Kommentar

Les bøker, ikkje driv kulturkrig

Direktøren ved Nasjonalmuseets kommentar var kanskje dum, men den moralske indignasjonen og raseriet er endå dummare. Kulturkrig er mest av alt intellektuell latskap.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Korleis vi reagerer på ting, er eit val. Vi kan sjølv velje om vi vil reagere på utsegn vi er usamde i med raseri eller nysgjerrigheit.

Søndag vart det eit tidleg sankthansbål i sosiale medier då samlingsdirektør ved Nasjonalmuseet, Stina Högkvist, uttalte til Aftenposten at Christian Krohgs ikoniske måleri Leiv Eiriksson oppdager Amerika skulle plasserast i museumskjellaren. Det som verkeleg fekk kulturkrigarane ut av hiet var at Högkvist kom i skade for å kalle verket «kolonialistisk» og «ei romantisering av nordmenn som dro til Amerika».

Meir impulskontroll

Utsegna var sjølvsagt provoserande, og passa rett inn i ramma av kulturkrig og identitetspolitikk. Endå ein triggerhappy svenske med identitetspolitisk overtenning, tenkte mange.

Nesten alle dansa villig rundt bålet som vart starta av den sleivete og lite gjennomtenkte kommentaren frå samlingsdirektør Högkvist. Få timar seinare la ho seg også paddeflat i eit nytt intervju.

Sjøv om Leiv Eiriksson ikkje dreiv med kolonialisme, er ikkje historia om dei norrøne oppdagarane heilt utan problematiske sider. Kanskje er det her argumentasjonen frå Högkvist har rot i verkelegheita.

—  Emil André Erstad, kommentator

Internett hadde allereie tatt fyr. Det mangla ikkje på besserwissarar som skulle fortelje svensken Högkvist at det på ingen måte var noko kolonialistisk ved Leiv Eirikssons reise til Amerika. Alle spor av nyansar var borte. Endå fleire valde å dele biletet av vikingane på veg mot Vinland på Facebook og Twitter. Mange av dei var maktpersonar som vanlegvis ikkje meiner politikarar skal blande seg i utøvinga av den frie kunsten. Som kulturredaktør Jens Kihl skreiv i Bergens Tidende måndag, er vi «heilt avhengige av at kunstmusea får styre seg sjølve – også dei dagane ein direktør plumpar uti med ein dum kommentar».

Den kraftfulle og unisone fordømminga kan ha ein ganske kjip effekt på kunstfeltet.

Altfor ofte lar vi impulskontrollen i sosiale medier avspasere. Den bør få jobbe meir.

Vi kan framleis tolke i beste meining

For kva om vi ikkje hadde reagert med raseri eller moralsk indignasjon på Högkvists kommentar? Kva om vi hadde brukt høvet til å diskutere kva Högkvist kunne ha meint, kva nyansar vi ikkje såg? Å tolke folk i beste meining er framleis ein fin ting.

Sjølv las eg nyleg den glitrande sakprosaboka Eirik Raude av religionshistorikaren Øystein Morten. Det forfattaren skriv om der, er bakteppet for det Krohg festa til lerretet i 1893, då målaren laga sitt kjende verk av sonen til Eirik Raude, Leiv. Morten følgjer sagaforteljingane om Raude og sonen på ein nyskapande og opplysande måte.

Det er lite kolonialisme å spore i forteljinga om både Raude og Eiriksson. Dei reiste frå Island for å lage eit norrønt samfunn på Grønland, der det tidvis budde andre folkeslag. Likevel busette dei seg i eit område der det på grunn av klimaendringar ikkje var andre nett då, på øyas sørlege vestkyst. Forteljinga om Eirik Raude og sonen Leiv er meir ei forteljing om ære, maktkamp og kamp for levebrød enn ei forteljing om herskarsjuke, imperialisme og kolonialisme. Dei svake skuggane av dette samfunnet ser vi att i Tore Kvævens meisterverk Når landet mørknar.

Nøyaktig kva som fekk dei til å reise vidare frå Grønland til Vinland (Amerika) – som det er lite vitskapleg usemje om at dei gjorde – er uklart. Sagaene fortel om skip som kom ut av kurs i dårleg vêr, og som derfor viste fram fruktbare område lenger vest.

Brukte Eiriksson til å markere avstand

Seinare er det blitt tydeleg at dei òg må ha komme i kontakt med andre folkeslag i Amerika, og sagaforteljinga viser at den kontakten først var fredeleg, før det vart konflikt. Det var sannsynlegvis den konflikten som førte dei attende til Grønland. Noko kolonialisering vart det aldri snakk om.

Sjølv om Leiv Eiriksson ikkje dreiv med kolonialisme, er ikkje historia om dei norrøne oppdagarane heilt utan problematiske sider. Kanskje er det her argumentasjonen frå Högkvist har rot i verkelegheita.

Eirikssons «oppdaging» vart seinare utnytta av høgreekstreme i USA, som meinte det passa betre med ein kvit oppdagar enn ein søreuropeisk. Den delen av historia er ikkje særleg pen.

—  Emil André Erstad, kommentator

Leiv Eiriksson vart spesielt viktig for den norske sjølvforståinga då nasjonalromantikken blomstra på 1800-talet. Førestillinga om at Eiriksson «oppdaga» Amerika – som det står i Kroghs tittel – kan utan tvil diskuterast. Sjølv om han kom fleire hundre år før Columbus, så var det allereie fleire andre folkeslag i Amerika. Men for europearane var Eirikssons ferd ei oppdaging av landet langt der vest. Norskamerikanarane bygga på slutten av 1800-talet ein heil minnekultur rundt Leiv Eirikssons vinlandsferd. Det var ein måte for protestantane frå Skandinavia å markere distanse til den katolske oppdagaren Columbus.

Nyansane som forsvinn

Det var derfor òg på Chicago-utstillinga i 1893 biletet først vart utstilt, og deretter tatt i eige av Leif Erikson Memorial Association, før det vart gitt til Nasjonalmuseet i gåve i 1900.

Øystein Morten skriv fyldig i boka si at Eirikssons «oppdaging» seinare vart utnytta av høgreekstreme i USA, som meinte det passa betre med ein kvit oppdagar enn ein søreuropeisk. Den delen av historia er ikkje særleg pen.

Når det blir full fyr i kulturkrigsbålet, slik det vart på søndag, er det vanskeleg å diskutere slike nyansar.

Det hjelper å trekke pusten og telje til ti. Då kan det hende vi blir klokare.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar