Kommentar

Den naudsynte opprustinga er økonomisk risikosport

Opprustinga av Forsvaret må ikkje bli ei historie om pengar sløst vekk. Det ansvaret må Stortinget ta.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er mykje som står på spel. Russland kan vere i ferd med å tvinge Ukraina i kne. Dersom Vladimir Putin kan hevde at han kom sigrande ut av invasjonen av Ukraina i 2022, kan andre land stå på lista. Dette skjer samstundes som at USA frå hausten av kan få ein president, Donald Trump, som har sådd tvil om han vil komme allierte til unnsetning i ein krisesituasjon.

Med andre ord: Europeiske land må vere førebudde på å klare seg aleine. Opprustinga må skje raskt, og derfor vil regjeringa bruke svimlande 600 milliardar kroner fram til 2036 på å styrke Forsvaret av Norge.

Det er brei semje om at Forsvaret ikkje er rusta opp mot dagens trugsmål. Når langtidsplanen nå skal forhandles på Stortinget, vil det komme nye krav på bordet. Men det er fleire grunnar til at nye, større investeringar ikkje bør avgjerast på seine kveldstimar i eit forhandlingsrom.

Dagens fregattar manglar folk

Takka vere oljefondet er det ikkje knapt med milliardar til disposisjon for norske politikarar, i alle høve om ein samanliknar seg med andre land. Det som vi derimot har mangel på i Norge, er folk.

Opprustinga vil krevje 4600 fleire tilsette. Kor desse skal komme frå, står ikkje svara på i langtidsplanen og befalsorganisasjonane er uroa.

Går du om bord i eit norskeigd skip i utanriksfart, vil dei færraste sjøfolk snakke norsk. Slik har det vore i mange tiår. Utan utanlandske sjøfolk, mange frå Fillipinane, kunne ikkje Norge hatt den handelsflåten me har i dag.

Med vår lange kystline er det naturleg at marinen står høgst på prioriteringslista. Fem fregattar på lista. Det er lett å seie at vår felles tryggleik er den aller viktigaste oppgåva. Men me er trass alt i fredstid, og dei tilsette må lokkast til å bere uniform.

Den verste tida å kjøpe ei vare, er når mange andre vil kjøpe den same vara.

Å hente sjøfolk frå utlandet til å bemanne opp norske militære fartøy, er ikkje eit alternativ. I dag er også fartøy stappfulle av teknologi. Høgt kvalifisert forsvarspersonell med militær utdanning er attraktive også for ein teknologisektor som sjølv slit med å finne folk.

No-situasjonen gir ikkje akkurat grunn til optimisme: Fregattar ligg til kai på grunn av mannskapsmangel. Og våre nye F-35 fungerer ikkje som tenkt fordi det manglar tilsette som kan halde dei i gang.

Skulle krigen komme, vil den ikkje vente på ei utgreiing

Den russiske aggresjonen og utsiktene til ein Trump-siger i USA, gjer at me har dårleg tid.

Men store offentlege anskaffingar tek ofte tid. Grundige utgreiingar og risikovurderingar kan ta årevis, men er naudsynte for å unngå korrupsjon og feilkjøp. Litt for ofte er ikkje utgreiingane gode nok.

I 2001 vart det til dømes inngått kontrakt for kjøp av 14 NH90-helikopter til kystvakt og fregattar. Men helikoptrene vart sterkt forseinka, vart aldri pålitelege og hadde store behov for vedlikehald.

Over 20 år seinare vart kontrakten bestemt heva. – Det er eit helikopter som aldri har levert, sa forsvarssjef Eirik Kristoffersen til Forsvarets forum.

Riksrevisjon var knallhard i sin kritikk: «Riksrevisjonens undersøkelse har avdekket vesentlige mangler ved anskaffelsesprosessen. I tillegg til kraftige forsinkelser fra leverandøren synes ikke Forsvarsdepartementet/Forsvaret å ha hatt en fullverdig plan for anskaffelsesprosessen».

No opnar regjeringa for enda færre utgreiingar.

“Før tidkrevende utredninger setjast i gang, skal det vurderast om det er behov og grunnlag for å gjere forenklingar og tilpasninger i fremskaffelsesprosessene,” heiter det i langtidsplanen.

Me har sjølvsagt ikkje noko val. Skulle krigen komme, vil den ikkje vente på ei norsk utgreiing. Men det set berre enda høgare krav til politikarane som skal ta ansvar for at risikoen for feilinvesteringar vert høgare i tida framover.

Alle skal ruste opp samtidig

Den verste tida å kjøpe ei vare, er når mange andre vil kjøpe den same vara. Skulle ein følgt lova om tilbod og etterspurnad, burde ein rusta opp når utsiktene til varig fred var størst.

Slik er det sjølvsagt ikkje. I dag er større innkjøp prega av kraftig kostnadsauke og lange leveringstider. Det vil truleg vere situasjon i minst tolv år framover.

Ukraina skrik etter meir ammunisjon og kapasiteten til leverandørane må opp. Nye produksjonslinjer må byggjast, noko som gjerne krev garantiar om framtidige leveringar.

Krigføringa i Ukraina vert studert svært nøye av militære ekspertar. Kva for våpensystemer vi bør kjøpe, er det andre som må svare på. Men det som er klart er at ekspertane heller ikkje er samstemte om kva som bør prioriterast. Spørsmålet om stridsvogna si plass i det framtidige Forsvaret, splitter ekspertane.

Hausten 2022 anbefalte forsvarssjef Eirik Kristoffersen at Norge droppa kjøp av stridsvogner til nesten 20 milliardar kroner. Han ville heller prioritere lettare våpensystem. Regjeringa valde å gå vidare med stridsvognkjøpet. I den store opptrappingsplanen er det rom for begge deler og hæren skal gå frå éin til fire brigadar.

Dagens kjøp kan bli avleggs om kort tid

Det tar tiår å skaffe nye våpensystemer. Før levering kan milliardkjøp bli avleggs, som Forsvaret først tenkte den nye Skjold-klasse MTB-ane til å vere. I dag er dei oppgradert som kystkorvettar.

Både Russland og Ukraina har utvikla nye dronar til å kamp i Ukraina. Kor denne utviklinga vil ende, veit ingen. Korleis forsvarer ein seg mot ein armada av ubemanna dronar til sjøs? Svaret er ganske sikkert annleis enn dersom fienden sender ein tradisjonell flåte med bemanna skip.

Forsvaret av Norge vert ikkje styrkja av at politikarane kjøper forsvarsmateriell som er utdatert før levering.

Dei neste månadane skal Stortinget ta stilling til langtidsplanen. Regjeringa vil få fleirtal, men mest truleg først etter at enda fleire midlar vert lagt på bordet. Deretter startar den harde prioriteringskampen i kvart statsbudsjett.

Regjeringa bør lytte til befalsorganisasjonane når dei ber om ein tydelegare plan for å skaffe nok folk til Forsvaret. Den planen kan ikkje berre handle om løn, heller ikkje fagrørsla trur Forsvaret kan konkurrere med teknologiselskapa om dei høgaste lønningane. Den bør også handle om korleis Forsvaret kan bli ein varig, attraktiv arbeidsplass som også kan rekruttere folk frå bransjar med høgare lønsnivå.

Regjeringa har også ein viktig jobb å gjere for å sikre at heilt naudsynt kvalitetssikring går raskare enn i dag. Forsvaret av Norge vert ikkje styrkja av at politikarane kjøper forsvarsmateriell som er utdatert før levering.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar