle bli sabotert frå innsida, av ein liten gjeng i ungdomspartiet med sans for Lenin, studiesirklar og ei reinare form for kommunisme.

Ut av det blå kom nedsmeltinga i ungdomsorganisasjonen Raud Ungdom. Det hadde lenge vore ein ulmande konflikt mellom dåverande leiar Liv Müller Smith-Sivertsen og ein gjeng partimedlemer som ville blankpusse hammer og sigd-imaget. Smith-Sivertsen skulda opprørarane for kuppforsøk, og for å drive ei ytterleggåande samansverjing. Det enda med at ungdomspartiet fekk ein del av urokråkene ekskludert. Ei av dei var Amrit Kaur, som på helgas landsmøte tilsynelatande hemna seg på Smith Sivertsen og den sittande leiinga ved å gjere reint bord og ta full kontroll over ungdomspartiet. Landsmøtet gav klar siger til Kaurs nyorientering.

På eit vis var eg i det same mørke, ideologiske kaninholet som Kaur tydelegvis har falle ned i

Utreinsking i sovjetkommunistisk ånd

Det er utreinskingar i god sovjetkommunistisk ånd. Det er eit stykke til det meir pragmatiske venstresidepartiet Moxnes, Kristjánsson, Martiniussen og Marhaug har prøvd å byggje. Dei vaksne har snakka mindre om Lenin og meir om tannhelsereform.

I moderpartiet er fleire sjølvsagt djupt fortvilte over utviklinga. Der har leiinga i fleire år rekna ungdomspartiet som svakt og sårbart for den type omveltingar som skjedde på helgas landsmøte. Til samanlikning med andre parti i norsk politikk, har Raud Ungdom dei siste åra hatt relativt lite påverknad på Raudts politiske profil.

Der store og ressurssterke ungdomsparti som AUF, Unge Høgre og FpU har vore «too big to fail», vart det tydeleg at til dømes koronapandemien tok mykje av piffen ut av Raud Ungdoms allereie sårbare organisasjon. Det same skjedde med ei rekke av dei andre ungdomsorganisasjonane i Norge.

For moderpartiet Raudt er maktskiftet i Raud Ungdom ei hovudpine dei har få middel til å løyse. For oss andre er spørsmålet korleis vi møter ekstreme og ytterleggåande haldningar i den offentlege debatten.

Kaur må få demokratisk kompetanse

Sjølv var eg ekstrem i ungdomsåra, på ein heilt annan måte enn Kaur. Det er likevel likskapar mellom mi eiga reise inn og ut av kristenkonservatismen, og Kaurs openberre romantisering av dei blodige rørslene som har gått under fanene med hammar og sigd på. På eit vis var eg i det same mørke, ideologiske kaninholet som Kaur tydelegvis har falle ned i. Det som hjelpte meg, var at folk tok haldningane og meiningane mine på alvor. At eg måtte bryne meg på ein offentleg debatt, og at eg ikkje vart kansellert.

Det er også noko av det som går att i den ferske utgreiinga frå regjeringas ekstremismekommisjon, som peika på behovet for å inkludere menneske med avvikande politisk syn i dei normale arenaene. Slik gjev ein dei høgare demokratisk kompetanse.

Å ekskludere er den mest kontraproduktive måten å møte ytterleggåande haldningar. Det gir næring til propaganda, desinformasjon og meir radikalisering.

Det fekk eg. Det bør Kaur også få.

Ein av dei som denne veka gjorde eit heltemodig forsøk på å ta Kaurs haldningar på alvor, var FpU-leiar Simen Velle i Dagsnytt 18. Han stilte til debatt mot Kaur og utfordra henne på konkrete spørsmål: Synet på marknadsøkonomien, væpna revolusjon og konflikten i Midtausten. Velle har trådd fram i offentlegheita den siste tida som ein kontroversiell figur, men akkurat i denne debatten var han å rekne som ein statsmann.

I Norge har vi berre vage historiske erfaringar med ei ytterleggåande venstreside som på ekte er farleg for storsamfunnet. Det betyr ikkje at vi er skåna for at folk med ekstreme meiningar kan bli ein større trugsel enn dei er i dag. PST har peika på at krigen i Midtausten kan radikalisere folk som i utgangspunktet ikkje støttar valdsbruk for å oppnå politiske mål.

Motargument og kritiske spørsmål

Demokratikonferansen 2024 ved Universitet i Oslo, vart det torsdag presentert ferske funn om yngre veljarar i Norge har større tendens til å kunne stemme på politikarar med antidemokratiske haldningar. For dei vaksne veljargruppene har autoritære haldningar vore ei sikker oppskrift på å tape val her til lands. Forskingsfunna, presentert av førsteamanuensis Siriann Dahlum, er urovekkjande.

Det norske demokratiet er solid, men undersøkinga frå insituttet Varieties of Democracy viser at det er sårbart for sosialt press. Dersom folk vi kjenner seier dei skal stemme på autoritære leiarar, har vi lett for å følgje etter. Vegen til det autoritære Norge går gjennom kva naboen seier, eller kva venene våre likar på Facebook eller Instagram.

Raud Ungdom-leiar Amrit Kaur er ein tydeleg representant for ungdom med mindre motstandsevne mot det autoritære. Det er derfor avgjerande at den ferske ungdomspartileiaren blir møtt med motargument og kritiske spørsmål i den offentlege debatten. Vi må ikkje tenkje at meiningane hennar er så ekstreme og outrerte at dei må gøymast bort eller at vi berre kan le av dei. Å ekskludere er den mest kontraproduktive måten å møte ytterleggåande haldningar. Det gir næring til propaganda, desinformasjon og meir radikalisering.

Den tabben må vi ikkje gjere.




Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar